Hopp til innhold

Hyllar kunnskapsministeren som vil ha mobilfri skule

Allereie over nyttår kan dei norske skulane bli mobilfrie. Skjermskeptikar Live Nelvik jublar.

Skjerm eller skjerme

SKEPTISK TIL SKJERM: Live Nelvik er kritisk til bruken av skjerm blant barn. Ho er glad for at kunnskapsministeren vil at skulane ska bli mobilfrie.

Foto: Skjermbilde frå serien «Lives oppdragelsesreise»

– Endeleg er det nokon som snakkar tydeleg og høgt om å få mobilen ut av skulen. Det synest eg me treng, seier NRK-programleiar og skjermkritikar Live Nelvik.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har sidan ho fekk den nye jobben markert seg ved å seia at ho vil ha nasjonale retningslinjer for mobilbruken i skulen.

Kari Nessa Nordtun tok over jobben til tidlegare kunnskapsminister Tonje Brenna i oktober.

Kari Nessa Nordtun tok over jobben til tidlegare kunnskapsminister Tonje Brenna i oktober.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Onsdag sa ho i Politisk kvarter at ho ikkje klarar å finna «gode argument for kvifor mobiltelefonen skal ha ein naturleg plass i skulekvardagen».

Fredag fortalte ho at hadde bestilt det som skal bli «ei tydeleg anbefaling» til skulane om å vera mobilfrie.

Utdanningsdirektoratet har fått i oppgåve å utarbeida anbefalinga. Dagbladet skreiv først om dette.

Den ferske kunnskapsministeren peikar på at mobilen påverkar dei faglege resultata negativt og fører til utanforskap og mobbing.

– Målet er at me får bukt med dette og ser på restriksjonar knytt til mobilbruken i skulekvardagen, seier ho.

Skal koma raskt på plass

Mobilnekt i skulen har vore eit omdiskutert tema og ein debatt som har gått føre seg i over ti år.

I Noreg er det opp til kvar einskild kommune å regulera mobilbruken. I dei fleste tilfelle er det likevel skulane sjølve som bestemmer dette.

Tidlegare kunnskapsminister Tonje Brenna har sagt at ho vil la skulane få bestemma sjølve.

Mobilhotell på Giske ungdomsskole

Fleire skular har allereie i dag praksis om å vera mobilfrie. Her er eit såkalla «mobilhotell» på Giske ungdomsskole.

Foto: Lise Marit Kalstad / NRK

Men no vil altså den rykande ferske kunnskapsministeren gje ei nasjonal rettesnor til skulane om at mobilen skal ut.

I førsteomgang er det ikkje snakk om eit forbod. Det vil ta for lang tid å få på plass. Å gje ei tydeleg anbefaling kan gjerast langt raskare, seier Nordtun.

– Inntil to til tre månadar er målet, seier ho.

Dårlege prestasjonar på skulen

Det er forska mykje på mobilbruk i skulen. Blant anna av FN.

I rapporten som kom i sommar, er det blant anna dokument at omfattande bruk av smarttelefonar reduserer evnen til å læra, og at mykje skjermtid påverkar den følelsesmessige stabilitetet til born negativt.

Kunnskapsministeren peiker også på at mange skular allereie har innført ulike former for mobilrestriksjonar, og at dei har positive opplevingar med det.

NRKs undersøking frå 2019 viste at fire av fem skular har mobilforbod.

– Fordelane ved at mobilen ikkje er der, er jo at me gir borna liva sine tilbake, seier Nelvik.

– Det tristaste eg ser er niåringar på veg til skulen med nasen ned i ein mobiltelefon, legg ho til.

«Sommer i P2» via ho til å snakka om skjerm, og i serien «Lives oppdragelsesreise» ser ho på korleis skjermen har fått fotfeste i liva våre.

– Det er skremmande å tenkja på at folka som utviklar mobiltelefonane våre ikkje lar borna sine koma i nærleiken av telefonar, seier ho.

Førebudd på blanda mottakingar

Kari Nessa Nordtun seier at ho har allereie har fått gode tilbakemeldingar frå lærarar og foreldre.

Samstundes er ho førebudd på at mottakingane frå elevane vil vera blanda.

Les også Elena (15) reagerer på strenge mobilregler på skolen

Elena Blix, leder Andøy ungdomsråd

– Er det ikkje viktig at elevane tileignar seg digital kompetanse som mobiltelefonen kan gje?

Det er viktig, og det er mange måtar å gjera det på. No er det først og fremst viktig at me sikrar at norske elevar faktisk får prestasjonane sine opp, og at mobbinga går ned.

Då er nettopp mobilbruk ein av fleire verkemiddel for å sikra dette.

NRK har vore i kontakt med Utdanningsforbundet som ikkje har høve til å kommentera saka i dag.

AKTUELT NÅ