Hopp til innhold

Strammar inn laksefiske i Aust-Finnmark: Har sett nedgangen sidan 2017

Nå blir laksefiske redusert både i sjøen og i ei rekke elvar i Varangerfjorden. Leiar i Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag seier det vil få økonomiske konsekvensar.

Vidar Isaksen, daglig leder i Vestre Jakobselv jeger- og fiskeforening, holder opp pukkellaks ved laksetrappen i Vestre Jakobselv.

Ei av elvane som Miljødirektoratet vil stramme inn på er Vestre Jakobselv. Dagleg leiar i Vestre Jakobselv jeger- og fiskeforeining Vidar Isaksen synest tiltaka er bra, men at dei ikkje kjem til å stenge elva tidleg.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

I over to veker har 33 lakseelvar sør for Nordland vore stengd for fiske, grunna uvanleg lite laks i elvane.

Nå har Miljødirektoratet bestemt at 16 av elvane skal opnast for svært avgrensa fiske.

I same pressemelding melder direktoratet at dei nå strammar inn for laksefiske i sjøen og i ei rekke elvar i Varanger.

Frank Emil Trasti, leier i Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag, meiner at det må vere like vilkår.

– Vi er på tilbodssida om det er nødvendig å redusere fisket. Vi vil ta vår del, men det må vere på like vilkår. Stenger ein for sjølaksefiske, så må ein også stenge elvefiske, seier Trasti.

Frank Emil Trasti, leder i Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag

Frank Emil Trasti, leiar i Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag meiner at det bør vere likskap mellom tiltaka for sjø- og elvefiske.

Foto: Privat

Les også Opnar 16 av 33 stengde lakseelver: – Veldig alvorleg for oss

Gerald Grewe på Brekkøya camping i Surnadal

Får betydning

Etter fleire år med svakt lakseinnsig i Varangerfjorden i Aust-Finnmark, ser det foreløpig ut til å bli enda færre laks enn før, skriv Miljødirektoratet.

Mange av elvane i området har i fleire sesongar blitt stengde tidleg etter lokale vedtak, men det har ikkje vore same innskrenking på sjølaksefiske i same periode. Ifølge Miljødirektoratet tar sjølaksefisket meir enn 70 prosent av fangstane i denne regionen.

Derfor blir laksefiske redusert i sjø i Varangerfjorden frå fire til to dagar i dei resterande to vekene av sesongen i år. Dette inkluderer sidefjordane Karlebotn, Kjøfjord, Bøkfjord og Jarfjord.

Reduksjonen vil få ei betydning for sjølaksefiskarane.

– Det er eit levebrød for mange sjølaksefiskarar. Så det er klart det har økonomiske betydningar. På same måte som elvegrunneigarar taper store pengar på det. Dette er økonomi for begge partar, både i sjø og i elv, seier Trasti.

Les også Morten mistet 70 prosent av inntekten over natten

Morten Lorentzen, gårdseier og laksefisker

Stiller spørsmål til myndigheitene

Trasti stiller spørsmål rundt den manglande langsiktige forvaltninga til myndigheitene, da dei straks opnar elvane for fiske igjen, så fort det kjem litt laks.

Han meiner også at ein burde kutte ut «fang og slepp».

– Å bruke det som forvaltning, det er ikkje forsvarleg, seier Trasti.

– Sjølaksefisket har vore strengt regulert dei siste åra og vore kutta stort i 2021, da heile kysten blei stengd utan at elvane blei stengde. Så ja, vi tar det til etterretning, seier Trasti.

Hoppa over konsultasjonsplikta

Sametingspresident Silje Karine Muotka er kritisk til at Miljødirektorat ikkje følgde konsultasjonslova frå 2021, men heller lente seg på eit regelverk frå 2014.

– Eg meiner det er kritikkverdig at Miljødirektoratet ikkje har konsultert med ramma samiske rettshavarar, seier Moutka til Ságat.

Sametingspresident, Silje Muotka står utendørs.

Sametingspresident Silje Karine Muotka er liker dårleg at Miljødirektoratet har hoppa over konsultasjonsplikt med ramma samiske rettshavarar i saka som gjeld fiske etter laks.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrk

I ei pressemelding skriv styret Sør-Varanger Sjølaksefiskarlag at dei støttar sametingspresidenten sin kritikk av at direktoratet ikkje har konsultert med dei, og andre ramma rettshavarar i elv og sjø før desse reguleringane.

– Lova skal sikre gode prosessar og at ein har legitimitet lokalt, skriv styret.

Raoul Bierach, seksjonsleiar for fiskeseksjonen i Miljødirektoratet fortel til NRK at årsaka til at dei ikkje følgde konsultasjonsplikta var på grunn av at det var eit hastevedtak.

Raoul Bierach, seksjonsleder i Miljødirektoratet står utenfor en bygning.

Raoul Bierach, seksjonsleiar for fiskeseksjonen i Miljødirektoratet forklarer at dei skal gå gjennom korleis dei kan gjere hastevedtak i trå med konsultasjonsplikta.

Foto: Agnete Daae-Qvale Holmemo / NRK

Vi avtalt ein rutine som skal følgast i ekstraordinære situasjonar som vi har i år, der ein ikkje kan følge vanlege prosedyrar som ei høyring. I ei sånn sak har vi etablert ei forståing med Sametinget i 2014 om korleis dette kan gjerast, seier Bierach.

Han opplyser at direktoratet skal på bakgrunn av kritikken følge opp saka, og sjå på korleis det kan etablerast nye rutinar i hastesaker.

Les også Anmelder staten for å utrydde villaks

Laksefiskere i Bjerkreimselva

Har gjort tiltak

I elvane som renn ut i Varangerfjorden med sidefjordar, blir laksefiske avslutta to veker før det som tidlegare har blitt bestemt, opplyser Miljødirektoratet.

Dette betyr at laksefiske stenger 17. august i Komagelva, Skalleelva, Vestre Jakobselv og Bergebyelva. Og 1. august i Storelva, Munkelva, Haukelva, Braselva, Sandneselva, Klokkerelva og Nyelva.

Vidar Isaken er dagleg leiar av Vestre Jakobselv jeger- og fiskerforeining, og han synest tiltaka frå Miljødirektoratet er bra.

Han forklarer at dei har sett ein nedgang sidan 2017, og har lokale tiltak i tråd med grepa til direktoratet.

– Vi har totalfreda holaksen og redusert kvoten på hannlaks. Det er i trå med rapporten frå Miljødirektoratet, det gjer at vi har eit tilbod ut august, seier Isaksen.

Vidar Isaksen, daglig leder i Vestre Jakobselv jeger- og fiskeforening

Vidar Isaksen, dagleg leiar i Vestre Jakobselv jeger- og fiskeforeining fortel at dei har sett trenden i laksebestanden i elva i fleire år, og har stramma inn på fiske.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Han forklarer at holaksen utgjer gytebestandsmålet til ei elv, som har ført til at holaksen har vore freda i Vestre Jakobselv i fleire år.

– Å frede holaks er jo faktisk viktig for framtidige generasjonar. For laksen sin del, og fordi at ein kan tilby laksefiske i åra framover, seier Isaksen.

Les også Ber oppdretterne bla opp for laksekrisen

Fluefiske etter laks. Nærbilde av en mann står i elva og fisker. Bildet er tatt i Trøndelag og Stjørdalselva, ved stedet Flora