Hopp til innhold

Frå busskrise til glede: Fekk 55 søkjarar til gratis utdanning

Tilbodet om gratis opplæring av nye bussjåførar i Tromsø er populært.

Buss

No skal 25 nye bussjåførar bli utdanna i Tromsø.

I vinter måtte fleire vente lenge på bussen i Nord-Noregs største by. Sjøførmangel bidrog til at bussar gong på gong blei innstilt.

Det er stor sjåførmangel i heile landet, og busselskapa fortel at rekruttering er ei stor utfordring

Difor måtte dei tenkje nytt.

Troms fylkeskommune og Tide Buss gjekk i vinter saman om eit nytt tilbod. Dei tilbyr gratis bussjåførutdanning til nye sjåførar.

No ser dei ut til å til å lykkast.

Les også Tilbyr gratis utdanning for å møte utfordringane

Nytt buss-system

Fleire søkjarar enn venta

Så langt har dei fått 55 søkjarar.

– Det var fleire søkjarar enn vi hadde trudd det skulle komme, seier busselskapet Tide sin områdeleiar, Magnar Nilsen.

Dei hadde i utgangspunktet planar om å gi 15 personar gratis utdanning. No har dei økt antalet til 25.

– Vi er veldig godt fornøgd med responsen.

Magnar Nilsen områdesjef Tide AS

Magnar Nilsen er områdesjef for Tide Buss i Tromsø.

Foto: Hans L. Andreassen/NRK

Koster 100.000 kroner

Kandidatane som får tilbod om gratis utdanning, og som gjennomfører denne, vil etterpå bli tilsette i fast jobb i tide, med tre års bindingstid.

Han seier det kostar omkring 100.000 kroner for ein person å ta førarkort for buss. Han trur det har gjort.

– Når du slepper det og får utdanninga finansiert mot å få ein fast jobb i tillegg, trur eg veldig mange har ønska å prøve det ut

Rekordmange busspassasjerar

I fjor blei det sat ny rekord i talet på kollektivreiser i Troms fylke, med over 20 millionar gjennomførte reiser.

I dei to største byane i fylket, Tromsø og Harstad, var auken på høvesvis 20 og 13 prosent på bybussen, mens fylket sett over eitt hadde ein auke på 17 prosent.

– Det er svært gledeleg å sjå at folk kjem seg frå A til B ved kollektivtransport. At vi no passerer 20 millionar reiser i året er ein stor milestolpe, sa Bjørn Kavli, samferdselssjef i Troms fylkeskommune i februar.

Les også Akutt mangel på bussjåfører – kutter avganger fram til sommeren

Buss nummer 42 i Tromsø