Hopp til innhold

No kan du vere med å overvake avskoging av regnskogen

For første gong er regnskogovervaking tilgjengeleg for alle i heile verda. Bileta, finansierte av Klima- og miljødepartementet, er så detaljerte at du kan sjå eit enkelt tre forsvinne.

Satellittbilde viser avskoging for gruvedrift i Peru

Her ser du avskoging som følgje av gruvedrift i Peru.

Foto: Planet Labs Inc.

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Satellittkartet gjer det mogleg å overvake det tropiske skogbeltet i 64 land. Tenesta er gratis og tilgjengeleg for alle. Det har aldri blitt gjort før.

Datasettet er så detaljert at du kan sjå om eit enkelt tre blir hogd ned.

Karstein Ringjord

Karstein Ringjord, salsleiar i KSAT.

Foto: Daniel Lilleeng

– Tradisjonelt er tidsriktige satellittbilete veldig dyrt. Her vil alle få høve til å gå inn å sjå kva som skjer. Ingen kan kome med informasjon som er skjult for andre, seier Karstein Ringjord.

Han er del av Kongsberg Satellite Services (KSAT), som har utvikla tenesta, saman med Airbus og Planet. Tenesta vart lansert på torsdag.

Ho vil gi oppdaterte bilete kvar einaste månad, over heile det tropiske regnskogsområde, dei neste fire åra.

– Det næraste vi kjem det her er Google Earth, men det er gjerne satellittbilete som er mange år gamle, seier Ringjord.

NICFI sitt tropiske regnskogkart viser satielittbilete over regnskogen i 64 land.

Satellittane vil overvake regnskogen i heile det tropisk skogbeltet, i 64 land.

Foto: NIFCI

Kan sjå om kaffien din er frå avskogingsområde

Kvart einaste minutt mistar regnskogen areal som tilsvarar 40 fotballbaner. Mykje av dette skjer ved ulovleg hogst, eller store internasjonale selskap og næringar som ryddar store område med skog.

Det har funnest verktøy til å følgje med på dette før, men det har vore så dyrt at berre nokre få private aktørar har hatt tilgang til det.

– Dette gjer det enklare for styresmakter i skogland å sjå kvar det skjer avskoging kvar månad, og så sette inn tiltak for å stoppe det, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Den norske regnskogsatsinga, NICFI, har finansiert det, og sørga for at bileta er gratis og tilgjengeleg for alle. Prisen ligg på opp til 100 millionar kroner i året.

– Mykje av produkta våre kan kome frå avskogingsområde, om det er kaffien du drikk, avokadoen eller sojamelka. No kan organisasjonar, selskap og forbrukarar gå gjennom dette i saumane, seier Rotevatn.

Det kan du gjere ved å finne ut kva område råvara er produsert, for så å samanlikne bilete frå tidlegare år, for å sjå om det foregår avskoging.

Bileta vil vere viktige for styresmakter, bedrifter, investorar, journalistar, forskarar og frivillige organisasjonar.

Sveinung Rotevatn
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Spesielt viktig for lokale aktørar

– Dette er veldig viktig for all regnskogsbevaring. Det er ei brikke som fell på plass. Både i tid og tilgjengelegheit er dette eit kvantesprang, seier Kari Asheim i Regnskogfondet.

Kari Asheim i Regnskogfondet

Kari Asheim i Regnskogfondet seier satellittenesta utelukkande er positivt for regnskogbevaring.

Ho seier at dette er aller viktigast for organisasjonane og styresmaktene i landa der avskoging skjer.

– Veldig få regnskogland har hatt råd til å følgje med på dette før. No kan dei følgje med på både ulovleg hogst og få rask data på ulovleg avskoging over store område.

Ifølgje Regnskogfondet har vi allereie mista ein tredel av regnskogen. Halvparten av det som er igjen er øydelagd, men ikkje avskoga. Det vil seie at den er så utplukka at den risikerer å ikkje fungere lenger som regnskog.

– Det foregår både ei stille øydelegging og ei avskoging. Dette systemet kan også avdekke øydelegginga. Det som skjer tre for tre, seier Asheim.

Du kan vere med å overvake regnskogen på Global Forest Watch eller Planet.

Eit av dei mest avskoga områda i Brasil, frå 400 km høgde. Delstaten Rondônia i den vestre delen av Brasil.

Dette er biletet viser Rondônia i Brasil, eit av dei mest avskoga områda i verda.

Foto: Planet Labs