Hopp til innhold

Ny nasjonal anbefaling: No skal mobilane ut av klasserommet

Verken elevar i grunnskule eller vidaregåande skule får ha mobil i klasserommet. Elevane på barne- og ungdomsskule får heller ikkje bruka mobilen i friminutta.

Mobilfritt klasserom

SKAL VEKK: No skal mobiltelefonen ut av klasseromma over heile Noreg. For elevane ved Amalie Skram vgs. blir det ei omstilling.

Foto: Hedda Martine Hall Westby / NRK

Les også Si din mening: Er det riktig å fjerne mobilen fra klasserommet?

Illustrasjon mobil fra NTB

I dag kom Utdanningsdirektoratet og regjeringa med ei anbefaling kring mobilbruken i skulen. Anbefalinga gjeld heile landet.

Mobiltelefonen skal ut av klasseromma både på barneskulen, ungdomsskulen og på vidaregåande skule.

Mobilen skal heller ikkje brukast i friminutta på barne- og ungdomsskulen.

– Håplaust

Ved Amalie Skram vgs. i Bergen må elevane bruka mobiltelefonen for å i det heile koma seg inn på skulen.

For dei blir det ein ny kvardag med mobilfrie klasserom.

Mobilfritt klasserom

Kvardagen for Elise Aas, Berentine Lerøy Mohn og Kamilla Tysnes Strøm blir annleis no når mobilen skal ut av klasserommet.

Foto: Hedda Martine Hall Westby / NRK

– Det er ganske håplaust å ha den innstillinga til dagens elevar, når mykje av vår skulekvardag belagar seg på at me har mobiltelefonen på oss, meiner Elise Aas.

– Me nyttar mobilen ofte i undervisninga, legg Berentine Lerøy Mohn til.

– Eg trur ikkje undervisninga hadde føregått på same måte utan telefon, seier Kamilla Tysnes Strøm.

Dei innrømmer likevel at mobilen ofte distraherande, og at mobilfrie klasserom kan føra til at dei følgjer betre med.

Mobilfritt klasserom

Elevane ved Amalie Skram vgs. innrømmer at telefonen kan vera distraherande.

Foto: Hedda Martine Hall Westby / NRK

– Men på vidaregåande har me mykje ansvar for eiga læring, så vel ein å sitja med telefonen, er jo det eit val eleven tar, seier Elise Aas.

Lærar Elisabeth Engum er for å ha mobil i klasserommet om han blir brukt fagleg. Ho meiner det er ei ulempe om ikkje mobilen kan brukast som fagleg verktøy.

– Og på eitt eller anna tidspunkt må ein læra seg å handtera at mobilen er i nærleiken samstundes som dei jobbar fag, seier ho.

Kva meiner du om mobilbruk i skulen?

Kritisk til mobilforbod

Elevorganisasjonen er kritisk til anbefalinga frå regjeringa.

Leiar Petter Andreas Lona meiner at skulane har eit ansvar for å læra opp elevane i trygg og produktiv mobilbruk.

Petter Lona, leder i Elevorganisasjonen

Petter Lona, leder i Elevorganisasjonen.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

– Samfunnsproblemet med mobilen er jo at elevane skrollar på TikTok til klokka tre på natta. Eit mobilforbod kjem ikkje til å løysa dei problema, seier han.

Elevorganisasjonen meiner at skulen fråskriv seg eit viktig danningsoppdrag med å innføra mobilforbod.

– Mobilen er ein viktig del av kvardagen elles i samfunnet. Ved at skulen då seier at ein ikkje skal røra mobilen i det heile tatt, så får ikkje skulen ein sjanse til å læra elevane å bruke mobilen på ein trygg måte, seier Lona.

– Ei lettvint løysing

Også Venstre-leiar Guri Melby er kritisk.

Venstre-leiar Guri Melby.

