Hopp til innhold

Russ føler seg lurt av russetreff-arrangør: – Det hasta veldig med å få oss til å skrive under

OTTA (NRK): Seljaren lokka med rimelege billettar om dei signerte raskt. Forbrukarrådet seier russ ofte blir utsett for systematisk lureri.

Elise Ulateig Lindsøe og russepresident Ida Randen på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta.

LURTE: Elise Ulateig Lindsøe (til høgre) og russepresident Ida Randen seier at det er rundt sju russegrupper som har kjøpt billettar gjennom seljaren for russetreffet i Halden. No føler dei seg lurt.

Foto: Even Lusæter / NRK

Sidan 1997 har det vorte arrangert Landstreff Lillehammer for russen. Men i mars 2019 skreiv NRK at 2019-arrangementet kunne bli det siste.

Et par månader etterpå, i juni, vart russ på Otta i Gudbrandsdalen kontakta av ein seljar for eit anna russetreff, i Halden.

Informasjon til Otta-russ

INVITASJON PÅ FACEBOOK: Dette var møteinvitasjonen Otta-russen fekk på Facebook.

Foto: Skjermdump

Russen vart invitert til eit møte med seljaren, som kallar seg Lasse Fredriksten på Facebook. Der står det at det ikkje kom til å bli Landstreff på Lillehammer.

Under møtet oppfatta russen at det hasta å signere for å få rabatterte billettar til treffet, som heiter Landstreff Fredriksten. Mange skreiv under fordi dei gjerne vil reise på eit treff i russetida.

– Vi kunne ikkje vente eller tenke oss om, eller noko slikt, seier russepresident Ida Randen på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta.

Får ikkje billettane

Problema byrja dagen etter møtet. Då vart russen klar over at det kjem til å bli arrangert Landstreff på Lillehammer likevel.

Dermed angra Otta-russen på billettane til Fredriksten-treffet. Lillehammer er nærmare og dei og vil heller reise dit. Dei reagerte også på at møtet med billettseljaren skjedde på om lag same tid.

Dei tok kontakt med Lasse Fredriksten, men kom ingen veg då dei bad om å få igjen pengane.

Billettane har dei heller ikkje fått. Avtala var at dei skulle få dei på e-post 1. april. Det har vist seg at det er ein bussbillett dei får på e-post. Sjølve billetten skal dei få på bussen. Det gjer det utfordrande å selje billetten vidare.

Samtale på messenger med kontaktperson i Landstreff Fredriksten

Meldingar NRK har fått tilgang til viser også at kontaktpersonen seier ein må møte opp fysisk på bussen frå Otta for å få festivalbandet. Det gjer det vanskeleg å få selt billettane, då potensielle kjøparar fyrst må koma seg til Otta for å få armbandet.

Foto: Skjermdump

Russen har bede om å få billettane, utan hell.

– Billettane har vi jo betalt, og ein skulle tru dei er i vårt eigarskap no. Men vi får dei ikkje uansett kva vi seier eller gjer, seier Ida Randen.

Då dei klaga fekk dei til svar at dei anten fekk reise på Landstreff Fredriksten eller på begge treffa.

– Det har jo ikkje russ mellom 17 og 19 år råd til. Vi har betalt dei 3000 kroner per person, seier russepresidenten.

Elise Ulateig Lindsøe og russepresident Ida Randen på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta.

ANGRAR: Ida Randen og Elise Ulateig Lindsøe ynskjer ikkje å reise på russetreffet dei har betalt for.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Systematisk lureri

Thomas Iversen er juridisk seniorrådgjevar i Forbrukarrådet. Han seier dei kvart år opplever systematisk lureri i forbindelse med selskap som vil tene pengar på russen.

Han seier at dei likevel får lite klager på russetvister, rundt 50 per år. Totalt behandlar derover 10.000 saker på kjøp og sal årleg.

– Når vi snakkar med russ, seier dei at dei kjenner seg ferdig med russetida når den er over. Med mindre det er snakk om veldig mykje pengar, vel ein å la det ligge framfor å bruke krefter på å klage, seier Iversen.

Når det gjeld avtala mellom Otta-russen og landstreffet i Halden, meiner Iversen den er gjort på feil grunnlag.

– Seljar har gitt inntrykk av at eit anna eksisterande arrangement skal falle bort, og at dei kan teikne nytt hos dei. Med det kan kontrakten fort vere ugyldig, seier Iversen.

Thomas Iversen

TA EIT SØK: Thomas Iversen i Forbrukarrådet rår russ til å ta eit søk på nettet for å sjekke om eit selskap har negativ omtale før dei gjer avtalar med dei.

Foto: Halvor Pritzlaff Njerve / Forbru

Han seier at viss kontrakten er ugyldig, er det mogleg å få pengane tilbake for det som er blitt betalt, eller sleppe å betale, viss dei ikkje har betalt heile summen.

Nektar for feil marknadsføring

Dagleg leiar Lasse Kjønigsen i Landstreff Fredriksten svarer på kritikken i fleire e-postar til NRK:

«I mars så gjekk NRK ut med at LL (Landstreff Lillehammer, journ. anm.) skulle leggjast ned ... Vi kan ikkje ta ansvar for at det dukkar opp konkurrentar, nye eller gamle. At LL vel å køyre ein vesentleg mindre variant i år ein tidlegare er ikkje noko vi kan lastas for.»

På spørsmål frå NRK om seljaren har oppført seg kritikkverdig, svarar Kjønigsen slik:

Vi har svart på spørsmålet om at vi har feilinformert og det har vi ikke.

Han meiner dei steller seg til informasjonen om at Lillehammer-treffet skulle leggjast ned og at dei ikkje kan klandrast, sidan det opphavleg var planen.

Når det gjeld billettane meiner han dei heile tida har vore klare på at dei ville bli sendt ut 1. april. At dei ikkje kan få sjølve billetten, eller armbandet før dei kjem på bussen, forklarar han med at det berre kan skannast ein gong.

Vi har svart på spørsmålet om at vi har feilinformert og det har vi ikke.

Vil forøvrig si at vi er fryktelig triste og lei oss pga dette, vår selger har aldri holdt tilbake opplysninger om dette. Hvordan skulle han vite det? Hvis dette var så klart, hvorfor visste ikke andre folk i lokalmiljøet dette?

Kjønigsen forklarar vidare at det å sende ein seljar til skulen, er noko dei har vald å prioritere:

Når det gjelder at selgeren selger der og da er pga dette er et tilbud som vi har da. Vi ser ikke noe galt i det. Hadde vi gjort det så hadde vi forandret på denne praksisen. Men vi sender en representant som informerer om oss og hva vi har av tilbud, artister, sikkerhet m.m.. Vi mener det er den klart beste måten å jobbe på og ikke bare legge ut billetter på nett, noe som forøvrig hadde hvert vesentlig billigere for oss. Men her satser vi på at denne kvaliteten fordi det er viktig å gi unge mennesker klare svar med en gang. Vi har ikke mulighet til å sende folk flere ganger til samme sted pga kostnadene det medfører.

LES OGSÅ: Kamp om russens penger

Flere saker fra Innlandet