Hopp til innhold

Opnar 16 av 33 stengde lakseelver: – Veldig alvorleg for oss

16 av dei 33 stengde lakseelvene i Sør-Noreg blir opna for avgrensa fiske. Surna er ikkje ein av dei. No fryktar campingeigar for levebrødet.

Gerald Grewe på Brekkøya camping i Surnadal

FRYKTAR FOR LEVEBRØDET: Gerald Grewe som driv Brekkøya Camping i Surnadal er redd at campingplassen ikkje overlever at elva blir verande stengd.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

I over to veker har 33 lakseelver sør for Nordland vore stengt for fiske.

Stenginga blei gjort av Miljødirektoratet etter at det var uvanleg lite laks i elvene.

No har direktoratet bestemt at 16 av elvene skal opnes for avgrensa fiske.

Ei ny oppsummering av fangsttal og fisketeljingar viser at det framleis er naudsynt med ekstraordinære tiltak i laksefisket i elvane og fjordregionane frå Trøndelag og sørover, seier Raoul Bierach i Miljødirektoratet.

16 av dei 33 elvene Miljødirektoratet stengde for laksefiske, blir no opna for eit svært avgrensa fiske og med strenge betingelser.

Fisket blir open frå midnatt natt til torsdag 11. juli.

Streng gjenopning

Tiltaka Miljødirektoratet innfører varierer frå elv til elv. Det vil mellom anna vere grensar for kor store laks som kan bli fanga og kor lenge fisket vil vare.

– Vi har bedt den lokale forvaltninga om å kome med forslag til korleis elvefisket kan fortsette, seier Bierach.

– Det er litt variasjon. Nokre stader vil det bli fiska meir eller mindre som normalt, andre stader vil det bli eit mykje strengare regime.

Generalsekretær i Norske lakseelver, Torfinn Evensen, er glad for at dei 16 elvane er opna. Han meiner at avgrensingane som kjem er ansvarlege.

– Det trur eg skal gå bra. Da har ein rekna fram til at det skal vere enda gytefisk igjen i elvane etter at fiskesesongen er over.

Samstundes kjenner han med dei elvane som held fram med å vere stengde heile sesongen.

– Det er viktig for oss å presisere at det ikkje er elvane si skuld. Det er rett og slett ikkje noko haustbart overskot.

Verdalselva

Verdalselva er ei av dei 33 elvene som har vore stengd for fiske sidan 23. juni, og som no opnar.

Foto: Tariq Alisubh/NRK luftfoto

– Veldig alvorleg for oss

På Brekkøya camping i Surnadal har det vore som natt og dag sidan laksefisket stengde. Den populære lakseelva Surna var ikkje blant dei som var med blant elvane som opna tysdag ettermiddag.

Det er nesten tomt på den vanlegvis godt besøkte campingplassen.

Eg las gjennom lista fleire gonger for å sjå at vi verkeleg ikkje var med. Det er veldig alvorleg for oss. Det er akkurat desse tre månadene kor fiskarane kjem som gir oss høve til å tene nok til å kome oss gjennom vinteren, seier Gerald Grewe som driv campingplassen.

– Er det ikkje sikkert at de overlever til neste år viss elva ikkje opnar?

Det kan vere. Dommedag er det verste som kan skje, og vi håpar no ikkje det. Vi må begynne å permittere folk og prøve å overleve. I verste fall må ein kanskje tvile litt på levebrødet og eksistensen framover.

Gerald Grewe på Brekkøya camping i Surnadalo

Grewe måtte lese gjennom lista over elvane som opnar fleire gonger.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Blanda mottaking

I Grong er stemninga blanda etter Miljødirektoratet sin avgjerd tysdag ettermiddag.

– Det er veldig fint at det no blir opna. Men det blir på et veldig avgrensa nivå, og berre i ei månad, seier Ola Seem, styreleiar i Namsevessdraget elveeigarlag.

Sjølv om han er glad for opninga, vil det vere grensar for kor store laks som kan bli fiska i vassdraget.

