Hopp til innhold

Regjeringa vil ha turistar minst 150 meter unna kvalrossen

Regjeringa skjerpar miljøreglane på Svalbard. Cruiseskipa får ikkje ha meir enn 200 passasjerar om bord i verneområda, og dyrelivet skal skjermast endå meir. Forskrifta får støtte, men også kraftig kritikk.

Hvalrosser på Svalbard

Kvalross er eit populært syn på Svalbard. No vil regjeringa sørgje for at turistane ikkje kjem for tett innpå.

Foto: NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Regjeringa har i dag vedtatt fleire endringar i miljøregelverket på Svalbard. Formålet er å ta betre vare på større villmarksområde, og redusere belastninga på natur og dyreliv.

– Vi ser eit stort og aukande trykk frå turismen. Skal vi klare å ta vare på den unike naturen og det dyrelivet som er på Svalbard, så er vi heilt nøydde til å stramme inn, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til NRK.

Då forslaget første gong kom på bordet, var reaksjonane frå reiselivsnæringa på Svalbard sterke. Dei bad om at det blei trekt tilbake. Men det dei reagerte på, blir no gjennomført.

Svalbard er eit populært reisemål, ikkje minst for cruiseturistar. Dei siste 10–15 åra har cruiseturismen auka kraftig. I 2022 gjekk turistar i land på 233 ulike stader, ifølgje tal frå Sysselmeisteren. Det blei registrert i alt 94.982 ilandstigingar.

Svalbardbilder

Turistar frå eit cruiseskip har gått på land ein stad på Svalbard.

Foto: Astrid Rommetveit / NRK

Unngå press på urørt natur

Miljødirektoratet er uroa for den belastninga dette fører til for dyreliv og sårbar arktisk natur. I januar i fjor kom direktoratet sine tilrådingar etter at forslaget til endring i regelverket hadde vore ute på høyring. No har regjeringa altså konkludert.

I verneområda blir det no lov å setje turistar i land på 43 utvalde stader. I dag er ikkje ilandstiging regulert, bortsett frå at det er forbod mot ferdsle nokre stader.

– Det aller viktigaste vi gjer, er å kanalisere ferdselen i verneområda mot desse 43 områda, og det betyr at vi unngår ein situasjon der det blir stadig press på ny, urørt natur. No sørgjer vi for at det er dei områda som allereie er belasta som blir brukte, mens dei andre områda får lov til å liggje urørt, seier Eriksen.

isbjørn

Mange turistar har eit håp om å sjå isbjørn når dei er på Svalbard. Regjeringa vil ha ein minsteavstanden til isbjørn på 300 meter, og 500 meter i tida dyret er mest sårbar.

Foto: Arne Nævra

– Dramatisk

Frigg Jørgensen er administrerande direktør i Aeco, som organiserer ekspedisjonscruise-operatørar i Arktis. Ho reagerer kraftig på endringa.

– Det blir opplevd som dramatisk når Noreg set til side allemannsretten og stengjer over 65 prosent av øygruppa Svalbard for fri ferdsel. Det er eit område nesten like stort som Danmark, seier ho.

Jørgensen meiner at vedtaka som er knytte til områda som no blir stengde for organisert ferdsel, som også er opne for private reisande, favoriserer dei som ikkje driv med organisert turisme.

– No er vi uroa for konsekvensane av dei nye reglane og for korleis tilliten til styresmaktene blir svekte i takt med slike prosessar, seier ho til NRK:

Frigg Jørgensen

Frigg Jørgensen i Aeco.

Foto: Privat

Leiar i Svalbard næringsforeining, Christian Skottun, er ikkje overraska over det regjeringa har kome fram til.

– Det er i stor grad som forventa. Eg føler at ein lener seg for mykje på den føre var-argumentasjonen, som det er vanskeleg å argumentere mot, i staden for å leggje forsking og faktum til grunn. Eg skulle ønskt meg meir empiri. Det viktigaste no har vore å få ei avklaring og føreseielegheit. Det er avgjerande for både for næringa i Longyearbyen og turistnæringa på Svalbard å vite kva slags reglar vi skal halde oss til, seier han til NRK.

Kongsfjorden ved Ny-Ålesund på Svalbard

Kongsfjorden ved Ny-Ålesund på Svalbard.

Foto: Eivind Molde / NRK

Vil ha ro

Dagleg leiar i Visit Svalbard, Ronny Brunvoll, seier forskrifta er som forventa.

– Det er marginale endringar som har kome etter høyringsrunden. Og eg er helt einig i det statsråden seier om å ikkje ta i bruk urørte område. Men områda vi kan drive kvalitetsturisme i, som det er behov for, blir stadig mindre. Det uroar oss stort. Det går utover attraksjonskrafta vår, seier han og presiserer at han ikkje har lese alt om endringa i dag.

Leiar i Longyearbyen lokalstyre, Terje Aunevik, seier at arbeidet med forskrifta har skapt stort engasjement på Svalbard.

