– Det er helt utruleg at det finst nokre som tør å tenke ut noko som dette. For oss vil det få store konsekvensar, seier Einar Røe i Sandøybotn på Sørøya i Finnmark.
Hurtigbåtane som kan frakte biler til og frå de minste samfunna langs kysten av Vest-Finnmark kan bli byttet ut med mindre skyssbåtar.
Desse fartøya kan ikkje ta med personbilar.
Det er politikarane i Troms og Finnmark fylkeskommune som vurderer dette, ifølgje eit internt notat. Etter det NRK kjenner til er det fylkesadministrasjonen i Vadsø som har forfatta notatet, men dette er ikkje stadfesta.
Forslaget omfattar mellom anna Loppa, Altafjorden, Sørøysundet ved Hammerfest og deler av sambandet i Måsøy.
MS Melkøy er blant dei bilførande hurtigbåtane langs kysten av Vest-Finnmark.
Foto: Jan Harald Tomassen / NRK– Jobbar i oppoverbakke
Einar Røe driv eit gardsbruk i kombinasjon med Sørøya Gjestestue og havfisketurisme. Han har fleire køyretøy som jamleg må fraktast frå Sandøybotn til Hammerfest for service og vedlikehald.
Dette vil ikkje lenger vere mogleg dersom den bilførande hurtigbåten blir bytt ut med ein skyssbåt.
– Vi jobbar hele tida i oppoverbakke. Det skal alltid skjerast ned eller at det blir kutta, og det er sjeldan at det går vår veg. Dersom ryktet stemmer vil dette få enorme konsekvensar for oss. Berre det å handle med kraftfor til gårdsdriften vil då vere umogleg, seier han.
Einar Røe fryktar for framtida på Sandøybotn i Hasvik om hurtigbåten forsvinn.
Foto: Ilona Røe / Sørøya GjestestueHovudutvalsleiar for næring, miljø og utvikling i Hammerfest, Kurt Methi, er heller ikkje imponert over forslaget.
– Dette er ikkje noko som fremmer ei utvikling av distrikta. Om forslaget får gjennomslag vil dette faktisk bidra til å demontere dei små kystsamfunna, seier Methi.
Kurt Methi i Partiet Nord i Hammerfest fryktar ei demontering av dei små kystsamfunna om kuttforslaget frå fylkeskommunen blir vedteke.
Foto: Allan Klo / NRKVil behalde enkelte hurtigbåtar
I notatet blir det understreka at skyssbåtar ikkje skal nyttast på stader med større næringsverksemd. På Årøya i Altafjorden og i Akkarfjord på Sørøya skal det framleis nyttast bilførande hurtigbåt.
Fylkeskommunen tek i notatet opp kva det vil seie å føre vidare ei overvekt av hurtigbåtruter til små og veglause bygder med låg inntening.
– Eg meiner at det offentlege har et ansvar for at folk skal kunne leve og bu der de har heimen sin. Dersom forslaget blir vedtatt vil det vere et signal ut om at nokre stader ikkje er viktige eller liv laga. Vi har ein spreidd busetjing i Finnmark, og da må vi finne løysingar som varetar alle saman, seier Lodve Svare i Hammerfest Senterparti.
Lodve A. Svare i Hammerfest Senterparti meiner at det offentlege har eit ansvar for at folk skal kunne bu der dei har heimen sin. – Vi har ei spreidd busetjing i Finnmark, og då må vi finne løysingar som varetek alle saman, seier han.
Foto: Allan Klo / NRKBlir behandla til hausten
NRK har bede om intervju med fylkesråd for samferdsel i Troms og Finnmark, Agnete Masternes Hanssen (Ap), men ho vil berre svare på SMS.
Her skriv ho:
«Fylkestinget skal behandle prinsipp for nye sjøkontraktar i fylkestinget i oktober. Då vil alle fartøy vurderast ut frå kva som er formålstenleg, både til bruk og ut frå økonomi. Alle alternativ bør greiast ut og vurderast før noko blir vedteke. Då vil fylkestinget kunne ta avgjerder på rett grunnlag».
Det er partia Sosialistisk Venstreparti, Arbeidarpartiet og Senterpartiet som styrer fylkeskommunen i det nordlegaste fylket i landet.
Agnete Masternes Hanssen er fylkesråd for samferdsel i Troms og Finnmark.
Foto: André Bendixen / NRKMeiner små samfunn skal prioriterast
Fylkesleiar i Finnmark Senterparti, Heidi Holmgren, skriv i ein e-post til NRK at ho er tydeleg på kva ho og fylkeslaget meiner.
«Veglause fiskevêr og øysamfunn skal prioriterast når dei nye sjøkontraktane frå fylkeskommunen skal etablerast. Fiskevêr, altså der det er fastbuande innbyggjarar, skal ha moglegheita å ta bilen sin heim også i framtida. Vi kallar desse sambanda «livline-samband» sidan dei berre har eit transportmiddel, nemleg den fylkeskommunale båtruta».
– Matproduksjonen som Finnmark bidreg til, vil bli stadig viktigare i framtida. Dette gjer rolla og ansvaret frå fylkeskommunen for fylkesvegar, ferje-, kombibåt- og busstilbod spesielt viktig, meiner leiar i Finnmark Senterparti, Heidi Holmgren.
Foto: PrivatDagens avtale med Boreal vart inngått med Finnmark fylkeskommune i 2016. Dei nye hurtigbåtkontraktane skal gjelde frå 1. januar 2026.
NRK er kjent med at liknande forslag om å setje inn skyssbåtar er til vurdering også andre stader i landet: