Hopp til innhold

Yr: «mini sky-tornado» skal ha oppstått utanfor Troms

To kvinner på rotur skal ha observert vêrfenomenet.

Tornado utenfor Kvaløya

Eit vêrfenomen, beskrive som mini sky-tornado» oppstod i formiddag vest for Kvaløya, som ligg utanfor Tromsø. Fenomenet skal ha oppstått pga. nordaust solgangsbris, som møter sørvest bris.

Foto: Satelittbilder fra yr

– Vi har følgt med i heile dag, seier meteorolog-konsulent Trond Robertsen til NRK laurdag ettermiddag.

Yr melde laurdag om, det som såg ut som eit tornado-liknande fenomenet, som hadde danna seg i havet vest for Kvaløya, som ligg utanfor Tromsø.

Eit lokalt lågtrykk, kombinert med tåke og svak bris, skal stå bak vêrfenomenet.

Trond Robertsen

Trond Robertsen er vakthavande ved Meteorologisk institutt i Tromsø.

Foto: Håvard Larsen/met.no

Robertsen avviser likevel at det er snakk om ein tornado i den rette forstanden til ordet.

– I dette tilfellet er det snakk om veldig lite vind, så vi må snakke om ei tåkesky-kvervling. Ein tornado vil skape langt meir vind.

Fenomenet skal ha vore åtte kilometer vidt, og oppstått ca. 30 nautiske mil utanfor Kvaløya.

Kan ha sett ytterveggen av fenomenet.

Skal ha sett «tåkevegg»

Robertsen meiner fenomenet kunne vorte observert, om det var båtar i nærleiken, på følgjande vis:

– Det ville fått eit veldig lågt tåkedekke over seg, og plutseleg ville dei komme inn i midten, der er det skyfritt området ville oppstått, omkransa av ein grå vegg.

Så tåkefenomen

To kvinner på rotur i ei Nordlandsbåt, skal ha sett ei tåkevegg natt til laurdag.

Foto: Privat

Rita Glenne og Ine-Lill Hjelm Gabrielsen har rodd langs Noregskysten i i vekevis, og skal ha observert det som kanskje er ytterveggen av tåke-fenomenet på yttersida av Senja.

– I natt rodde me frå Gibostad på kvelden, og natt til laurdag, observerte eg på lang avstand ei spesiell tåke i overgangen Malangen og Straumsfjorden, seier Gabrielsen til NRK.

Kvinner i Nordlandsbåt

Rita Glenne (til venstre) og Ine-Lill Hjelm Gabrielsen (til høyre) skal ha sett ytterpunktet av vêrfenomenet natt til laurdag.

Foto: Fra Instagramkontoen: @baklengsmotnord

Ho meiner det kan ha vore snakk om havtåke:

– Men eg synest tåka «sveva» litt over vassflata. Den kom heller ikkje sigande vidare slike ho ofte gjer.

Kågtind II

Ein av Nergård Havfiskes trålarar har i fleire dagar tråla i området, der fenomenet oppstod laurdag formiddag.

Foto: Skjermdump Barentswatch.no

Fiskeskipper: – Har ikkje sett noko

Kågtind II

Trålaren Kågtind II har fiska i området, fenomenet skal ha oppstått, i fleire dagar.

Foto: Havfront

NRK har snakka med skipper på fiskebåten «Kågtind II», som har opphalde seg i området over fleire dagar.

Han stadfestar at det er overskya i området, men seier til NRK at dei ikkje har merka til noko unaturleg vêrfenomen.

– Eg kom på vakt, no for ikkje så lenge sidan, men har ikkje høyrt noko om at det skal ha vore noko som likna på ein tåkevegg i området, seier skipperen til NRK.