Hopp til innhold

Tromsø-svømmar skal representere Norge under Paralympics

– Dette har vore eit stort mål sidan han starta for åtte år sidan, seier trenaren.

Adam Ismael Wenham trener med Olympiatoppen.

Adam Ismael Wenham frå Tromsø er den første med psykisk utviklingshemming som får stipend av Olympiatoppen. No er han klar for Paralympics.

I dag blei det kjent at Adam Ismael Wenham frå Tromsø Svømmeklubb er tatt ut til å delta i Paralympics i Rio de Janeiro.

Heilt overraskande var det ikkje, for attenåringen har levert solide tider det siste året. I mars fortalde NRK historia om den unge svømmaren som frå Tromsø, som er den første med psykisk utviklingshemming som får stipend av Olympiatoppen. Allereie da var det klart at målet var å kvalifisere seg til OL i Rio i sommar.

Ein av dei som har hjelpt den unge svømmaren fram, er trenar André Eide.

Eide meiner målet om Paralympics har vore motiverande for den 18 år gamle svømmaren:

– Det har gitt han ein fin kvardag, og vegen hit har vore veldig artig.

Håpar på medalje på 100 meter bryst

Trenaren rosar spesielt foreldra til Adam, som har vore gode støttespelarar i treninga mot toppnivå.

– Foreldra har vore ein god støttespelarar og dei er også veldig glade for at vi som klubb har følgt han. Foreldra har også følgt han i tykt og tynt. Faren hans er personleg assistent, og følgjer med han verda rundt i konkurransesamanheng, trening og treningsleirar. Dei to er eit godt par i lag, og det har vore ein tryggleik for Adam, fortel Eide.

– Kva har vore din rolle som trenar?

– Vi er eit godt team, og eg og faren pratar godt saman, seier Eide og legg til at det har vore stort fokus på systematisk og tilrettelagt trening for den unge svømmaren.

Trenaren fortel at samarbeidet og treninga med Adam har vore givande.

– Heilt klart. Ein må tenke på ein annan måte, for dette er ikkje ein A4-utøvar, og ein må ikkje ta ting for gitt. Eg blir både utfordra på det pedagogiske og det som har med teknikk å gjere.

Adam Ismael Wenham skal delta i tre ulike øvingar under Paralympics i Rio: 200 meter medley, 100 meter bryst og 200 meter fristil. Favorittøvinga er 100 meter bryst, fortel Eide:

– Vi har eit mål om at det skal bli finale. Om det blir det, vil tida vise, men han har levert gode tider i år, så vi har store forhåpningar om det.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark