Hopp til innhold

Må spara 137 millionar kroner neste år: – Ei dritjulegåve til dei tilsette

Fagforbundet i Hammerfest reagerer kraftig etter at ordføraren i kommunen ikkje kan garantera at kommunetilsette beheld jobbane. Ordføraren seier dei aldri har gitt jobbgarantiar.

Christian Bergeton Klaussen, Fagforbundet Hammerfest

Christian Bergeton Klaussen, Fagforbundet Hammerfest, kallar fråsegna til ordføraren for ei dritjulegåve.

Foto: Allan Klo / NRK

Overforbruk og galopperande renteutgifter. Det er dei viktigaste grunnane til at Hammerfest kommune står framfor ein økonomisk hestekur.

Budsjettet for 2024 må kuttast med 137 millionar kroner.

På spørsmål frå NRK om kommunetilsette kan mista jobben, svarte ordførar Terje Rogde (H) slik:

– Me kan ikkje gi jobbgarantiar i den posisjonen kommunen er i no. Det er viktig å understreka at det er ei stor øving me skal gjennom, der målet er å omstilla tilsette internt i kommunen.

Hammerfest kommune, politisk toppledelse

Ordførar i Hammerfest, Terje Rogde (til venstre) kan ikkje garantera at kommunetilsette beheld jobben i omstillingsprosessen som ventar.

Foto: Allan Klo / NRK

Fagforbundet i byen har nesten 600 medlemmer som er kommunalt tilsette. Lokal forbundsleiar, Christian Bergeton Klaussen, reagerer kraftig på fråsegna frå ordføraren.

– Me må samla oss for å sjå kva me kan gjera. Dette var ei dritjulegåve til dei tilsette, seier han.

Klaussen seier at fråsegna frå ordføraren kom som ei stor overrasking.

– Under siste formannskapsmøte forsikra dei styrande partia om at ingen skulle mista jobben. Me må kartleggja kor mange det er snakk om. Me må også sjå på kva for nokre andre forslag som kan nyttast, seier Klaussen.

Avgjersle neste veke

Torsdag 14. desember skal dei folkevalde ta stilling til forslaget frå administrasjonen. Det går mot ein tung omstillingsprosess for kommunen.

Sjå korleis kommunen har tenkt å redde økonomien i faktaboksen nedst saka.

Dei har over fleire år har bygd opp ei gjeld på nesten 3,5 milliardar kroner.

75 stillingsheimlar skal bort.

Renteutgiftene har gått i taket. Det er hovudgrunnen til at Hammerfest har opparbeidd eit underskot på 137 millionar kroner.

I 2021 betalte kommunen 21 millionar kroner i renter. I 2022 var summen gått opp til 55 millionar kroner. I 2023 har Hammerfest betalt 119 millionar kroner i renter.

I 2024 vil renteutgiftene liggja på svimlande 141 millionar kroner, med eit rentenivå som i dag ligg på 5,3 prosent.

I tillegg har aukande bruk av vikarbyrå, spesielt innanfor helse- og omsorgssektoren, sendt utgiftene til vêrs. Dette er ein faktor som har ramma dei fleste kommunar i Noreg.

Hammerfest sentrum

Hammerfest kommune budsjettet sitt må kuttast med 137 millionar kroner.

Foto: Allan Klo / NRK

Vil ikkje kommentera om tilsette mistar jobben

Kommunedirektør Elisabeth Paulsen viser til saksdokumenta som politikarane skal ta stilling til under budsjettbehandlinga.

Eg ventarbehandlinga til kommunestyret når me får endeleg vedtak av budsjett og økonomiplan. Då vil me starta prosessane i forhold til iverksetjing, skriv ho i ein e-post til NRK.

Arbeidet med omstilling er allereie i gang. Det er naturleg å sjå budsjettvedtaket i samanheng med det arbeidet som er starta, understrekar Paulsen.

Vil ha kompetanseplan for kommunetilsette

SVs gruppeleiar i kommunestyret, Elisabeth Rønning, meiner omstillingsprosessen bør innehalda ein plan for auka kompetanse for dei tilsette.

– Me har bede administrasjonen om å utarbeida ein kompetanseplan som ein del av omstillingsprosessen. Slik kan me få ei oversikt som synleggjer korleis omskolering kan tilbydast tilsette for å dekkja ein del av det framtidige kompetansebehovet, seier Rønning.

Elisabeth Rønning, Hammerfest SV

Elisabeth Rønning, gruppeleiar i Hammerfest SV, meiner omstillingsprosessen bør innehalda ein plan for auka kompetanse for dei tilsette.

Foto: Allan Klo / NRK

Gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Berit Hågensen, seier at det er skremmande at ordførar signaliserer så sterkt at det vil bli oppseiingar av tilsette.

Ho meiner at gode prosessar med tillitsvalde til tilsette er vegen å gå.

– At kommunen må gjennom ei omstilling som følgje av overforbruk er me alle samde om, men å hoppa bukk over lov og avtaleverk er ikkje vegen å gå. Eg fryktar at ein slik fråsegn frå ordførar kan føra til at kommunen i verste fall mistar viktig kompetanse. Då vil folk sjå seg om etter andre stillingar i frykt for å bli ein av dei som må gå, seier Hågensen.

– Aldri gitt garantiar

Terje Rogde seier at fråsegna der Bergeton-Klaussen kallar det ei dritjulegåve, må dei stå for som representant for mindretalet.

– Me har aldri gått ut og gitt nokre garantiar for noko som helst. At dei tolkar mi fråsegn som at vi skal seie opp folk, så må dei stå for det. Det har eg ikkje sagt. Men at det blir omstillingar og eit nedtak i årsverket i kommunen, det varslar eg.

Påtroppende ordfører i Hammerfest Terje Rogde (H)

Ordførar i Hammerfest, Terje Rogde (H), varslar at det blir nedtak i årsverket og at det blir omstillingar i kommunen.

Foto: Allan Klo / NRK

Rogde seier at det er 180 ledige årsverk i kommunen og meiner det bør vera mogleg å omstilla 75 årsverk internt.

Dersom dei ikkje klarar å flytte folk internt eller om nokon har sagt nei, så må kommunedirektøren ha eit rom å jobba på.

Han meiner at kompetansen i kommunen er viktig

– Me har veldig høg og god kompetanse internt i kommunen. Det ønskjer me sjølvsagt å behalda.

Rogde er derimot klar i si sak:

– Det her er noko som mindretalet prøver å laga ei stor sak av.