Venstre-leiar Guri Melby.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Eg meiner statsråden leverer ei lettvint løysing på det som er ganske komplekse utfordringar i skulen. Dette løyser verken svakare leseferdigheiter eller mobbeproblemet i skulen, og det umyndiggjer lærarar og elevar, seier ho til NRK.

Melby peiker på at fire av fem skular i dag allereie har ei eller anna form for restriksjonar mot mobilbruk.

– Eg trur at dette forslaget slår inn opne dører, seier ho.

Les også Hyllar kunnskapsministeren som vil ha mobilfri skule

Skjerm eller skjerme

KrF vil ha nasjonalt forbod

Eirik Jåtten er Høgre-politikar og rektor ved Vardheia ungdomsskule i Time i Rogaland. Der får ikkje elevane bruka mobil i klasserommet, men får bruka han i friminuttane.

– Er det ein plass unge skal læra å handtera ein digital kvardag, så er det på skulen. Friminutta er no ein gong friminutt. Det er ein sandkasse der ungar kan prøva seg ut. Om det går gale er det vaksne til stades som kan hjelpa til, seier han.

Regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet

Stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad (KrF) seier til NRK at han er glad for anbefalinga frå regjeringa, men at det ikkje er nok.

Vi hadde trengt eit nasjonalt forbod. Eg er skuffa over regjeringas manglande handlekraft. Samtidig er eg sjokkert over kunnskapsløsheita i Høgre og Venstre, som ikkje ein gong støttar regjeringas anbefaling, seier han.

Vil vurdera behovet for forbod

Som rykande fersk kunnskapsminister bestilte Kari Nessa Nordtun (Ap) det som skulle bli ei tydeleg anbefaling til skulane om å bli mobilfrie.

Sjølv om det no er snakk om ei nasjonal anbefaling og ikkje eit nasjonalt forbod, seier kunnskapsministeren at det i praksis vil svara til eit mobilforbod.

Ho seier ho har vore oppteken av å få dette raskt på plass. Det er også grunnen til at det er snakk ei anbefaling og ikkje eit forbod no.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun

Kunnskapsministeren markerte seg tidleg ved å seia at ho vil ha nasjonale retningslinjer for mobilbruken i skulen.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

– Om me skulle følgt lovsporet, kunne det tatt fleire år, seier ho.

Kunnskapsministeren legg til at dei kjem til å følgja med på korleis skulane vel å praktisera anbefalinga, og om det på sikt vil bli behov for eit eige lovverk.

– Men eg er trygg på at skulane, kommunane og fylkeskommunane vil følgja det faglege rådet som no kjem, legg ho til.

Skal inn i ordensreglement

Utdanningsdirektoratet fekk i oppgåve å utarbeida anbefalinga.

– Det vi anbefaler er ein mest mogleg mobilfri skulekvardag, seier utdanningsdirektør Morten Rosenkvist.

Han seier at dei vurderer at mobilbruk i skulen fører til mykje uro og forstyrringar både for elevane og lærarane.

Mobilbruken står også i vegen for læringa og trivselen til elevane i skulen, seier han.

Les også Skjermutval med ny rapport: – Elevar bør lesa meir på papir

Skjermbruk i skolen - elever på Marienlyst skole

Direktoratet ber fylkeskommunane, kommunane og skulane om å regulera mobilbruken i ordensreglementet.

– Ordensreglementet er ei lokal forskrift som må fastsetjast lokalt. Det tyder også at ein treng ein prosess lokalt for å få på plass akkurat korleis dette skal sjå ut.

Utdanningsdirektør Morten Rosenkvist

Utdanningsdirektør Morten Rosenkvist meiner mobilen fører til mykje uro og forstyrringar.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Skulane kan ta anbefalingane i bruk allereie i dag, seier Rosenkvist.

– Me kjem også med ein rettleiar til korleis kommunane no kan gå fram for å enkelt gjera desse endringane i ordensreglementet og få på plass desse anbefalingane, legg han til.

AKTUELT NÅ