Fleire blir hekta på sopp: – Eg et det heile sesongen

Hausten er tida for å plukke sopp. No får stadig fleire opp auga for matgleda som finst i dei norske skogane.

Sopptur Kårvåg

Soppsesongen er godt i gang. På soppsanking på Nordmøre var det flust med spennande funn.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Nei, noko så fint! Fy søren, det var mange, seier Karina Sandnes til veninna Ellen, idet dei spring av garde mot nok eit spennande funn.

Lyset slepp berre delvis ned inni granskogen vest på Averøy, noko som gir ein særeigen og eventyrleg skogsstemning. På bakken finn dei små skattar både her og der.

Dei to damene er blitt ivrige plukkarar og tok soppeksamen i haust. No som hausten har tatt til, er dei ute så ofte dei kan. Plutseleg ser dei ein stor samling med deilege sjampinjongar, og begeistringa er til å ta og føle på.

– Det som fascinerer meg mest med sopp er at ein aldri blir utlært, og at det er så mykje forskjellig å lære om. Det er også deileg å vere ute og finne masse god mat, seier Ellen Bolli.

Soppsesongen er godt i gang.

SJÅ VIDEO: Ellen og Karina jaktar på «skogens gull».

Stor auke i soppinteresse

Medlemstalet i Norges sopp- og nyttevekstforbund har dobla seg på få år, og er på rekordhøge 6200. Dei ventar eit stort renn med innmeldingar no som sesongen er i gang.

Pål Karlsen, leder i Norges Sopp- og nyttevekstforbund.

– Sanking av mat blir stadig meir populære i ein meir matglad befolkning, og det er særleg dei yngre som eksperimenterer meir med mat, seier Pål Karlsen, dagleg leiar i Norges sopp og nyttevekstforbund.

Foto: privat

– Vi merkar ein stor aukande interesse for både sopp og nyttevekstar. Det er også klart at korona har gjort at folk vil meir ut og setje pris på naturen, seier dagleg leiar Pål Karlsen.

Forbundet har opp mot 800 som har tatt kurs for å bli soppsakunnige. I haust skal over 80 nye opp til eksamen, noko som også fleire enn nokon gong. Mange er også yngre enn før.

– Folk er oppmerksam på natur og berekraft, og særleg yngre folk er opptatt av mat på ein annan måte enn før. Det ser vi igjen i medlemsregisteret vårt, seier Karlsen.

– Vi ser i sosiale medium at det er utruleg mange som er interesserte i sopp. Slik kan eg ikkje hugse det var for tre år sida, seier Karina Sandnes

Instagram

Midt-Noreg er soppvinnar

Soppsesongen begynner gjerne mot slutten av sommaren. Skal du ha gode odds i år er det best å bu i Midt-Noreg. Masse regn og vatn fører til at det bognar av sopp i Trøndelag og Møre og Romsdal.

– Vestlandet er også bra, men ikkje i Nord-Noreg der det var sinnssjukt flott i fjor, fortel Karlsen.

Sopptur på Averøy

Dei soppkunnige damene fann sjampinjongar så store som ei handflate. – Dette er favoritten, butikksjampinjongen kan berre gå å legge seg, seier Karina Sandnes.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

På Austlandet og Sørlandet har det vore tørt, men det betyr ikkje at det ikkje mogleg å finne gode sopplassar.

– Då må ein jakte i nordvende hellingar, søkk og dalar, der det er mykje fukt. Det er masse å finne berre ein er tolmodig, seier Karlsen.

Mange moglegheiter i matlaginga

Tilbake i granskogen har Ellen og Karina fyrt opp primusen. Det freser godt i smøret i panna, som er fylt med dagens fangst. Dei som kunne etast.

Sopplukking somevideo

Ulik sopp kan passe til ulik type mat. – Eg tilrår sandsopp eller sleipsopp til fisk, dei er litt syrlege på smak, seier Karina Sandnes.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Her har vi sandsopp, sleipsopp, brokete musserong, sjampinjong og kantarell, seier Ellen Bolli.

Det er interessa for mat som først og fremst fekk damene hekta.

– Eg er kjøle glad i suppe med kantarell eller skogsopp. Elles er eg såpass soppgalen at eg et sopp heile sesongen. Alt frå sprøsteikt stopp på rista brød, til garnityr for all slags middagsmat. Det hevar eitkvart måltid, seier Karina Sandnes.

Sopplukking i Averøy.

Veninnene Ellen og Karina går ofte og plukkar saman. Dei trur fleire yngre får auga opp for denne hobbyen no.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Dei synest folk er for lite flinke til å sanke det som finst i naturen. Men ein bør tileigne seg nok kunnskap før ein et sopp, som via soppkontroll eller kurs. Enkelte er tryggare å plukke for nybegynnarar, som piggsopp og steinsopp.

– Kva med desse oransje her? Dei ser saftige ut, spør journalisten.

– Dette er ein oransjeslørsopp. Den liknar mykje på spissgiftslørsopp, ein av dei giftigaste vi har i Noreg, svarar Bolli.