Hopp til innhold

Slik kan du lære deg å synge

Har du blitt inspirert av fjernsynsprogram som Stjernekamp? I så fall har vi ein god beskjed. Alle kan bli gode songarar. For enkelte tek det berre litt lengre tid.

Sangpedagog Hege Sofie Nilsen og programleder i Finnmarkssendinga Anniken Pedersen.

Det første programleiar Anniken Pedersen fekk delt ut var eit spegel. – Dette er ikkje for forfengelegheita si skyld, men for å fokusere på munnen og drøvelen. Det er der magien skjer, seier songpedagog Hege Sofie Nilsen.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Skulle du ønske at du kunne synge som ein profesjonell? Eller i alle fall bli litt betre?

Songpedagog Hege Sofien Nilsen meiner at ingenting er umogeleg. Alle kan bli betre til å synge enn kva dei er.

– Det heiter seg at berre ein prosent av verdas befolkning ikkje kan synge. Dette har gjerne fysiske orsaker, som at ein har ei misdanning i kroppen som gjer det umogeleg. Då primært med stemmebanda.

Så kva skal til for å bli betre? Her skal du få nokre tips.

1. Start med det naturlege

Vel ein song i eit toneleie som er naturleg for deg. Det er viktig at du føler deg trygg og komfortabel med songen.

– Det å synge er som eit løp. Det er ingen god ide å starte eit hekkeløp utan å vame opp. Mange er kjempe gira på å synge fort og lyst. Men start det heile med å velje den første songen som poppar opp i hovudet ditt, seier Nilsen.

Sang i studio til Finnmarkssendinga med sangpedagog Hege Sofie Nilsen og programleder Anniken Pedersen.

Den første songen som poppa opp i hovudet til programleiar Anniken Pedersen var «Bæ bæ lille lam».

Foto: Wibeke Bruland / NRK

2. Varm opp

Ein av dei beste måtane å varme opp på er å bruke ei vassflaske med eit litt stort plastrøyr i.

– Fyll flaska med passe varmt vatn, ikkje kokvarmt. Du kan bruke ei tom brusflaske og fylle den halvvegs. Stikk rørert 3 centimeter under vasskorpa og putter røret i munnen. Pass på at munnen og tunga er avslappa. Så er det berre å blåse, og sett gjerne også på ulike lydar.

Det vil då vibrere i stemmebanda og i halsen. Ei innvendig massasje ifølge songpedagogen.

– Musklane som er stemmebanda er godt gøymt i halsen. Du når dei ikkje ved å drikke vatn eller prate. Du bruker dei sjølvsagt også når du pratar, men på ein annan måte. Då opnar og lukkar musklane seg mykje raskare.

Sangpedagog Hege Sofie Nilsen og programleder i Finnmarkssendinga Anniken Pedersen.

Du ser kanskje ikkje så lur ut under oppvarminga, men varm opp! Ei vassflaske med lunka vatn og eit rør er gode hjelpemiddel. Då får du massert musklane i halsen og får betre kontroll på pusten.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

3. Pust med magen

Ein typisk feil er at mange berre pustar frå halsen og opp. Dei fyller ikkje lungene skikkeleg med luft og brukar ikkje magen.

– Særleg damer skal gjerne vere tynne og nusselege, men hold for all del ikkje inn magen eller spenn deg. Du må slappe av for å få kontakt med støtta. Denne støtta er jo litt diffus, men den sit i magen og i ryggen.

Sangpedagog Hege Sofie Nilsen og programleder i Finnmarkssendinga Anniken Pedersen.

Hege Sofien Nilsen er utdanna songar og songpedagog. Ho forklarar at heile kroppen er i bruk når ein syng. Programleiar Anniken Pedersen får beskjed om å slappe av og slepp ut magen.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

4. Få kontakt med «støtta»

Ein god måte å komme i kontakt med støtta på, er å legge seg ned på ryggen med beina i vinkel. Fotsolane og ryggen må vere i golvet.

– Legger du deg ned slik kjenner du pusten mykje betre. Syng medan du ligg slik. Då kjenner du kva musklar i kroppen du brukar og kvar dei sit. Det er dette som er støtta.

Det er mykje vanskelegare å synge liggande ifølge Nilsen.

– Reis deg opp etterpå og syng same songen, då kjenner du verkeleg forskjell.

Sangpedagog Hege Sofie Nilsen og programleder i Finnmarkssendinga Anniken Pedersen.

Testperson og programleiar i Finnmarkssendinga Anniken Pedersen ligg på golvet og syng «bæ bæ lillelam». Dette er den beste måten å finne støtta si på.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

5. Slapp av og kos deg med song!

Ikkje stress når du syng. Dersom du er stressa kan du bli meir avslappa ved å lage «godlydar» eller sukke høgt.

– Visste du forresten at når små barn høyrer foreldra sine synge, så er det det vakraste dei veit? Så uansett kva foreldre har høyrt frå andre, så burde dei synge til barna sine. Det er viktig.

Med dette oppfordrar Nilsen alle om å synge med den stemma dei har. For absolutt alle kan synge til eige bruk. Òg uansett kven som syng, så har kvar og ein av oss sin heilt unike måte å synge på.

Les også: Håvard lærte seg å synge på seks uker

Les også: Den yngste «Stjernekamp»-deltakeren i år

Flere nyheter fra Troms og Finnmark