Hopp til innhold

Tromsø prega etter dødsulukke: Slik kan du ta vare på menneske i sorg

Kva skjer med oss når vi brått blir råka av ei tragedie, og vi mistar nokon vi er glad i? To små bygder i Tromsø kommune er no råka av sorg, etter dødsulukka seint laurdag kveld.

en gruppe blomster og stearinlys på en vei

SORG: Fem menneske mista livet i dødsulukka på E8 utanfor Tromsø. Korleis skal ein oppføre seg i møte med menneske som står i sorg? Psykologen kjem med råd.

Foto: Frida Marie Flatland / NRK

– Det er veldig forskjellig korleis folk reagerer. Ein sorg og eit tap er veldig individuelt. Men det å miste sine barn, sine foreldre eller ein partnar, er jo noko av det verste ein kan oppleve.

Det seier Catharina Elisabeth Arfwedson Wang, professor og psykologspesialist ved UiT Noregs arktiske universitet.

Fem menneske mista livet i trafikkulukka på E8 utanfor Tromsø denne helga. Tysdag er namna på dei omkomne offentleggjorde.

To små bygder er råka av ein tragedie. Tre 18-åringar frå Ramfjord omkom. Ein mann i 60-åra og ei kvinne i 50-åra frå Kaldfjord omkom.

Tilbake står familie og kjende som må finne måtar å leve med sorga på.

Fire sidestilte bilder. Tre gutter, en mann og en kvinne

Audun, Jonas, Kenneth, Svein Johnny og Unni Eva omkom i ulykka i Tromsø

– Som om alt føregår i ein film

Éin av dei tre prestane som gav pårørande den tunge dødsbodskapen natt til søndag, var prest Gaute Norbye i Tromsø.

– Det var ei vond natt. Det er veldig dramatisk det som skjer når ei så stor ulukke råkar, og vi skjønar at det er så mange som blir råka. Det er på ein måte som om heile grunnvollen under beina for mange blir borte, sa han til NRK måndag morgon.

Wang seier at det første som skjer når ein mottek ein dødsbodskap, er ei ekstrem uverkelegheitskjensle.

– Ei slags numming, som om at alt føregår i ein film. På ein måte kan ein tenkje seg at det handlar om at det er heilt ubegripeleg å miste nokon som er ein så viktig del av livet ditt.

– Men det er også ein måte å forsvare seg på, fordi ein ikkje klarer å ta slikt innover seg, legg ho til.

en person med briller som står i en gang.

Psykologspesialist Catharina Elisabeth Arfwedson Wang ved UiT Noregs arktiske universitet kjem med råd til korleis ein kan møte folk som er i sorg.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Ho uttrykker si varmaste medkjensle for dei som har mista sine kjære, og har nokre tankar om korleis dei små lokalsamfunna kan bidra.

– På ein måte blir jo lokalsamfunnet ein utvida familie. Det betyr enormt mykje å føle nettverket rundt deg, når du opplever eit tap. Praktiske ting kan vere å hjelpe til med middag, komme i gravferda, smile og gje eit klapp på skuldra.

Sjølv om nokre kan trekke seg tilbake og ha veldig vondt, betyr det ikkje at ein ikkje vil ha kontakt, minner Wang om.

– Det er noko som kanskje kan vere veldig sårande. Å miste venner, at andre ikkje vågar å snakke med dei som har opplevd tapet. Ein må vere , men ikkje påtrengande.

Her snakkar prest Gaute Norbye om arbeidet med å varsle pårørande etter dødsulukka på E8:

Prest Gaute Norbye snakket med pårørende etter den tragiske ulykka på E8 i Tromsø.

Prest Gaute Norbye snakka med pårørande etter trafikkulukka på E8 i Tromsø. Han var gjest i morgonsendinga til NRK Troms måndag morgon.

Ulike måtar å takle sorg på

Smerta av å miste nokon i nær familie eller omgangskrets, kan også kjennest fysisk, seier Wang.

– Ein opplever det nesten som ei «psykologisk fantomsmerte». Som eit ope sår som berre blør og blør. Etter kvart vil såret gro. Det er ei veldig, veldig vond oppleving. Kanskje fordi andre ikkje skjønar korleis ein har det.

Psykologspesialisten fortel at kroppen er i «kjempeforsvar».

– For no har det verste som kan skje i livet ditt skjedd. Det betyr at ein ofte ikkje klarer å sove, ete eller tenkje, og blir heilt paralysert. Så det er ein veldig vond tilstand.

Ho legg vekt på at det er store individuelle forskjellar.

– Nokre kan reagere heilt motsett, med å bli veldig aktive. Det er jo ikkje eit bevisst val ein gjer, men det er den måten systemet fungerer på – så ein har litt ulike måtar å takle det på.

– Ingenting er feil eller riktig. Det er heilt individuelt, seier ho.

Her kan du sjå og høyre praten med Catharina Elisabeth Arfwedson Wang:

Hva skjer med oss når vi rammes av plutselig tragedie, og vi mister noen vi er glad i? Catharina Elisabeth Arfwedson Wang, professor og psykologspesialist ved UiT, snakker om det her.

Catharina Elisabeth Arfwedson Wang, professor og psykologspesialist ved UiT Noregs arktiske universitet, var gjest i morgonsendinga til NRK Troms tysdag morgon.

– Ha respekt for at livssituasjonen har endra seg

Wang seier at å vise medkjensle og vere veldig tilgjengeleg, men likevel ikkje påtrengande, er ein vanskeleg balansegang.

– Ein bør unngå å vere for løysingsorientert. Det er ikkje nokre enkle løysingar når ein er i ein slik sorgsituasjon. Og det kan verke litt sånn bagatelliserande, så eg tenkjer det er viktig at ein som pårørande vågar å vere til stades.

Kva er det viktigaste vi alle bør hugse på når vi møter nokon i sorg?

– Å ha respekt for at livssituasjonen for den som har mista nokon har forandra seg. At det ikkje berre tek nokre månader, og så lever vi vidare. Det er kanskje noko av det folk i sorg opplever som veldig trist, at folk ikkje skjønar det.

– Ein person i sorg opplever at heile livet har forandra seg. Det tek tid. Det tek veldig mange år. Kanskje eit heilt liv, avsluttar Wang.

Les også Sterke inntrykk frå dødsulukka i Tromsø: – Set preg på heile landet

Brann i Tromsø, sørtromsøya, tromsøya
Innsatsleder Arild Warholm