Første juledag er det oransje farevarsel for snøskred ein rekke stader i landet ifølgje Varsom.no.
– Snøen som kom i natt gjer det veldig lett å løyse ut skred fleire stader i Nord-Noreg, spesielt i indre del av Troms, fortalte Heidi Bakke Stranden, vaktleiar i NVEs snøskredvarsel julaften,
Og no blir det også meldt om eit nytt polart lågtrykk på veg til Nordland og Troms første juledag. Det betyr endå meir snø, noko som neppe vil dempe skredfaren.
Nokre av nordlendingane gjer lurt i å halde snøskuffa varm i romjula. Vêret blir skiftande og rundt 0°, seier meteorologen.
Grafikk: Meteorologisk institutt– Det blir vindauke og snøbyer. Dette ser ut til å kunne gi sterk kuling og kanskje liten storm langs kysten lengst nord i Nordland og i Troms, seier vakthavande meteorolog Jon Austrheim til NRK.
Tidlegare i veka var det snøkaos ei rekkje stader i Noreg. Medan dei sør for Nordlandsporten ser ut til å sleppe unna i denne runden, må nordlendingane stålsetje seg for meir ruskevêr.
Snømengda i Tromsø har til dømes dobla seg over natta, seier meteorolog Austerheim.
Slik så det ut tidlegare i veka i Troms. Nå varslas det ny runde med polart lågtrykk.
Skredfare også i vest
I Nord-Troms, Tromsø, Lyngen, Lofoten, Svartisen og Helgeland er det oransje farevarsel.
Men det er ikkje berre nord i landet ein bør planlegge turen godt om ein får nye ski til jul. På vestlandet er det betydeleg skredfare i Jotunheimen, Indre Sogn, Voss og Hardanger.
– Det er svak snø fleire stader på vestlandet og svært enkelt å løyse ut skred her også. Vi anbefaler folk som skal ut i dag og dagane framover om å halde seg i flatt terreng, seier Heide Bakke Stranden i NVE.
Det er vanlegvis fine topptur-moglegheiter i Jotunheimen, men kanskje ikkje akkurat nå. Det er nemleg betydeleg fare for snøskred.
Foto: Even Lusæter / NRKHar du likevel tenkt deg på ski bør du halde deg i terreng som er mindre bratt enn 30 grader.
– Vi anbefaler folk som skal ut før julemiddagen om å unngå all skredterreng. Det er svært lett å løyse ut skred og vi ber folk legge turen til mindre bratt terreng, seier Bakke Stranden.
– Kor lenge vil det vere fare for snøskred?
– Slik snøen er bygd opp no vil vi ha problem med svak snø ein god stund framover, seier ho.
Også i ei rekkje andre delar av Nord-Noreg er det oransje farevarsel – mellom anna i Tromsø, Lyngen, Ofoten, Sør-Troms og Helgeland. Det er venta at faren går noko ned søndag, men det vil framleis vere oransje nivå ei rekkje stader.
– Hald god avstand til alt av skredterreng, skriv varslingstenesta på nettsidene sine.
Sjekk snøskredfaren der du er her.
Rammer flytrafikken og fleire vegar
I Tromsø har det komme så mykje snø at det rammar flytrafikken julaftan.
– Vi jobbar på. Det har komme alvorlege mengder snø, og vi prioriterer hardt for å få det til å gå rundt, seier driftssjef Per Erik Nordsveen ved Tromsø lufthamn Langnes.
– Alle har det tøft. Men flytryggleiken kjem først, forsikrar han.
Og dei som skal ut å reise på julaftan må nok rekne med fleire forseinkingar.
Dette føret møtte morgonfuglane i Tromsø på julaftan. Snømengda har dobla seg det siste døgnet, ifølge meteorologen.
Foto: Knut Anders Finnset / NRK– Det har ein tendens til å forplante seg. Ein må berre vere tolmodig. Alle her gjer sitt ytste for å sørgje for at ting går så raskt som mogleg, seier driftssjefen.
Det er kystområda frå Andenes til Sørøya som er mest utsett, ifølgje varselet. Det polare lågtrykket vil gi rask endring i vindstyrke og retning frå natt til søndag.
Søndag ettermiddag vil lågtrykket svekkjast, melder Varsom.
– Det er varsla om vanskelege køyreforhold på grunn av kraftig snøfall i kombinasjon med vind. Det betyr at det kan bli vanskeleg å komme fram på grunn av snø, snøfokk og redusert sikt, seier trafikkoperatør Synnøve Lukkassen ved Vegtrafikksentralen.
Ganske så ruskete julaftan på Andenes i år.
Foto: Statens vegvesenDet er også venta snøfall og vind på sørsida av det polare lågtrykket, frå Salten og nordover.
– Med det vêret som er meldt er det grunn til å unngå unødvendig ferdsel på utsette stader. Må du ut på vegane så hald deg oppdatert om kva vegar som er opne, seier Lukkassen.
Fleire vegar i regionen er allereie stengde som følgje av vêret.
Kvit jul i nesten heile landet
Men oppi alt uvêret, finst det også noko mange synest er fint.
Statsmeteorolog Eirik Samuelsen seier nemleg til NRK at det blir kvit jul over nesten heile Noreg.
Fleire enn normalt får kvit jul i år. Men snøen vil ikkje vare like lenge overalt.
Foto: Elise Amendola / AP– Det er kyststrøka sør på Vestlandet, i Rogaland og på Sørlandet ligg det ikkje snø. Men elles er det faktisk kvitt.
– Det er ganske uvanleg på denne tida, faktisk, opplyser Samuelsen.
Første juledag kan likevel gleda vere over. Då får nemleg store delar av det sørlege Noreg regn.