Derja Bun er flyktning frå Ukraina. På grunn av leddgikt bruker ho rullestol, og er heilt avhengig av hjelp frå mannen sin og vekevise turar til sjukehuset.
– Eg må på sjukehuset to, av og til tre gonger i veka, seier ho.
Ho bur i Bjørnvatn i Sør-Varanger, 15 minutts køyretur unna det lokale sjukehuset. Ho har ikkje privat bil og kan ikkje bruke offentleg transport. Derfor bestiller pasientreiser som regel taxi til henne.
Men frå 1. oktober har den lokale taxisentralen ikkje lenger avtale om pasienttransport, og drosja må derfor komme frå nabokommunen. For Sør-Varanger kan det bety ein køyretur på halvannan time éin veg for taxisjåføren.
– Eg trudde reisa var booka til torsdag, men så fekk eg melding i dag om at dei manglar transport til meg. Dette er tredje gongen det skjer, seier Darja Bun.
Foto: Kristina Kalinina / NRK
Fleire kommunar utan avtale
Den siste avtalen Helse Nord har inngått avtale med er Nordkapp Taxisentral DA.
I ei pressemelding skriv dei at avtalen er inngått i tråd med rammene av den gjennomførte anbodskonkurransen. Kontrakten er gyldig frå 13. oktober. Avtalen strekker seg over tre år, med moglegheit for forlenging i inntil eitt år.
Nordkapp Taxisentral DA vil stå for transporten av pasientar til og frå behandling, og avtalen legg vekt på miljøvennlege løysingar.
Det er dermed fem kommunar som ikkje har ein avtale med pasientreiser om transport med lokale drosjeselskap.
Bjørn-Eirik Mikkola, leier i Noregs Taxiforbund avdeling Finnmark, opplyser at for Kirkenes Taxi er prisen og kravet om elbil hovudårsakene til at dei ikkje har inngått ein avtale.
– Vi føler at krava her blir pressa på oss utan at strukturen har vore i orden. I Vest -Finnmark er den veldig bra i dei fleste distrikta, men ikkje overalt. Derfor vil ikkje vi ha elbil. Vi kan ikkje sette pasientar eller tilsette i fare i kaldt og dårleg vêr og risikere at ein går fri for straum, seier han.
Mikkola meiner situasjonen rammar dei svakaste i samfunnet. Spesielt eldre, som må legge ut for transport sjølv, og ikkje klarer å bruke reiserekningssystemet.
– Dei har ikkje pårørande som kan hjelpe seg. Kven skal hjelpe dei da? Og bur du litt utanfor byen, så byrjar det å koste mykje pengar.
Leiar i Noregs Taxiforbund avdeling Finnmark, Bjørn-Eirik Mikkola.
Foto: Kristina Kalinina / NRK
Høgare terskel for å dra til legen
Situasjonen uroar også fylkesordførar Hans Jacob Bønå (H).
– Terskelen blir høgare for å vende seg til fastlegen sin og få tilvising til spesialisthelsetenesta, fordi ein veit at det er så mykje styr med å komme seg til og frå sjukehus, seier han.
Bønå har også forståing for at drosjeeigarar vel å la vere å gå over til elbilar. I dei seks kommunane har Helse Nord lyst ut anbod fire gonger sidan desember i fjor, utan å bli einig med lokale aktørar.
Også Aust-finnmarksrådet er ueinig i nye krav frå pasientreiser om at nye drosjar skal vere elbilar.
Fylkesordførar Hans-Jacob Bønå.
Foto: Knut-Sverre Horn / Knut-Sverre HornFinnmark elbilforeining meiner på si side at det er nok ladarar i Aust-Finnmark.
Helseføretaket skriv i ein e-post at dei prioriterer refusjon til pasientar i ramma kommunar, og held døra open for aktørar som ønsker å inngå pasienttransportavtale.
Men ukrainske Derja er usikker på kva ho skal gjere i mellomtida.
– Den norske staten har brukt masse pengar på behandlinga mi. Om eg nå ikkje kjem meg dit for å avslutte behandlinga, så blir alle desse pengane bortkasta, seier ho.