Hopp til innhold

Laila er klar til påske – flytta stua ut

Mange må finne alternative løysingar på påskefeiringa. Bak høge brøytekantar langs E6 i Alta skjuler det seg ein hemmeleg skatt.

Laila Jonas og Emilie Hansen. Har laga seg påskestue ute.

Vinterhagestua er klar! Då står berre påskefeiringa att for Laila Jonas. Her samen med dottera Emilie Hansen.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Mange er kreative i desse tidene, men få har vel dratt det så langt som Laila Jonas. Både veggbilde, blomar, godteriskåler og barskapet er flytta ut.

Vinterhagestua har også eit «hemmeleg» rom der det skjuler seg ei tappekran med heimelaga øl.

– Her er påska langt frå avlyst, seier Laila Jonas.

Røyken stig opp frå bålpanna, og Laila kastar på ein ekstra vedkubbe.

– Når vi er nøydde til å vere heime denne påska, kan vi like så godt gjere det ekstra koseleg.

Laila har bygget en snøborg i hagen med eget barskap og tappekran.

Laila har bygga snøborg i hagen med eige barskap og tappekran.

– På onsdag fekk eg lyst til å lage borg. Eg bad mannen min om å brøyte veg. Snøfresaren hadde stått i ro i to dagar, så han hadde litt abstinensar.

Ho trur det er viktig å fylle dagane vi er inne i med noko positivt.

– Eg har sett mange andre som bygger borger, også har vi mykje fritid. Så kvifor ikkje?

Familien brukte rundt tre timar på jobben.

Pyntinga tok Laila seg av dagen etterpå. Det tok ein time.

Laila Jonas sitt barskap.

I eit av dei «hemmelege» romma skjuler det seg eit barskap.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Gleder seg til heimepåske

– Det var ikkje så mykje jobb, men ganske tungt, seier dottera Emilie Hansen.

Ho syntest det var artig å komme seg ut. Det har blitt mykje tid inne med familien og trykking på telefonen.

Laila Jonas og dotter Emilie Hansen i den nye vinterstova.
Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Det har også vore litt kjedeleg å ikkje kunne vere på skule og saman med vener, men det har no gått greitt, seier ho.

13-åringen trur ho kjem til å sitte mykje i den nye utestua denne påska.

– Vanlegvis er vi på hytta, men eg trur påska blir bra.

Det har også mamma Laila Jonas trua på.

– Følg styresmaktene sine råd og bli heime, men gjer det beste ut av det!

Laila Jonas i vinterstova.

No ventar Laila Jonas berre på sonen og svigerdottera. Så kan det bli innviingsfest av snøborga.

Foto: Wibeke Bruland / NRK