– Med tanke på innsiget som har vore kan det sjå ut som at vi har eit overskot på smålaks, og da er det vi kan ta ut.

– Og så er det skuffande at vi ikkje kan fiske lenger enn til 15. august.

IMG_0336 laks Grong

Ola Seem er glad for at Namsen er ei av elvene som no blir delvis opna.

Foto: Randi Wilsgård / NRK

Strammar inn i Finnmark

Nord for Trøndelag blir det normalt teke mest laks i elvane frå juli og utover i sesongen.

Tilstanden for laksen har vore betre i Troms og Vest-Finnmark enn i andre delar av landet.

Samstundes er det etter fleire år med svakt lakseinnsig i Varangerfjorden i Aust-Finnmark, førebels færre laks enn før, skriv Miljødirektoratet.

Laksefisket i sjø i Varangerfjorden blir derfor redusert frå fire til to dagar i dei resterande to vekene av sesongen i år.

I elvane som renn ut i Varangerfjorden med sidefjordar, blir laksefisket avslutta to veker tidlegare enn det som har vorte bestemt.

Geir Kristiansen, leier i Berlevåg Jeger og fiskarforeining, synest tiltaka er heilt på sin plass.

– Eg trur dei fleste andre forvaltarane i fylket har full aksept for at vi må gjere nokre grep. Laksen er ein raudlista trua art, og vi kan ikkje ta opp siste laksen i elva. Det går ikkje an, seier Kristiansen.

Fluefiske etter laks. To menn står i elva og fisker. Bildet er tatt i Trøndelag og Stjørdalselva, ved stedet Flora

Stopper laksefisket flere steder i landet: – Uforståelig

Jegerar og fiskarar positive til tiltaka

Vi ser positivt på at utviklinga i innsiget av villaks i nokre område har betra seg i det siste, og at 16 elver kan gjenåpnes for fiske, seier Alv Arne Lyse i Noregs Jeger- og Fiskerforbund.

Samstundes er dei bekymra for situasjonen.

Det er dramatisk at Gaula og Orkla, to av landets aller viktigaste elver for sportsfiske etter laks ikkje kan bli gjenopna.

Lyse peiker på at lakselus og rømt laks frå oppdrettsnæringa skaper problem for villaksen.

Så kritisk som situasjonen er for villaksen må regjeringa handle.

Les også Ber oppdretterne bla opp for laksekrisen

Fluefiske etter laks. Nærbilde av en mann står i elva og fisker. Bildet er tatt i Trøndelag og Stjørdalselva, ved stedet Flora

Rapport før helga

På slutten av førre veke kom Norsk institutt for naturforsking (NINA) med ein ny rapport om tilstanden av laks i elvene.

– Situasjonen er alvorleg og viser at tiltaka om å stenge fisket i sjø og elv var naudsynt. Mange plassar vil det framover vere naudsynt med strenge tiltak.

Det sa seniorforskar Torbjørn Forseth til NRK fredag.

Rapporten frå NINA var basert på nye tellinger og data frå både dei stengde elvene og elver som framleis er opne for fiske.

Rapporten slo fast at lite mellomstor og storlaks svømmer opp elvene sør for Nordland.

Nord for Trøndelag er tilstanden meir varierande.

– Det ser betre ut i Troms og Vest-Finnmark enn andre delar av landet, men i Varangerfjorden er det så langt teikn som tyder på vesentleg mindre laks enn tidlegare, heiter det i rapporten.

Les også Ny vurdering om laksefiske: – Situasjonen har ikke blitt bedre

Villaksen «nær trua»

Laksefisket i fjor var det dårlegaste nokosinne og fangsten av villaks sokk kraftig frå året før.

I 2022 blei det fanget 97.678 villaks av sportsfiskerne i norske lakseelver. Talet for 2023 var 70.593.

Villaksen er rødlista i Artsdatabanken og vurderast som «nær trua».

Les også Kom med «laksekrav» til ministeren: – Nokon må trekke i handbrekket

Vegard Heggem møter Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i laksemøte på Hegra