Hopp til innhold

Forskar meiner det ligg i DNA-et vårt å halde sankestadene hemmelege

Det ligg i ryggmergen vår å halde stader for hausting og sanking hemmeleg. Kven vi delar det med er koda i DNA-et vårt.

Multer

HEMMELEG: Mange har hemmelege stader i der dei sankar og haustar frå naturen. Det kan ligge langt bak i evolusjonen til mennesket.

Foto: Grete Thobroe / NRK

Er du av dei som har ein hemmelege stad full av gyllen kantarell?

Eller veit du om ein myr gul av molter som ingen andre veit om?

Eller kanskje har du eit vatn der du alltid får fisk, men det har du ikkje tenkt å fortelje nokon om?

Det kan det vere at ligg i DNA-et ditt.

Les også Denne bør du ikke børste, men vaske

kantarell

– Deler det ikkje

Det er mange som dei siste åra har fått augo opp for skattane som fint i naturen.

Ein av dei er Stine Lekander frå Skaug, nord for Bodø i Nordland.

Stine Lekanger er sanker og fisker

Stine Lekanger frå Nordland likar både å sanke, jakte og fiske i nordnorsk natur, og veit om mange hemmelege stader å få finne maten.

Foto: Privat

– Eg har fått frykteleg dilla på soppsanking i år. Det er spennande når du lærer deg kvar det finst.

– Ein får ikkje lyst til å gi seg om ein kjenner at ein er på rett spor og trur det er fleire i nærleiken.

Lekanger gjekk ofte sopptur då ho var lita. I vaksen alder har ho lært fleire stader der det er sopp frå sambuaren.

Stine Lekanger med familie

Lekanger tek gjerne med seg barna sine til hennar hemmelege sanke, og fiskestader. Ho håper kjennskapen om dei vil gå i arv.

Foto: Privat

– Fortel du andre om disse hemmelege stadene?

– Nei, dei stadene eg har fått vite om er hemmelege.

Dit tar ho berre med seg dei aller nærmaste til dømes barna sine.

Les også Soppelskerne fryder seg over fuktig sommer: – Det beste soppåret på lenge

Jim-Andre Stène med sopp plukket i skogen i hånda

Moltemani i genane

Sosialantropolog Gaute Svensson blei så interessert våre hemmelege stader for å sanke, at han skreiv ein doktorgrad om tema.

– Hausting og sanking er del av den norske folkesjela. Og å halde stadene hemmeleg er veldig viktig. Samtidig er det noko ein ikkje snakkar så mykje om, seier Svensson.

Behovet er det same om det gjeld moltemyrer, soppstader eller fiskevatn.

– Ein del av hemmelegheitene rundt haustingstradisjonane tek folk med seg i grava, seier forskaren.

Dei vil ikkje dele plassane, eller har ikkje funne nokon som er verdig innsikta.

Gaute Emil Svensson, sosialantropolog.

– Paradoksalt nok, jo mindre avhengig vi har blitt av naturresursane, jo større betydning har opplevingane knytt til det fått, seier Svensson frå Noregs arktiske universitet.

Foto: Privat

– Men kvifor er det slik?

Frå gamalt av trong ein å nytte det naturen hadde å by på for å overleve.

– Men naturen hadde alle tilgang til. Difor måtte ein halde dei beste stadene hemmeleg, seier Svensson.

Flere sopp i en kurv

Trongen etter å leite etter til dømes sopp har blitt gjort kroppsleg gjennom generasjonane, hevdar sosialantropologen.

Foto: Per Ingvar Rognes / NRK

– Kan ein då seie at til dømes moltemani eller soppgalskap kan ligge i genane?

– Behovet er kroppsleggjort gjennom generasjonar. Folk blir urolege i kroppen når dei veit at molta snart er moden.

Forskjellsbehandling i eit gen

Dagleg leier av Noregs sopp- og nyttevekstforbund, Pål Karlsen, kjenner også til problemstillinga.

– Det er ein kjent sak at folk har sine stader. Det trur eg er del av biologien vår. Det er nok ein blanding av genar og eigedomskjensle.

Pål Karlsen, leder i Norges Sopp- og nyttevekstforbund.

Pål Karlsen, leder i Norges sopp- og nyttevekstforbund seier det er ein kjent sak at folk verner om sine hemmelege stader for å sanke sopp.

Foto: privat

Torkild Visnes er molekylærbiolog og forskar på DNA.

Han seier at det i alle fall er koda inn i genane kven vi deler slike hemmelegheiter med.

– Det at vi behandlar framande og familie ulikt ligg kopla i DNA-et. Det gav ein evolusjonær fordel ein gong i fortida.

Slik ser traktkantarellen ut.

Svensson frå Noregs arktiske universitet sine informantar fortalde om å bli spora med GPS-sendar på bilen for at det skulle avsløre hemmelege stader.

Foto: Jonny Løe

Likevel trur han ikkje at det finst ein spesifikk DNA-kode for å halde sankestader hemmelege.

– Eg tviler på at det finst eit gen for nett sanking, men ein kan seie at det finst eit gen for å vere snillare med familie og venner enn framande, seier Visnes.

Les også Edderkoppar søv og drøymer: – Kan seie noko om kvifor REM-søvn oppstod

Sovende edderkopp

Løysinga: Gå lenger inn i skogen

Lekanger frå Nordland veit no kvar ho kan leite etter sopp. Men molter er framleis eit mysterium.

– Eg har forsøkt å spørje, men dei stadene er det ingen som vil fortelje meg kvar er.

Multer

Lekander frå Nordland kjenner til mange stader der ho kan leite etter sopp, men kvar moltene gøymar seg er framleis eit mysterium for henne.

Foto: Eystein Ness

Sosialantropolog Svensson seier at med slike hemmelegheiter følger både tillit og ansvar.

– Det er ei ultimat tillitserklæring å få vite kvar eller korleis ein får fisk, rype, sopp eller moltebær, seier Svensson.

– Den uskrivne regelen er at om ein er tilliten verdig, delar ein ikkje staden vidare utan at givaren synest det er greitt.

Kantarell

Om ein kjenner til ein stad som bognar av gyllen kantarell sit ein på ein hemmelegheit som mange ønsker å vite om.

Foto: Aina Engtrø Solem

– Det er spennande å sjå om det dukkar opp meir sopp same stad neste år. Det er nok hovudgrunnen til at eg ikkje vidare om dei hemmelege stadene, seier Lekander frå Nordland.

Men Karlsen i Noregs sopp- og nyttevekstforbund er ikkje redd for å dele stadene han veit om.

Løysninga er nemleg å berre gå hundre meter lenger inn i skogen.

– Når folk klager over å miste sine hemmelege stader kan du seie det er dovenskap, seier han.

– Å bringe mat heim til husa våre er eit slags urinstinkt, men det er meir enn nok skattar i skogen til alle.

Les også Det hata ugraset kan bli sunn og billig middag

Skvallerkål