Hopp til innhold

Det skal bli dyrare å køyre elbil i Tromsø

Elbilistar i Tromsø må belage seg på å betale meir bompengar frå 2026.

Bomstasjon-tromso

Tromsø innførte bompengar i januar 2023.

Mange i Tromsø har gått til innkjøp av elbil nettopp på grunn av at det gav reduserte bompengeavgifter.

Torsdag avgjorde styringsgruppa i Tenk Tromsø om fordelane skal bli redusert.

Dei foreslår å kutte i elbilrabatten i bomringen frå juni 2026.

Rabatten skal bli redusert frå 50 til 30 prosent.

Tenk Tromsø hadde tre alternativ å velje mellom. Nemleg å redusere elbilrabattane i 2025, 2026 eller 2027.

– Vi vil ikkje gjere det med ein gang, men ventar i to år. Ein av grunnane til det er at fleire kjøpte seg elbil og har ei forventning om at det skulle vere ein rabatt på dei. For dei handlar dette om privatøkonomi, seier Kari Helene Skog.

Ho er leiar i hovedutvalget for miljø, idrett, kultur og samfunnsutvikling i Tromsø kommune.

Kari Helene Skog

Kari Helene Skog, leiar i hovedutvalget for miljø, idrett, kultur og samfunnsutvikling i Tromsø kommune

Foto: Trygve Grønning / NRK

Kraftig auke i elbilar

Tidlegare i vinter blei avgifta for elbilar økt med ei krone utanfor rushtid, og cirka to kroner i rushtida.

Skog seier at da det blei bestemt at Tromsø skulle få bompengar, var det 9 prosent av bilistane som køyrte elbil.

– No er det 24. Det har vore ein kraftig auke i antal elbilar. Det gjør at inntektene er betydeleg lågare enn venta, seier ho.

Bilist Victoria Helen Jakobsen har ikkje sjølv elbil. Men ho synest endringane som no skjer, høyrast feil ut.

– No har mange investert mykje pengar i å kjøpe seg elbil, og så blir goda tatt frå dei. Eg synest ikkje det er lurt, seier ho.

Bilist Victoria Helen Jakobsen

Bilist Victoria Helen Jakobsen.

Foto: Trygve Grønning / NRK

Lågare inntekt på bompengar betyr mindre pengar til samferdselstiltak. Bompengane blei innført for å gi betre busstilbod, sykkel- og gangvegar, tryggare skoleveg, og betre trafikkflyt og bumiljø.

– Det vi ser ut frå den siste reisevaneundersøkelsen, er at 88 prosent av innbyggarane i Tromsø er fornøgd med tilrettelegginga som har vore for reisande med kollektivt og sykkel.

Det seier Ingrid Dahl Hovland, vegdirektør i Statens vegvesen.

Vintersyklist i Tromsø

Det har blitt fleire vintersyklistar i Tromsø etter at bompengeringen kom opp.

Foto: Tenk Tromsø

Skjønnar elbilistar kan bli vonbroten

Tenk Tromsø skal bruke 3,2 milliardar kroner dei neste fire åra. Mellom anna er dei i gang med Giæverbukta kollektivterminal.

Endringa dei torsdag la fram for bompengar må opp i fylkeskommunen og kommunen før ho blir vedtatt.

Fylkesordførar Kristina Torbergsen seier forstår at elbilistar no kan bli vonbroten. Men ho er samtidig tydeleg på at ho er glad for at fleire tar bussen.

– Vi kan vise til fantastiske resultat på bussbruken i Tromsø. Vi er glade for at vi får pengar til å halde drifta oppe på busstilbodet.

Buss nummer 42 i Tromsø

Det blei sat ny rekord i antal reisande med buss i Tromsø i fjor.

Foto: Petter Strøm

Ho får støtte frå leiar i hovedutvalget for miljø, idrett, kultur og samfunnsutvikling i Tromsø kommune.

– Skal vi klare å fullføre alle dei gode tiltaka i bypakken, så er vi nøydd å gjere dette. Men eg har full forståing for at det for mange er ein skuffelse, seier Skog.