Hopp til innhold

Føler seg presset av russetreff-arrangør: – Dei måtte ha svar med ein gong

Russen kjente seg utnytta og pressa til å kjøpe billettar til landstreffet. Forbrukarrådet meiner russen er utnytta, men ungdommane har neppe lova på si side.

Kautorussen 2024 er svært misfornøyd med fremgangsmåten til Landstreff Fredriksten, som dø føler har lurt dem til å kjøpe billetter for 40.000 kroner.

Russegruppa Klåklypa i Kautokeino kjenner seg pressa og lurt av arrangørane av Landstreff Fredriksten. Etter å ha betalt inkassokravet på 40.000 kroner, droppar dei nå treffet.

Foto: Privat / Kautorussen 2024

– Vi synest at dei har vore useriøse og behandla oss på ein dårleg måte. Vi ønsker å heve kjøpet, men det får vi truleg ikkje.

Det seier Sara Biret Maria Eira, Ellen Anette Gaup og Ante Pulk i russegruppa Klåklypa i Kautokeino.

Sara Biret Maria Eira, (visepresident), Ellen Anette Gaup (dugnadsansvarlig) og Ante Pulk (medlem Kautorussen 2024) er misfornøyd med fremgangsmåten til Landstreff Fredriksten.

Russegruppa Klåklypa 2024 i Kautokeino kjenner seg lurt av russetreff-arrangøren Landstreff Fredriksten. – Dei har ikkje gjort det dei sa dei skulle, og har oppført seg veldig dårleg mot oss, seier trekløveren Sara Biret Maria Eira, Ellen Anette Gaup og Ante Pulk.

Foto: Inga Maren Näkkäläjärvi / Kautorussen 2024

Russen i Kautokeino blei invitert til eit møte med salssjefen for russetreffet Landstreff Fredriksten, Jon Carlsen, seint på kvelden 11. oktober 2023.

Dei fekk ikkje svar på spørsmål om kva det gjaldt, men blei informert at dei kunne spare mykje pengar.

– Carlsen gav oss tilbod på billettar til russetreffet Landstreff Fredriksten 2024. Men for å få billettane til rabatterte prisar, måtte den av oss som var over 18 år signere kontrakten med éin gong.

– Vi fekk ikkje tenke på det til dagen etterpå. Det blei så mykje stress og press at ein av oss til slutt signerte, seier trekløveren.

Salssjef Jon Carlsen i Landstreff Fredriksten vil ikkje uttale seg, og viser til dagleg leiar.

Les også Russ føler seg lurt av russetreff-arrangør: – Det hasta veldig med å få oss til å skrive under

Elise Ulateig Lindsøe og russepresident Ida Randen på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta.

Angra seg

Da elevane kom heim og fekk snakka med foreldra sine, fann dei ut at dei hadde forhasta seg.

Og ikkje minst sat dei med ei kjensle av å ha blitt narra.

– Salssjefen selde oss først billettar til Tromsøtreffet. Her fekk alle kvar sin kontrakt med heim for signatur. Men med billettane til Landstreff Fredriksten, ville dei plutseleg at éin av oss skulle signere for alle, fortel dei tre.

Dagen etter tok Ellen Anette Gaup kontakt med salssjefen. Ho sa at dei ønskte å avbestille ni av dei 14 billettane til Landstreff Fredriksten.

– Vi fekk ei bekrefting på at dei hadde fått ønsket vårt. Men så blei det stille. Heilt til vi fekk eit inkassokrav gjennom Vipps på meir enn 40.000 kroner, seier ho.

Les også Kamp om russens penger

Russ fester på Lillehammerr

– Var frekk og nedlatande

Eira, Gaup og Pulk seier dei trudde saka var ute av verda. At dei hadde fått avbestilt billettane.

Men e-postane frå Landstreff Fredriksten, med fakturaene, hadde hamna i søppelposten til han som hadde signert for billettane.

– Vi tenkte ikkje på å sjekke søppelposten. Det står heller ingenting i kontrakten om at rekninga ville bli send på e-post, seier dei tre.

– Da vi fekk inkassokravet, så vi at dei hadde fakturert oss for ni billettar og ikkje fem som vi hadde bede om.

– Kva gjorde de da de fekk inkassokravet?

– Eg tok kontakt med dagleg leiar i Landstreff Fredriksten, Lasse Kjønigsen, og forklarte situasjonen. Han begynte å kjefte på meg og var skikkeleg nedlatande. Eg har ikkje lyst til å ringe dit igjen, seier Gaup.

Kjenner seg ikkje igjen

Dagleg leiar for Landstreff Fredriksten, Lasse Kjønigsen, er ikkje einig i beskrivinga av kva som har skjedd.