– Eg har ikkje fått lese alt om forskrifta enno, men oppfatninga så langt er at det er få endringar her frå det som gjekk ut til høyring. Det overraskar meg litt, for eg oppfattar innspela som blei gitt for å vere balanserte og godt grunngitt. Eg håpar vi snart får ro og føreseielegheit rundt dette, og at endelege vedtak om de nye forskrifta kan bidra til det, seier Aunevik til NRK.

Les også Nå skal ferdselen på Svalbard strammes inn

Turister Svalbard

Natur og Ungdom er positiv til at regjeringa går inn for sterkare vern av naturen og dyrelivet på Svalbard.

– Det er på tide at sårbar natur blir prioritert over turisme og profitt, og dette er eit steg i riktig retning. Vi skulle gjerne ønskt eit totalt forbod av cruisetrafikk til Svalbard, men håpar regjeringa sitt vedtak legg føringar for vidare vern og redusert belastning av naturen og artsmangfaldet på Svalbard, seier Magnus Stenroos, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

Turister i Ny Ålesund

Turistar på land i Ny-Ålesund for nokre år sidan.

Foto: Arne Egil Tønset / NRK

Forstår innvendingane

Statsråden forstår reiselivsnæringa sine innvendingar frå høyringsrunden, men meiner det er ei god løysing å kanalisere trafikken til 43 utvalde stader.

Andreas Bjelland Eriksen fotografert i Østmarka

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Eg meiner vi på denne måten legg godt til rette for at trykket ikkje blir større enn naturen kan tole, samtidig som vi unngår ein situasjon der stadig fleire område blir belasta. No får dei liggje urørt, seier Eirksen.

Og han legg til:

– Turistnæringa er viktig, og den lever av å vise fram den urørte, fantastiske naturen og dyrelivet vi har på Svalbard. Det å få gjort desse grepa, slik at vi unngår ein negativ spiral, der stadig nye delar av naturen blir påverka, er bra for næringa i eit langsiktig perspektiv.

Turister Svalbard

Cruiseturistar på land på Svalbard. I 2022 var det meir enn 80 båtar som dreiv kommersiell turistaktivitet på øygruppa.

Foto: Astrid Rommetveit / NRK

Maks 200 på cruiseskipa

I dag er det inga øvre grense for kor mange passasjerar cruiseskipa kan ha med seg når dei segler i verneområda vest på Svalbard. No blir reglane skjerpa. Den øvre grensa på 200 passasjerar, som gjeld i aust, skal også gjelde for verneområda på vestsida av øygruppa.

Og det blir forbode å bruke drone i verneområda.

Les også Nå skal miljøverstingene vekk: – Vi begynner med Svalbard

Hanseatic, grunnstøting Svalbard, 1997

Forslaget om avstandsgrense til isbjørn, bruk av dronar i utvalde fuglefjell og spørsmål om gebyr, skal vidare til behandling på Stortinget. Miljødirektoratet har foreslått ein krav om minimum 500 meter avstand til isbjørn

Regjeringa anbefaler et generelt forbod mot å ferdast og opphalde seg nærmare isbjørn enn 300 meter. I perioden 1. mars til 30. juni, når isbjørnen er særleg sårbar, må ein halde ein avstand på 500 meter.

Dette er hovudpunkta i dei nye reglane som skal gjelde frå 1. januar 2025.

  • Forbod mot ilandstiging i verneområde bortsett frå 43 kartfesta område. Ilandstigingsforbodet vil gjelde for dei som deltar i turistverksemd, ikkje dei som reiser individuelt eller er fastbuande.
  • Regelen om maksimum 200 passasjerar om bord blir utvida til også å gjelde verneområda vest på Svalbard.
  • Forbod mot bruk av dronar i verneområda.
  • Permanent forbod mot ferdsel på sjøis etter 1. mars på utvalde fjordar. Det er gitt unnatak slik at folk skal kunne komme seg til hyttene sine.
  • Fartsgrense på maksimalt 5 knop innafor ein avstand på 500 meter frå land utanfor utvalde fuglefjell i tida 1. april til 31. august.
  • Avstandskrav og krav om redusert fart ved liggjeplassar for kvalross. Ved motorferdsel i sjø skal det haldast minst 150 meters avstand til liggjeplass for kvalross (med unnatak for nødvendig tilkomst til hamner, bygningar mv.) og ein skal ikkje halde høgare fart enn 5 knop nærare enn 300 meter frå liggjeplass for kvalross.
  • Det innførast eitt generelt forbod mot å ferdast og opphalde seg nærmare isbjørn enn 300 meter. I perioden 1. mars til 30. juni, når isbjørnen er særleg sårbar, må ein halde ein avstand på 500 meter. Avstandskravet gjeld ved ferdsel på land, på is og i sjø. Dersom man oppdagar isbjørn nærmare enn 300/500 meter på land, på isen eller i sjøen, har ein plikt til å trekkje seg tilbake.
  • Forbod mot å bryte fastis, med unnatak for å halde farleia inn til hamnene i Longyearbyen og Barentsburg opne, sikre forsyningar til Ny-Ålesund og sikrar at Kystvakta kan utføre nødvendige oppgåver.
  • Fleire må søkje om løyve til telt- og leiropphald.