Hopp til innhold

UD fører vidare folkeleg samarbeid: – Kan vere ein større trussel å kutte all kontakt med Russland

Forholdet til Russland blir stadig kaldare. Likevel vel UD å føre vidare folk-til-folk samarbeid i nord. Lokalt ønskjer mange å ta opp det nære folkelege samarbeidet.

Maria Alexeeva hylles av fotballjentene hun trener på J 13 i Kirkenes fotballklubb. Ariane A. Lundlie, Vårin Alnes og Mina-Flå Jørgensen.

Maria Alexeeva blir hylla av fotballjentene i Kirkenes fotballklubb etter at ho vart årets grasrottrenar. No er håpet at dei snart får spele fotball med russiske jentelag igjen.

Foto: Privat

Vi ser at regelverk og restriksjonar gjer samarbeidet mellom nordmenn og russarar vanskeleg. Men storpolitikken går utover menneska på begge sider av grensa, seier Maria Alexeeva.

Alexeeva bur i Sør-Varanger, og er trenar for eit jentelag i Kirkenes Fotballklubb. I tillegg har ho engasjert seg i eit fotballsamarbeid med lag frå nabobyen Murmansk.

Men krigen i Ukraina har ført til at Noreg sitt samarbeid med Russland er redusert til eit minimum, og alt idrettssamarbeid for barn og ungdom er stoppa opp.

Maria Alexeeva i Kirkenes

Fotballtrenar i Kirkenes, Maria Alexeeva seier det betyr mykje for barn og unge å få spele kampar mot laga over den russiske grensa.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Utanriksdepartementet har likevel bestemt at dei held ved like støtta til det folkelege samarbeidet mellom russarar og nordmenn i nord, som Barentssekretariatet i Kirkenes administrerer.

Maria Alexeeva håpar dette skal føre til at idrettssamarbeidet etter kvart kan takast opp igjen.

– Eg veit det betyr mykje for ungdommane i Murmansk og i Kirkenes at dei får møtast på fotballbanen.

Les også Bekymret for å skape økt splittelse mellom russere og nordmenn

Ordførerkandidat for Arbeiderpartiet i Sør-Varanger, Guro Brandshaug, mener vi hjelper Putins regime dersom vi kutter vennskapsbånd med vanlige russere.

Krevjande å samarbeide

Barentssekretariatet har normalt støtta fleire hundre norsk-russiske samarbeidsprosjekt kvart år. No er alt samarbeid med offisielle russiske aktørar som kommunar, fylke og statlege organisasjonar lagt på is.

Men det er ikkje berre vestlege sanksjonar og strengare visumreglar som stoppar samarbeidet.

Frå 1. desember innførte russiske styresmakter ei lov som gjer det straffbart «å vere under utanlandsk påverknad». Denne lova gjeld også for russarar i eksil.

- Risikabelt for den vanlige russer å vise protest mot invasjonen av Ukraina. Spesielt å se den russiske guvernøren støtte angrepet og Putin, sier Lars Georg Fordal, lederen av Barentssekretariatet.

Lars Georg Fordal leier i Barentssekretariatet, meiner det er viktig at vi ikkje kuttar all kontakt mot Russland, sjølv om vi ikkje støttar russisk politikk.

Foto: Frode N. Børfjord / NRK

Dagleg leiar Lars Georg Fordal innrømmer at samarbeid med russiske aktørar er svært krevjande no.

– Vi må heile tida vege samarbeid opp mot den risikoen vi utset folk for. All vår aktivitet i Russland er derfor stoppa.

Likevel har Barentssekretariatet halde 30 prosjekt gåande med kunstnarar og enkeltpersonar. Fordal meiner det er viktig å prøve å halde kanalane til frie kunstnarar og enkeltpersonar opne.

– Det kan vere ein større risiko å ikkje ha nokon kontaktpunkt med det store nabolandet vårt, sjølv om vi er fullstendig usamd i russisk politikk.

Fordal seier dei no utnyttar lærdom frå koronatida. Via digital kontakt har norske og russiske kunstnarar og journalistar hatt regelmessig kontakt.

– Her er det ofte snakk om folk som har kjent kvarandre i 10–15 år og er trygge på kvarandre og ønskjer å ha framleis kontakt.

