Hopp til innhold

Ordførar meiner regjeringas nye skatt vil råke dei eldre

Kommunar i Finnmark med dårleg økonomi vil tape millionar med skattereforma til regjeringa for vindkraft- og laksenæringa.

Lena Norum Bergeng, ordfører i Sør-Varanger kommune

Lena Bergeng i Sør-Varanger kommune seier at dei hadde forventa 14 millionar i utbytte frå Varanger Kraft.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Ordførar for Arbeidarpartiet i Sør-Varanger kommune, Lena Bergeng, seier at skattereforma vil få dramatiske følgjer for ein frå før anstrengd kommuneøkonomi.

Det vil føre til at ikkje lovpålagde tenester i kommunen blir borte. Det vil vere dagsentertilbod til dei eldre. Det vil også vere kino og kulturtilbod, seier Bergeng.

Raggovidda vindkraft

RÅKAR KOMMUNEØKONOMI: Varanger Kraft har varsla eigarkommunane i Aust-Finnmark at selskapet ikkje kan utbetale utbytte på grunn av skatteomlegginga til regjeringa.

Foto: Varanger kraft

Sør-Varanger kommune hadde i år forventa å få 14 millionar utbytte frå kommunens eigardel i det lokale kraftselskapet Varanger Kraft.

Men no ønskjer regjeringa å skjerpe skattlegginga av vindkraft- og laksenæringa, noko som gjer at Varanger Kraft har varsla at dei ikkje vil utbetale utbytte til dei sju kommunane som selskapet er eigd av.

– Ein katastrofe for vindkraft

Det lokale kraftselskapet i Aust-Finnmark karakteriserer skatteomlegginga som ein katastrofe for vindkraftproduksjon.

Selskapet meiner denne verksemda vil gå konkurs eller må få tilført kapital for å kunne overleve.

– Vi vil i år få ein skattesmell på mellom 100 og 150 millionar kroner. Det vil smelle godt i Varanger Kraft, men ikkje minst i eigarkommunane våre, seier administrerande direktør Terje Skansen i Varanger Kraft.

Leiinga i selskapet forstår at regjeringa kan ønskje hardare skattlegging av milliardærar, som har tent store summar på høge straumprisar i Sør-Noreg.

Men Varanger Kraft har vanskelegare å godta at det også skal gjelde for selskap som ikkje har hatt dei same høge straumprisane, og som også fører overskot tilbake til kommunane som dei er eigd av med dårleg økonomi.

Terje Skansen

Administrerande direktør Terje Skansen i Varanger Kraft seier at skatteomlegginga ikkje er tilpassa selskapet han leier.

Foto: Bård Wormdal

Les også Startet med google-søk – endte opp med hydrogenfabrikk

Raggovidda vindpark

Uvisse om grøn produksjon

Varanger Kraft driv eit av dei mest effektive vindkraftverka i verda på Raggovidda ved Berlevåg takka vere mykje og stabil vind.

EU er tungt inne for å kunne drive produksjon av utsleppsfri hydrogen av denne vindkrafta.

Dei nye skattereglane kan skape uvisse om å byggje ein stor hydrogenfabrikk på Finnmarkskysten.

– Avkastninga vil i alle fall halverast for nye prosjekt. Ein må rett og slett gå inn å rekne på nytt om det er lønnsamt å byggje fornybar energi, seier Skansen.

Wenche Pedersen, ordførerkandidat i Vadsø

Ordførar i Vadsø kommune Wenche Pedersen er ein av fleire Arbeidarparti-ordførarar som legg press på regjeringa for å få endra reglane.

Ap-politikarar legg press på eiga regjering

Ordførar i Vadsø kommune Wenche Pedersen (Ap) er ein av fleire Arbeidarparti-ordførarar som no jobbar politisk for at kommunar i Aust-Finnmark framleis skal utbytte frå sitt eige lokale kraftselskap, som har gitt kommunane mellom 20 og 50 millionar årleg.

– Regjeringa har gjort det her for å ta tak i dei kraftselskapa som har tent store summar medan prisen var høg. Det har ikkje kraftselskapa våre gjort i den her perioden, seier Wenche Pedersen.

Regjeringa skal sende skattereforma ut på høyring. Det er venta at Stortinget vil ta eit endeleg standpunkt neste sommar.

Rådgjevar Celine Lyse Augdal i Finansdepartementet opplyser i e-post til NRK at departementet no er i sluttfasen av arbeidet med høyringsnotatet om vindkraft.

Statsråd Trygve Slagsvold Vedum vil av den grunn ikkje kommentere saka, går det fram av e-posten.

Les også Tror på flere hundre nye innbyggere – og salatdyrking på 70 grader nord

Kjell Richardsen og Rolf Laupstad i Berlevåg