– På bestillingsskjemaet står det at kjøp av billettar er bindande. Det er ikkje avbestillingsmoglegheiter på dei. Punktum, seier han til NRK.

Og han legg til:

– Vi får ein telefon dagen etter at russen har signert kontrakten, og avbestiller likevel dei billettane dei ber om. Som ein service, seier han.

Les også Kritisk til sikkerheten: – Kunne bare ta på russebukse og rusle inn

Russepresident i Halden, Aurora Heli-Hansen

Tonje Drevland, underdirektør ved tilsynsavdelinga hos Forbrukartilsynet, gir langt på veg støtte til Kjønigsen.

– Det er ikkje angrerett på billettar til russetreff eller billettar til andre fritidsarrangement der dato er fastsett. Det er heller ikkje angrerett til såkalla pakkereiser, som desse billettane kan hamne under, påpeikar ho.

Tonje Drevland i Forbrukertilsynet

Tonje Drevland i Forbrukartilsynet presiserer at det ikkje er angrerett på billettar til russetreff.

Foto: DAG JENSSEN

– Ikkje la de presse!

Thomas Iversen er seniorrådgivar i Forbrukarrådet.

Han seier at dei stadig oftare opplever at russ blir utsett for det han beskriv som aggressiv og villeiande kjøpepress frå bransjeaktørane.

– Her er det vaksne, profesjonelle aktørar som rettar seg mot unge og relativt uerfarne folk. Da er det både rett og rimeleg at aktøren tar ansvar både for skriftleggjøring og for ikkje å skape ein kommersiell fest, seier Iversen.

Iversen har følgande råd til russ som hamnar i liknande situasjonar:

– Ha is i magen og ikkje la deg presse. Vi er kjente med at aktørane gir inntrykk av at ting hastar veldig, men det gjer det som regel ikkje, seier han.

Thomas Iversen, juridisk seniorrådgiver i Forbrukerrådet

RÅD TIL RUSSEN: – Ha is i magen. Tenk gjennom kva du bestiller og ikkje la deg presse. Vi er kjente med at aktørane gir inntrykk av at ting hastar veldig, men det gjer det som regel ikkje, seier seniorrådgivar Thomas Iversen i Forbrukarrådet.

Foto: Forbrukerrådet / Forbrukerrådet

– Har ein bindande kontrakt

Ifølge russen blei dei utsette for aggressiv marknadsføring, og press med ein veldig kort tidsfrist.

Kjønigsen seier at ingen har pressa dei til å kjøpe billettar.

Aggressivt? Viss du skal ha dette tilbodet, så må du bestemme deg same dag. Det er mogleg det er korte tidsfristar. Elles kan dei jo gå inn på Tikkio og kjøpe dei for 3190 kroner stykket, seier Kjønigsen.

– Dette er jo relativt unge menneske. Kva tenker du om det moralske ansvaret de har overfor dei?

Eg synest vi har gjort det kjempegodt frå vår side. Vi har følgt opp. Vi har sendt billettar, vi har sletta billettar, vi har purra og vi har halde rekningar igjen, seier Kjønigsen.

Og han legg til:

Nå har russegruppa sett i gang ein svertekampanje mot oss fordi dei ikkje får pengane sine tilbake, seier Kjønigsen.

Skjult opptak

For å etter seiande bevise dette har Kjønigsen sendt NRK eit skjult opptak han har gjort med faren til ein av ungdommane.

I opptaket kjem det fram at faren vil åtvare andre russ gjennom media mot måten Kjønigsens firma går fram på:

«Om dei får tilbake pengane, da gjer du ikkje det?», spør Kjønigsen i opptaket.

«Da skal eg ikkje gjere noko. Da er det ei avslutta sak», seier faren.

«Takk skal du ha. Det var fint. Eg gløymde å seie at eg tapet deg. Eg sender det ...(utydeleg) opptak til NRK», avsluttar Kjønigsen.

Les også Regjeringen vil endre russetiden – Her er planen

Statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun besøker Rennesøy ungdomsskole

– Ikkje gjer som oss!

Russegruppa Klåklypa i Kautokeino håpar at leiinga i russetreffet Landstreff Fredriksten kansellerer rekninga på 40.000 kroner.

Men russetreffet som går av stabelen 26. til 28. april droppar dei uansett.

– Ingen av oss ønsker lenger å dra på treffet. Det er surt, men vi har mista lysta, seier dei tre.

Nå har russegruppa ei oppfordring til andre som skal gå i gang med russefeiringa.

– Ikkje gjer same feil som vi gjorde. Ta dykk tid til å tenke gjennom kva de seier ja til. Og ikkje gå med på avtalar dykk ikkje veit heilt kva handlar om, seier Sara Biret Maria Eira, Ellen Anette Gaup og Ante Pulk.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark