Hopp til innhold

- Dette har gjort stort inntrykk

- Eg kjenner mange av desse ungdomane, seier Trondheimsordførar Rita Ottervik (Ap). No er ho med og planlegg korleis AUF-arane frå Trøndelag blir mottekne laurdag kveld.

Pressekonferanse med Rita Ottervik

PRESSEKONFERANSE: Helge Garåsen og Rita Ottervik sit i kriseleiinga til Trondheim kommune. Laurdag formiddag heldt dei pressekonferanse.

Foto: Torjus Kleiven Kandal / NRK

- Dette er heilt forferdeleg, sa Ottervik under ein pressekonferanse i Trondheim laurdag formiddag.

Etter bombeeksplosjonen ved regjeringskvartalet i Oslo, og skytinga på Utøya fredag, er det sett i gong krisetiltak i Trondheim.

Kjem heim med buss

I løpet av formiddagen laurdag blir dei trønderske deltakarane frå Utøya sende heim med buss .

- Dei fleste blir med der, men det veit me meir om når bussen startar, seier Ottervik.

I Trondheim skal dei ta i mot alle frå Trøndelag. Dermed blir pårørandesenteret som vart etablert fredag kveld i drift utover helga.

- Tok høgde for det verste

- Me fekk i gong planane allereie ein og ein halv time etter eksplosjonen i går, seier Helge Garåsen. Han er kommunaldirektør for helse og velferd i Trondheim kommune.

Garåsen seier dei ikkje visste kor stor denne hendinga vart, men at dei tok høgde for det verste.

- Situasjonen har eskalert veldig utover natta, så eg er glad for at me tok høgde for det i går, seier Rita Ottervik.

Bussen med dei trønderske AUF-medlemane skulle etter planen starte frå Buskerud i 12-tida laurdag, avhengig av når politiet gir klarsignal.