Hopp til innhold

No må du betale 550 kroner for hurtigtest dersom du skal til Svalbard

Frå tysdag kostar det 550 kroner for å ta ein hurtigtest for covid-19 og attest på negativt prøvesvar for dei som skal reise til Longyearbyen.

Koronatesting på Troimsø lufthavn

Reisande til Svalbard ventar på å teste seg for korona på Tromsø lufthavn.

Foto: Rune Nordgård Andreassen / NRK

– 550 kroner er billig. I Oslo har eg sett at prisen ligg frå 1300 opp mot 3000 kroner, seier fagleiar Øivind Benjaminsen ved koronasenteret i Tromsø kommune.

28. januar skjerpa regjeringa reglane for innreise til Svalbard. Det blei åtvara mot alle unødvendige reiser til øygruppa. For dei som likevel reiser til Longyearbyen, kom det krav til negativt prøvesvar på covid-test tatt innan 24 timar før avreise. Testen må vere gjennomført på fastlandet.

Benjaminsen fortel at testsenteret på flyplassen i utgangspunktet var, og er eit tilbod for å teste tilreisande frå Oslo til Tromsø.

– Så kom påbodet om testing til Svalbard kasta på oss, og tilfella ville det slik me hadde mogelegheit for å tilby hurtigtestar. Påbodet kom så raskt at me tykte det var ille at folk skulle betale då.

No meiner han folk har betre tid til å planlegge.

Fagleiaren fortel at dei ikkje tek betalt for å få økonomisk vinning, men at det heller ikkje er gratis for Tromsø kommune å gjennomføre testane. Dei betalar for smittevernutstyr og for sjølve hurtigtestane.

Longyearbyen, svalbard, spisshusene under sukkertoppen

Regjeringa krev ein negativ koronatest dersom du skal til Svalbard.

Foto: Ida Louise Rostad / NRK

Betre enn å stenge ned

Destinasjonsdirektør Per Brochmann i Hurtigruten Svalbard tykkjer det er greitt at det blir innført betaling i Tromsø, og viser til at det er slik også på Gardermoen.

– Me synest det er positivt at ein gjer dette framfor nedstenging og karantene. Av tre vonde var dette det beste. Me har per i dag ikkje smitte her oppe, og opplever at gjestane tykkjer det er positivt å ta ein test for å vite at dei ikkje tek med smitten opp, seier han.

Hurtigruten Svalbard merkar likevel at folk er usikre, og har fått ein del kanselleringar.

– For å vera føre var gjekk me også ut med eit varsel om permitteringar til 40 av våre tilsette førre veke, seier han.

Destinasjonsdirektør Per Brochmann i Hurtigruten Svalbard.

Destinasjonsdirektør Per Brochmann i Hurtigruten Svalbard er positiv til at reisande må betale for koronatesten.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Ikkje for økonomisk vinning

I pressemeldinga frå Tromsø kommune står det at testtilbodet på flyplassen i utgangspunktet berre varer fram til 7. februar.

– Me starta testsenteret litt i takt med utbrota i Nordre Follo. Me ynskte å vere proaktive og tilby test av tilreisande sørfrå for å tidleg kunne avdekke eventuell smitte inn til Tromsø. No ser me at flytala og passasjertala går ned, og me ser at den nasjonale smitteutviklinga går nedover. No kostar det meir enn det smakar med ein fullt oppegåande teststasjon, seier Benjaminsen.

– Kva skal reisande til Svalbard gjere etter det?

– I utgangspunktet er den reisande sjølv ansvarleg for å skaffe seg testen. Me fekk godkjenning til å bruke hurtigtestar til dette, men dei blir ikkje brukt elles anna enn ved grenseovergangar eller i tilfelle der ein vil ha raskt svar på eventuell smitte. Me har ikkje langt på is å få opp ein hurtigteststasjon, men det krev at me får vidareført dispensasjon til å bruke det, svarar han.

Benjaminsen fortel at hurtigtestar ikkje er fullt så sikre som PCR-testar, men er rundt 70 prosent mot nesten 100 prosent. Testane vil ikkje plukke opp alle som er positive, men vil avdekke dei som har høg virusmengde i kroppen.

– Med PCR-testar vil me ikkje kunne garantere prøvesvar innan 24 timar. Me opererer i dag med ei svartid frå Universitetslaboratoriet til UNN på ett til tre døgn. Det er utfordrande. Me må sjå kva me kan klare å få til, seier han.

Fungerende leder for Koronasenteret i Tromsø, Øivind Benjaminsen.

Fagleiar Øivind Benjaminsen anbefaler reisande å komme innom Tromsø lufthavn dagen før avreise og for å unngå stress.

Foto: Øystein Antonsen

Staten burde dekke behovet

Administrerande direktør Frank Jakobsen i LNS Spitsbergen tykkjer ikkje det er riktig at folk må betale for korona-testane sjølv.

– I utgangspunktet tykkjer eg det er bra at ein testar folk som skal opp til øya, for å få korona her vil vere kjempeuheldig. Men det blir brukt så mykje pengar frå staten til så mykje anna, at dei kunne ha dekka dette også, seier han.

LNS Spitsbergen har rundt 15 personar som pendlar til fastlandet.

– Me har også innleigd arbeidskraft. Det er stor byggeaktivitet her, og me treng folk med spesialkompetanse frå fastlandet. Prislappen på korona-testane vil då til sjuande og sist også hamne hjå oss, seier han.

Jakobsen presiserer at dette ikkje berre ville gå utover turistane.

– Me er godt over 2000 personar som bur her oppe. Alle blir råka. Nokon er i arbeidstidsordning og har familie på fastlandet, andre må reise til sjukehus eller i andre ærend, seier han.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark