Hopp til innhold

Ordføraren i Loppa om den samiske nasjonaldagen: – Eg er oppvaksen på kjøkkenet

Tysdag 6. februar er den samiske nasjonaldagen. Heime hos ordførar i Loppa tek dei på seg koftene med stor stoltheit og sit rundt kjøkkenbordet.

Ordførar i Loppa, Cato Kristiansen, og dottera ved kjøkkenbordet under samenes nasjonaldag. Han er sjøsame.

Ordførar i Loppa, Cato Kristiansen, og dottera ved kjøkkenbordet under den samiske nasjonaldagen.

Foto: Jan-Erik Steine / NRK

For Cato Kristiansen, ordføraren i Loppa, er den samiske nasjonaldagen viktig fordi han er sjøsame. Han er den fyrste ordføraren som brukar kofte.

– Kofta er ein del av min identitet.

Han prøvde eit eksperiment da han budde i Oslo i rundt ti år. Da var opplevinga hans at han blei sett på som nordmann, ikkje sett på som same.

– Eg tok på meg kofta i Oslo og skulle gå med den ei heil helg berre for å sjå korleis det er å bli sett på som same. Eg vart positivt overraska.

Besteforeldra hans var sjøsamar. Han nemner at jordbruk, fiske og verddekultur, der ein bytte laks mot reinkjøtt, var viktig.

– Bestefar smilte då han såg at samane hadde komme og vi hadde laks i båten. Han køyrde rett og bytte til reinkjøtt. Det er ein del av tradisjonen.

Les også Dette lurte folk på om samenes nasjonaldag

Ellinor Skartland og Håkon Mudenia

Stoltheit

– Kva betyr kofta for deg eigentleg?

– Eg ber han med stoltheit og han betyr veldig mykje. Vi er stadig fleire som kjenner den tilhøyrselen til det sjøsamiske og kjem frå den sjøsamiske kulturen og har det med oss.

Han fortel at mykje av det døyr ut fordi jordbruket og kulturen er ikkje den same.

Ordførar i Loppa, Cato Kristiansen, hjelper dottera med kofta under samenes nasjonaldag. Dei er sjøsamar.

Ordførar i Loppa, Cato Kristiansen, hjelper dottera med kofta under den samiske nasjonaldagen. Dei er sjøsamar.

Foto: Jan-Erik Steine / NRK

– Det er ei naturleg utvikling det òg. Tidene forandrar seg.

På Sandland skole så er det jo nå etablert eit duodji-senter for det sjøsamiske. Det er dei veldig stolte av å få til, fortel ordføraren.

Kristiansen seier at han bruker å tulle med at kjøkkenet er det viktigaste rommet i den sjøsamiske kulturen.

– Her gjorde vi alt. Det var alt frå å slakte til å skru på båtmotorar. Det er der ein på ein måte sit og fortel historier. Eit samlingspunkt rett og slett. Eg er oppvaksen på kjøkkenet.

Kristiansen seier at det er mange kulturar på Loppa og meiner det er ein del av utviklinga.

– Vi har alltid vore mange kulturar her og sånn kjem det til å bli. Det er berre ein liten del av kulturen vår. Så det er ikkje sånn at den sjøsamiske er den einaste. Vi er mange og det er sånn det skal vere.

Loppa-kofte

Dottera til ordføraren, Aurora Beate Lorentzen Kristiansen (8), fortel at dei har forskjellige stasjonar på Høgtun skule der dei driv med reinkappkøyring, lassokasting og forteljingar i gapahuken.

– Eg synast lassokasting var artigast. Eg trefte nesten alle gongene.

Aurora Beate Lorentzen Kristiansen

 Aurora Beate Lorentzen Kristiansen (8) synast det er fint at andre og har på seg kofte på den samiske nasjonaldagen.

Foto: Jan-Erik Steine / NRK

Aurora har teken på seg kofta for anledninga. Den betyr mykje for ho, då det er bestemora som har laga den.

– Eg har eit sjal, eit samisk belte, to skjølger og så har eg ei Loppa-kofte.
Eg har nokre samiske mønster og sånn på kofta, seier Aurora.

Ho er stolt over å vere same.

– Eg synast det er fint.

– Er det ein litt ekstra stor dag i dag?

– Eg synast er veldig stort at det er samefolkets dag.

No gler Aurora seg til å ete biđus seinare.

Les også Sápmi, hva skjer på samenes nasjonaldag?

Kong Harald på markering av samenes nasjonaldag

– Stor dag

Forskjellen på ein reindriftssame og ein sjøsame er at sistnemnde er tufta på gardsbruk og fiske.

– Det å klare seg sjølv med dei ressursane ein har. Det er jo hovudsakleg det som er forskjellen. Sjøsamane kanskje litt meir fornorska. Den fornorskingsprosessen som var ved kysten, med internat for eksempel, slo litt hardt ut akkurat i våre område.

Det var svært få sjøsamar som dreiv med reindrift.

– Reinen kjem til kysten, og verddekultur er sterk hos oss.

– Kva skjer i Øksfjord og i Loppa på ein dag som denne?

– Vi eit opplegg på skolen for barna. Så går vi i kyrkja og heiser flagget. Det er det vi får til i ein liten kommune som Loppa.

Heime hos ordførar i Loppa, Cato Kristiansen, tek far og dotter på seg koftene til samenes nasjonaldag.

Heime hos ordførar i Loppa, Cato Kristiansen, tek far og dottar på seg koftene til den samiske nasjonaldagen.

Foto: Jan-Erik Steine / NRK

Kristiansen fortel at barna hans får velje sjølv om dei føre dei sjøsamiske tradisjonane vidare.

– Det er ikkje noko som eg prakkar på dei. Viss dei kjenner seg som samar, så får dei gjere det, men dei er jo veldig interesserte og veldig engasjerte i den sjøsamiske kulturen.

Han seier det blir veldig stas å feire nasjonaldagen.

– Dei har jo allereie gjort klart det som skal gjerast klart til biđus og til pynting. Det er ein stor dag.

Han avsluttar:

– Det er gledeleg at folk kjenner seg samisk og sjøsamisk.

Les også Ole-Henrik reiste 200 døgn som artist, politiker, skuespiller, danser og forfatter

Ole-Henrik Bjørkmo Lifjell