– I ein mogleg krigssituasjon skal Brigade Nord vinne aktuelle kampar og trefningar, seier brigadesjef Terje Bruøygard.
– For å vere mest mogleg effektive i ei stridssituasjon skal våre avdelingar trene på å vere koordinerte og effektive saman mens vi skyt med skarp ammunisjon, seier han.
Brigade Nord er den største avdelinga og kjernen i den norske Hæren. Den består av åtte bataljonar og eitt militærpolitikompani, og totalt består den av rundt 4500 soldatar.
Under øvinga på Setermoen torsdag 30. mai skal det trenast på skarpskyting med stridsvogner og artilleri. Allereie onsdag er det tørrtrening i militærleiren.
– Nå øver vi på det mest avanserte vi skal vere klare for. Vår evne til å forsvare landjorda mest mogleg effektivt krev denne kompetansen, seier Bruøygard.
Det er venta noko økt trafikk av militære køyretøy i Troms innland, spesielt mellom Bardufoss og Setermoen, som følge av øvinga.
Øvinga er ei årleg øving for Hæren, der det meste av brigadens våpentypar og støttefunksjonar skal brukast, leiast og skytjes koordinert.