– Dei må snart begynne å behandle menneske som er knytt til øyar med respekt. Vi blir behandla som pappesker som kan sendast rundt som det passar dei.
Det seier Siv Charani om dei mange kansellerte rutene i Måsøy-sambandet.
Charani bur til dagleg i Hammerfest, men saman med mannen sin kjøpte ho eit hus på Rolvsøy for 18 år sidan.
– Vi har alle eit liv, ein timeplan der vi ønsker å både rekke avtalar og bruke våre frie dagar på eit konstruktivt vis.
Jan Magne Olsen bur til dagleg på Rolvsøya i Måsøy kommune, og er som Siv Charani avhengig av ferje for å komme seg til og frå fastlandet.
Foto: PrivatSjølv om det er utfordrande for familien hennar å planlegge turane til Rolvsøy, så meiner ho at dette er noko som rammar dei fastbuande og andre som er avhengige av ei stabil båtrute mest.
– Våre tankar går vel så mykje til dei stakkars menneska som står på for å halde opne både skole, butikk, reiseliv og andre bedrifter. Fylket må på banen snarast. Dei må snart begynne å behandle menneske som er knytt til øyar med respekt.
– Må lide mest
Tidlegare ordførar i Måsøy kommune, Gudleif Kristiansen, er ein av innbyggarane i kommunen som nå er svært frustrert over situasjonen i den vesle kommunen i Vest-Finnmark.
– Stemninga blant folk er at dei er frustrerte. Forbanna om eg kan få bruke det uttrykket, seier Kristiansen.
Tidlegare ordførar i Måsøy kommune, Gudleif Kristiansen, er svært frustrert over kollektivtilbodet innbyggarane i dag har.
Foto: Allan Klo / NRK– Det kjennest som at dei ikkje bryr seg om oss. Det nyttar ikkje om ordførar eller nokon andre tar kontakt. Dei seier at det skal bli betre, men det blir ikkje betre. Kvifor er det vi her ute i Måsøy som må lide mest, seier den tidlegare ordføraren.
– Det blir ord, men inga handling, legg han til om lovnadene dei får frå fylkeskommunen som har ansvaret for båtrutene i Måsøy-sambandet.
– Det er svært beklageleg
Fylkesordføraren i Finnmark, Hans-Jacob Bønå (H), fortel at han har veldig stor forståing for frustrasjonen til dei som blir ramma av kanselleringar, men at det er heilt feil at fylkespolitikarane ikkje bryr seg.
– Seinast måndag denne veka løfta eg opp denne problemstillinga i møte med fylkeskommunedirektøren med stab. Dette etter førespurnad frå Sandland Brygge og Loppa-samfunnet som også lid veldig av at operatør ikkje leverer i samsvar med kontrakt. Det blei da også adressert at forholda er uforsvarlege og må betrast snarast.
Fylkesordførar i Finnmark, Hans-Jacob Bønå (H), opplyser at fylkespolitikarane gjer det dei kan for å sikre innbyggarane i distrikta eit godt tilbod.
Foto: Knut-Sverre Horn / NRKBønå opplyser at er det for tida er slik at Finnmark fylkeskommune kjøper og betaler for ei teneste som støtt og stadig ikkje blir innfridd i samsvar med kontraktsforpliktingar.
– Det er svært beklageleg. I dagens kontrakt er ikkje sanksjonsmoglegheitene tilstrekkelege slik eg ser det. Det skulle kosta operatøren langt meir i straffegebyr for å ikkje levere. At operatøren stadig har feil, eller mannskapsmangel er noko eg reknar som altfor dårleg. Slik kan det ikkje fortsette.
Fylkesordføraren opplyser at det for tida blir jobba med nye kontraktar og Bønå tar derfor dagens «praksis» til etterretning.
– Bussen er eit eventyr
Gudleif Kristiansen fortel at det ikkje berre er kansellerte båtruter som er ei utfordring. Busstilbodet til og frå kommunesenteret Havøysund meiner han har blitt verre og verre.
Der er ifølge Kristiansen ein minibuss som opererer på denne ruta. Det betyr at blant anna småbarnsforeldre ikkje får plass til barnevogna og må bli ståande igjen.
– Bussen er eit eventyr, for når det gjeld buss så blir det berre verre og verre. Der bryr dei seg ikkje om oss, seier Kristiansen, som meiner at det ikkje kan stemme at det ikkje kan gå ein større buss til og frå kommunesenteret.
– Vi har hatt stor buss i Havøysund sidan brua opna i 1988, men nå seier dei at det ikkje er lagt godt nok til rette for stor buss. Vi treng ein større buss og ikkje noko anna enn det.
Samtidig legg han til at beredskapen er for dårleg når det gjeld båttilbodet.
– Det skal ikkje vere sånn på ein arbeidsplass at når ein mann blir sjuk så må ein stenge heile bedrifta, seier Gudleif Kristiansen.
– Reise her nå har blitt ein risikosport.
Fylkesordførar Hans-Jacob Bønå opplyser at når det gjeld buss og størrelse, så har han ikkje kjennskap til dette, men at han vil ta dette opp i neste møte mellom fylkesordførar og fylkeskommunedirektøren.
– Det er trist at stemninga er slik at bebuarane kjenner dei ikkje blir høyrde. Men det blir dei faktisk, seier Bønå, som legg til at sanksjonsverktøyet i løpande kontrakt ikkje er optimalt.
MS Hollendaren har vore nøydde til å kansellerer ruta i to dagar i starten av oktober på grunn av mannskapsmangel.
Foto: Allan Klo / NRKVanskeleg å finne vikarar
Boreal melder at dei gjer sitt ytste for at kollektivtilbodet skal levere på ein føreseieleg og sikker måte.
– Nå har vi dessverre hatt nokre kanselleringar som følge av mannskapsmangel på grunn av akutt sjukdom. Vi er inne i ein periode der det går både influensa og omgangssjuke, og dette har ramma både vårt faste mannskap og vikarane våre, skriv kommunikasjonsansvarleg i Boreal Noreg, Jon Kristian Fadnes, i ein e-post.
– Det har blitt jobba på spreng med å finne erstattarar, men dette har vore vanskeleg. Vi har også vore i dialog med andre selskap for å leige inn skyssbåt for å ta unna persontrafikk i sambandet, men dette har ikkje vore mogleg å få til.
Klarer ikkje å unngå kanselleringar
Fadnes opplyser at bemanningssituasjonen er utfordrande for Boreal, som han er i samfunnet generelt og den maritime næringa spesielt.
– Vi jobbar kontinuerleg med mannskapsplanlegging og rekruttering. Bemanninga vår gjer ein veldig god jobb med å skaffe nye mannskap når det oppstår sjukdom, men av og til blir utfordringa dessverre for stor til at vi klarer å unngå stopp i produksjonen.
Kommunikasjonsansvarleg i Boreal Noreg påpeikar at dei veit kor viktige sambanda dei driftar er for både lokalbefolkning, næringsliv og tilreisande, og han har full forståing for at kanselleringane skaper frustrasjon.