Må utnytte smotthola som finst

Russiske Elena Merzliakova som bur i Alta meiner ein må utnytte alle smotthol som finst for at ikkje all kontakt mot Russland stoppar opp.

Ho er svært bekymra for utviklinga i heimlandet. No er ho usikker på korleis samarbeidet mellom russarar og nordmenn blir framover.

– Folk-til-folk samarbeidet i nord er viktig for enkeltmennesket og for regionen. Mange som kjenner folk i Russland veit at ikkje alle er hjernevaska, at dei har andre meiningar enn det som blir servert i aviser og på fjernsyn.

– Det er også viktig for russarar å vite at ikkje alle nordmenn er fiendtleg innstilte til dei.

Elena Merzliakova tenker på situasjonen i Russland hver dag. – Jeg har mistet hjemlandet mitt to ganger. Den første gangen var da Sovjetunionen ble oppløst, sier hun.

Russiske Elena Merzliakova seier kollegaer i Russland tek store sjansar for å få behalde kontakten med vestlege kollegaer.

Foto: Hanne Larsen / NRK

Held kontakten gåande med russiske kollegaer

Merzliakova jobbar i ein barnehage og tek lærarutdanning på universitetet ved UiT. Her har dei i mange år hatt eit nært og godt samarbeid med russiske kollegaar.

Dette samarbeidet har no stoppa, men Merzliakova og fleire kollegaar i Alta har klart å vidareføre noko fagleg samarbeid i privat regi.

– Eg veit at det ikkje er så lett, men ​​​det er viktig å halde gåande det vesle vi har av kontakt. Dette betyr også mykje for dei russiske kollegaene våre. Så sjølv om det kan vere farleg for dei, så fortset dei å halde kontakt.

Les også Russlands riksadvokat vil stenge norsk nettavis

Thomas Nilsen, redaktør i The Independent Barents Observer

Førebur festival med mange russiske aktørar

I Kirkenes er «Pikene på Broen» i gang med å lage festivalen Barents Spetakkel som blir arrangert i slutten av februar.

Dette er norske kunstnarar og produsentar som i mange år har hatt eit tett samarbeid med russiske kunstnarar. Det vil også prege festivalen i februar.

– Vi held fram samarbeidet vårt med russiske kunstnarar og uavhengige, frie stemmer i Russland så langt det lèt seg gjere, seier Astrid Fadnes, som er kommunikasjonsansvarleg for Pikene på Broen.

Astrid Fadnes, i Pikene på broen , Kirkenes

Astrid Fadnes er kommunikasjonsansvarleg for Pikene på Broen. Ho innrømmer at det er krevjande å samarbeide med russiske kunstnarar no.

Foto: Sam Sangster / Sam Sangster

Fadnes legg ikkje skjul på at det er krevjande å samarbeide med russiske kunstnarar no.

Samtidig meiner ho det er viktig å halde samarbeidet og kontakten gåande med uavhengige kunstnarar og enkeltpersonar i Russland.

– Det er desse menneska som forhåpentlegvis skal vere med å byggje opp eit meir demokratisk Russland igjen.

Gunhild Hoogensen Gjørv

Professor ved UiT Gunhild Hoogensen Gjørv, seier russiske lover no er så strenge at alle som ønskjer å samarbeide på tvers av grensa i aust, må tenkje over kva det inneber.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Må tenkje over kva ein gjer

Sjølv om UD no prøvar å halde nokre kanalar mot Russland opne, er journalistnettverket Barents Press blant dei som meiner dei ikkje klarer å halde kontakten med russiske journalistar på ein trygg og sikker måte.

Dei har derfor stoppa alt sitt samarbeidd med Russland.

Professor i tryggingsstudium ved UiT Gunhild Hoogensen Gjørv seier at alle som ønskjer å samarbeide på tvers av grensa i aust, må tenkje over kva det inneber.

– Etterretninga i Russland har oversikt over russarar som har hatt eit samarbeid med vestlege organisasjonar eller universitet. Så her må vi vere forsiktige slik at vi ikkje set enkeltpersonar i fare.

Les også Russisk-norske Ksenia: – Russland og det russiske folk er splittet

Ksenia Novikova, Kirkenes