Hopp til innhold

Tilbyr gratis utdanning for å møte utfordringane

Mangelen på bussjåførar er stor over heile landet, og behovet er aukande. Nå blir framtidige bussjåførar tilbodne gratis utdanning.

Nytt buss-system

STOPP: Fleire gonger har bussar stått stille som følgje av mangelen på bussjåførar.

Foto: Mohamed Dahir / NRK

Busselskap over heile landet har i lengre tid varsla om store utfordringar med å skaffe nok sjåførar.

Trass ei rekke kampanjar, klarer ikkje selskapa å møte utfordringane dei står ovanfor.

Saman med busselskapet Tide, tilbyr nå Troms fylkeskommune gratis bussjåførutdanning til sjåførane i framtida.

Det er svært gledeleg at vi har fått til ein god avtale mellom oss og Tide, som vi håpar vil bidra positivt til rekrutteringa til bussjåføryrket i regionen vår, seier Kurt Bones i Troms fylkeskommune, i ei pressemelding, og karakteriserer tiltaket som spennande.

Kurt Bones, direktør for Troms fylkestrafikk

Dagleg leier i Troms fylkestrafikk, Kurt Bones.

Foto: Fabian Ubeda / NRK

Les også Stor mangel på bussjåfører

Busser Kristiansand

Fast jobb

Avtalen inneber at minst 15 kandidatar kan få dekt kostnadene sine til utdanning.

Fylkeskommunen opplyser at aktuelle kandidatar allereie nå kan søke, og at dei fortløpande vil vurdere kandidatane.

Regionsjef i tide Buss, Øystein Gullaksen, er glad for at dei har lykkast i å få på plass eit samarbeid med fylkeskommunen.

Tilsvarande samarbeid har blitt gjort andre stader i landet med stor suksess, seier Gullaksen.

Kandidatane som får tilbod om gratis utdanning, og som gjennomfører denne, vil etterpå bli tilsette i fast jobb i tide, med tre års bindingstid.

Øystein Gullaksen, regionsjef i Tide Buss.

Regionsjef i tide Buss, Øystein Gullaksen.

Foto: Troms fylkeskommune

Fast jobb

I starten av februar blei det kjent at 2023 enda med ny rekord i talet på kollektivreiser i Troms fylke, med over 20 millionar gjennomførte reiser.

I dei to største byane i fylket, Tromsø og Harstad, var auken på høvesvis 20 og 13 prosent på bybussen, mens fylket sett over eitt hadde ein auke på 17 prosent.

Å vere bussjåfør er ein meiningsfylt jobb, der ein utgjer ein positiv forskjell for andre menneske, miljøet og samfunnet, seier Gullaksen, før han fortsett:

– Vi oppfordrar alle som er glade i å køyre, møte nye menneske og ha varierte arbeidsdagar til å søke-

Les også Mangler bussjåfører i hele landet: Tromsø-selskap vurderer å tilby skikurs for å få flere sjåfører

Magnar Nilsen, områdesjef, Tide AS

Les også Her nekter passasjeren å stoppe for vekteren Ingeborg

Her blir busspassasjeren stoppet i døra av Ingeborg Ryeng, områdeleder for sivil- og kontrolltjeneste i Avarn Security.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark