– Du er ikkje vinnar før du har kryssa målstreken, sa femtenåringen då NRK slo av ein prat på sjekkpunktet Jotka.
Men i dag var det klart: juniorkøyrar Ole Henrik Isaksen Eira er vinnaren av Finnmarksløpet 2019. Dette er første gong ein juniorkøyrar vinn to år på rad. Og det var ein glad Eira som kryssa målstreken klokka 13.43 søndag ettermiddag.
Bak han har dei unge kvinnene Ronja Persson og Mari Jøraholmen jaga, men Eira hadde god fart på siste etappen og var uslåeleg.
Har trent hundar saman med veteran
Dei to siste sesongane har Eira trent hundar saman med ein av veteranane innan Finnmarksløpet, May-Conny Johansen. Frå podiet fekk ho ein ekstra takk av den stolte vinnaren.
May-Conny Johansen kunne også informere om at Eira var usikker på om han skulle stille i år. Han hadde jo gjort det så godt året før. Dessutan hadde han andre interesser og skule som tok tid.
Rett før påmeldingsfristen melde han seg likevel på, og stilte for Storgjerdet Husky og er med i Alta trekkhundklubb.
GPS-signalet var borte
Det var lenge spenning om kvar juniorkøyrar Ole Henrik Isaksen Eira (15) var i løypa på siste etappen. Finnmarksløpet kunne informerte om at GPS-signalet ikkje fungerte heilt som det skulle. Men med eit forsprang ut frå sjekkpunktet Jotka 2 på 18 minutt, var det likevel klart at han mest sansynleg låg i teten.
I år består juniorklassen i Finnmarksløpet av 11 deltakarar. Fem av desse var veteranar og seks køyrde den 200 kilometer lange løypa for første gong.
Resultatliste:
1. Ole Henrik Isaksen Eira
2. Maria Jøraholmen
3. Ronja Persson
4. Klara Fjellborg
5. David Aslaksen
6. Ida Krempig
6. Sunniva Tunheim
8. Mariell Kristensen
9. Helene Sørensen
10. Henriette Karlsen Brenna
X. Eirik Lindstad