Hopp til innhold

Her hoppar elevane i havet: – Lærast opp i noko vi håper dei aldri får bruk for

I snitt døyr 92 menneske årleg i drukningsulykker i Noreg. Kva gjer du viss du eller ein venn fell i den iskalde sjøen?

I snitt døyr 92 persona årleg i drukningsulykker. Kva gjer du viss du og ein venn fell i den iskalde sjøen?

I snitt døyr 92 persona årleg i drukningsulykker. Kva gjer du viss du og ein venn fell i den iskalde sjøen?

Det er ein tidleg morgon i mars på kaia i Tromsø.

Stemninga er spent.

Det er tre grader i vatnet.

Snart skal elevar frå 1. klasse i helse- og oppvekstfag ved Ishavsbyen skole teste seg i hamnebassenget i Tromsø.

Målet er å lære seg førstehjelp i vatn.

– Det handlar om å få ungdommen til å kjenne på kuldesjokket, og at dei skal vite litt kva dei skal gjere om dei hamnar i vatnet eller ser nokon som held på å drukne, fortel instruktør i Redningsselskapet, Karl Ruben Gaasø.

RS Trygg i vann

Karl Ruben Gaasø er instruktør i Redningsselskapet.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Les også Tomme stoler skal forhindre drukning

9 tomme stoler i Markens gate som symboliserer de som har omkommet i drukning hittil i 2023.

Redningsselskapet har laga aksjonen Trygg i vatn. Den skal lære elevar i heile Noreg korleis ein reddar seg sjølv og andre i vatn.

– Vi er jo ein kystnasjon. Det er viktig at vi veit korleis vi skal oppføre oss rundt vatnet, og at vi veit kva vi skal gjere viss vi kjem utfor ei hending med drukning.

Tromsøelevane gjennomførte først eit nettkurs om førstehjelp i vatn, og hadde praktiske testar med redningsselskapet før dei hoppa uti.

Les også – Målet er at ingen skal drukne

Kurs i livredning Trygg i vann vatn Redningsselskapet

Vi pratar mykje meir om folk som døyr i trafikken, det er veldig lite fokus på drukning i forhold til kor mange som druknar i løpet av eit år.

Totalt mista 88 personar livet i drukningsulykker i Noreg i 2022. Det er ein auking på 17 prosent frå 2021, da 75 personar omkom.

Med våtdrakt frå topp til tå fekk elevane brynt seg på fleire øvingar i det kalde vatnet. Stemninga i vatnet fortel at dei hadde det gøy.

– Adrenalinkicket av å hoppe ut, var det artigaste, fortel Linn Charlotte Slåttnes.

RS Trygg i vann

Det er viktig å finn roa og kontrollere pusten om du fell i sjøen.

Foto: Linnea Berg Thorkildsen / NRK

Kva gjer du viss du fell i vatnet?

  • Finn roa, kontroller pusten.
  • Leit etter utvegar.
  • Rop om hjelp, ikkje vent til du er for sliten.

Viss du ser nokon som held på å drukne

  • Drukning er ikkje som på film. Det er vanskeleg å oppdage at nokon druknar.
  • Rop til personen, gi beskjed om at du kjem for å hjelp.
  • Rop etter hjelp, og ring 113.
  • Hjelp personen på ein tryggast mogleg måte, helst utan å bli våt.
RS Trygg i vann

Hjelp personen i nød på ein tryggast mogleg måte, helst utan å bli våt.

Foto: Linnea Berg Thorkildsen / NRK

Elevane får opplæring i førstehjelp, livredning og drukning, noko som det er lite av i faglitteraturen, fortel faglærar i helse- og oppvekstfag, Erik Fagerheim.

– Paradokset er at vi gir dei opplæring i noko vi håpar dei aldri får bruk for.

RS Trygg i vann

Lærer Erik Fagerheim håpar elevane hans aldri får bruk for kunnskapen dei fekk av Redningsselskapet.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Redningsselskapet er ein frivillig, humanitær medlemsorganisasjon som består av 1.600 redningsfolk og 57 redningsskøyter, og som strekker seg over heile landet.

Les også Sjark gikk på grunn: – Det skal ikke være mulig å være så heldig

Sjark står på grunn, og balanserer på kjølen