Hopp til innhold

Kulturtilbodet lid: – Eg er ikkje heilt sikker på kva staten gir pengar til

Ungdommar ønsker større satsing på kulturtilbod i kommunen. Statsbudsjettet ser ikkje ut til å oppfylle ønsket.

En gutt spiller på piano

– Kva gjer ein utan ny musikk som folk kan lage?, undrar Joar Nielsen-Gschib. Han vil ha meir støtte til kulturtilbodet til ungdommar.

Foto: Matheo Dolva / NRK

– Kven ville vi vore utan kultur? Ikkje alle har lyst til å drive med sport, og da er kultur ein fin måte å utfalde seg på.

Det seier Nikoline Hooas Reiersen. Ho går sitt første år på musikklinja ved Alta vidaregåande skole og dansar på kulturskolen.

Onsdag la regjeringa fram forslaget sitt til statsbudsjett for neste år. I det vil 27 milliardar kroner gå til kulturtilbod i Noreg, ein auke på 1,2 milliardar.

Nikoline Hoaas Reiersen er 1. års elev på musikklinja på Alta VGS

– Eg ville gitt pengar til kultur, skolar og kommunar generelt, seier Nikoline Hooas Reiersen dersom ho var sjef over statsbudsjettet.

Foto: Matheo Dolva / NRK

Les også Dette får Finnmark i statsbudsjettet for 2026

Vadsø by sett fra en topp

Golv i oppløysing

Ifølge kommunedirektør i Alta, Oddvar Konst, er den økonomiske veksten til kommunane lågare enn venta.

Det betyr at sjølv med den generelle auken, så vil ikkje kommunen kunne prioritere å gi store summar til kulturtilbodet i Finnmark.

Det er veldig trist og dårleg, meiner Reiersen.

– Eg er ikkje heilt sikker på kva staten eigentleg gir pengar til. Det verkar som at Noreg er eit veldig rikt land, men kommunane er framleis kjempefattige, seier ho.

Reiersen er ein aktiv del av kulturtilbodet som finst, og ho veit kva ho ville brukt pengane på dersom ho fekk bestemme.

Les også Skuffet over statsbudsjettet: – Det er tydeligvis ikke vanlige folks tur

Bengt Rune Strifeldt Alta Frp stortingsrepresentant. Litt misfornøyd.

– Kulturskolen manglar spegel over heile veggen i dansesalen, og golvet held på å gå i oppløysing.

Reiersen meiner at kommunen ikkje investerer nok i kulturskolen, og ho har sjølv opplevd å miste eit tilbod.

– Eg gjekk på fiolin, men vi hadde berre éin lærar til veldig, veldig mange elevar. No er det ikkje noko fiolinmiljø i Alta lenger, sidan skolen ikkje fann ein ny lærar etter at den førre slutta. No har dei kutta stillinga heilt.

Kamp om midlane

Kommunen, som finansierer kulturskolen, står med hendene bunde med dei tilskudda statsbudsjettet legg opp til.

– Sånn som vi ser det, er vi i nedre sjikt. Konklusjonen vår er at dette er litt svakare enn det vi hadde venta, seier kommunedirektør Konst.

En mann står ute

– Eg trur nok mange kommunedirektørar i Noreg hadde ønskt seg eit større løft til kommunane enn det ein faktisk klarer å sjå nå, seier kommunedirektør i Alta, Oddvar Konst.

Foto: Matheo Dolva / NRK

Konst seier at kultur er ein del av prioriteringa som kommunane må gjere.

Men det er enklare sagt enn gjort for kommunen som stadig må kutte i utgiftene.

– Vi har ikkje veldig mange frie midlar utover det vi hadde tidlegare. Det blir ein kamp om midlane framleis, også i kommunesektoren.

Les også Vil kutte kraftig i helseomsorgen: – Pappa er altfor syk til å dele rom

Lise Berg har en pappa med demens på sykehjem. Hun håper at han ikke må flyttes nok en gang.

Blei lova 150 millionar

Kulturleiar i Alta, Tor Helge Reinsnes Moen, fann ingen gode nyheiter i budsjettet.

– Eg klarer ikkje å sjå nokon veldig positive ting i statsbudsjettet. Pengar til kulturfond, som for eksempel Regionalt kulturfond, er foreslått redusert frå 75 til 40 millionar kroner.

– Det er eit stort nederlag for kulturkommune-Noreg.

En mann sitter i en rød stol i et grønnmalt rom

– Eg ser at nokre institusjonar får litt styrking, men det er synd at det ikkje ligg eit større kulturløft, seier kulturleiar Tor Helge Reinsnes Moen.

Foto: Matheo Dolva

Moen seier han ikkje var førebudd på kutt.

– Mange av partia lova at dei skulle gå inn for 150 millionar kroner i 2026-budsjettet.

Det er likevel nokre lysglimt ifølge Moen, sjølv om dei ønsker meir pengar.

– Oppi all elendet skal vi framleis bruke mykje pengar og ha mykje aktivitetar, så vi skal ikkje svartmåle for mykje heller.

Les også Må kutte 50 millionar: Sigurd (15) fryktar for kulturskoletilbodet

Sigurd Larne Tolk i Vadsø spiller trommer.

– Skulle gjerne hatt meir

Emma-Helen Levang og Joar Nielsen-Gschib er tredjeklassingar på musikklinja til Alta vgs.

Dei skulle gjerne sett meir midlar til tilbodet som allereie lid.

– Det er allereie veldig lite pengar som går til det kulturelle, i alle fall her i Alta. Kulturskolen skulle hatt fleire lærarar og flinke folk til å lære bort musikk og kunst, seier Levang.

En gutt og en jente blir intervjuet

– Musikk og kultur gir mykje glede for folk, og bør få meir pengar, meiner Joar Nielsen-Gschib og Emma-Helene Levang.

Foto: Matheo Dolva / NRK

Fritidstilboda som kulturskolen tilbyr er populære. Det gir lange ventelister, seier Nielsen-Gschib.

– Kulturskolen har hatt éin til to songpedagogar om gongen, som er veldig lite. Mange må vente eit heilt år eller to for plass, noko som er dumt.

Tilbodet er ein viktig inngang for å drive med musikk, meiner dei to.

en kvinne som spiller piano og en mann som ser på

Joar Nielsen-Gschib og Emma-Helene Levang har hatt stort utbytte av kulturtilboda i Alta, seier dei.

Foto: Matheo Dolva / NRK

– Eg gjekk på kulturskolen sjølv, og det var det som fekk meg til å begynne på musikklinja på vidaregåande. Når ein først kjem inn er det eit heilt fantastisk tilbod, seier Levang.