Onsdag kom nasjonale oppfordringar om at mobiltelefonen må ut av klasseromma.
Dette gjeld både grunnskolen og vidaregåande skole. På barne- og ungdomsskulen skal mobiltelefonen heller ikkje brukast i friminutta.
På Sommerlyst skole i Tromsø har dei hatt ordninga med mobilfri skole i fem år.
Mange lærarar og elevar har positive erfaringar.
Ronja Håkerud saknar mobilen av og til.
Foto: Christian Kråkenes / NRK– Eg trur kanskje eg hadde vore meir usosial om vi hadde hatt telefonen her. I staden kan vi sitte rundt bordet og snakke saman om ting på skolen.
Det seier Sommerlyst-elev, Ronja Håkerud.
Ho saknar mobilen av og til.
– Men det går heilt fint.
- Visste du at NRK-programleiar og skjermkritikar Live Nelvik er blant dei som jublar over mobilfri skule?
- 15-åringen Elena er ikkje einig, og fryktar elevar blir einsame.
Delte meiningar om mobilforbod
Medelev Lovise Haugseth Moe seier det er fleire positive sider ved at skolen har mobilhotell.
– Da blir ein ikkje tatt bilde av om ein ikkje vil. Dei kunne skjedd om vi hadde telefonane på skolen, seier ho.
Lovise Haugseth Moe synest det er positive sider med mobilfri skole.
Foto: Christian Kråkenes / NRKTormod Jian Løhre er også positiv til mobilfri skole.
– Eg synest det er bra. Ein kan bli venner og kjent, det er lettare, seier han.
Men det er ikkje alle som er einige.
– Eg synest vi burde ha mobilane på skolen. Vi kjem til å bruke dei i arbeidslivet. Det hadde vore betre og fått lære korleis vi bruker dei, enn at dei skal bli fjerna, seier Håkon Wang Nøstvold.
Håkon Vang Østvold synest dei burde få ha mobil på skolen.
Foto: Christian Kråkenes / NRKHan får støtte frå Christoffer Molaug Winkler, fylkesleiar i Elevorganisasjonen i Troms.
– Ein veit ikkje korleis det vil påverke skolane. Eg er redd skoleleiarar og lærarar innfører mobilforbod utan å snakke med oss elevar. Det er ein risiko på at det blir mindre fokus på nettvit framover.
– Vi er mot eit nasjonalt forbod mot for skolar. Vi meiner det heller burde vere lokale reglement, seier han.
Fylkesleiar for Elevorganisasjonen i Troms, Christoffer Molaug Winkler
Foto: Simen Wingstad/NRK– Meir liv og røre
Rektor på Sommerlyst skole, Merethe Dalseth, seier det var skepsis blant elevane da dei først ville innføre mobilfri skole. Dei valde derfor å starte det som eit prøveprosjekt i eitt år.
– Sakte men sikkert opplevde vi at dette har gått seg til. Vi såg veldig fort at elevane også erfarte at dette var greitt. Vi vil ikkje tilbake til sånn det var, seier rektoren.
Etter fem år som mobilfri skole, vil ikkje rektor Merethe Dalseth tilbake til ein skolekvardag med mobiltelefonar.
Foto: Christian Kråkenes / NRKHo seier det har blitt meir liv og røre på skolen dei siste fem åra.
– Vi opplever at vi får meir kontakt med elevane, dei ser kvarandre i auga, pratar saman i pausane og gjer meir enn da dei sat på mobiltelefonane. Når undervisninga startar går det raskare for dei å falle til ro og bli klar til å starte undervisning, seier Dalseth.