Har ikkje hatt reint vatn på tre år – no krev NVE at vindkraft-selskap bygger vassverk

I tre år har Jan Ryeng kjempa for å få reint vatn tilbake i springen. No har NVE igjen vedtatt at vindkraftselskapet må bygge vassverk til bygda. Men selskapet nektar for at forureininga er deira ansvar.

Jan Ingvald Ryeng

Jan Ryeng i Buvika i Tromsø har nesten ikkje brukt vatnet i springen på tre år.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

  • Saka er oppdatert etter publisering.

Vatnet slår ein klar stråle ut av springen til Jan Ryeng i bygda Buvika, utanfor Tromsø. Men vatnet har han ikkje kunne drukke på tre år.

– Om vi har tappa eit glas og sett det frå oss, har det vore botnslam i glaset.

Ifølgje Ryeng har springvatnet i periodar vore heilt brunt av slam, sjølv etter å ha gått gjennom filteret i kjellaren.

– I tre år har vi brukt flaskevatn til å lage mat. Springvatnet bruker vi berre til å spyle ned i dass, eller vaske klede.

Slammet meiner dei kjem frå vindkraftverket i fjella ovanfor. Kvitfjell og Raudfjell vindpark har blitt Nord-Noregs største.

Herifrå renn elvene Vollelva og Gårdselva, drikkevasskjeldene til bygda.

På grunn av faren for forureining la NVE til grunn då vindkraftutbyggarane fekk løyve, at dei også skulle bygge eit vassverk til bygda.

– Vindkraftutbyggarane hadde ein plikt i forhold til konsesjonen på å etablere eit vassverk for Buvika. Der sørger vi nå for at skjer, seier Øyvind Leirset, seksjonssjef for miljøtilsyn av energianlegg i NVE.

No har vindturbinane stått å samla vind på fjella i eitt år, men det er framleis ikkje noko vassverk. Selskapet meiner det likevel ikkje er deira ansvar.

Ein lånt avtale

Tromsø vind, eigd av det tyske investeringsselskapet Prime Capital, har bygd vindparken.

Ifølgje Stephan Klepsland, som er prosjektleiar, har vilkåra endra seg sidan dei gjekk med på å bygge vassverket den gong. Då var planen å bygge veg over Gårdselva og Vollelva – hovudvasskjeldene i bygda.

Prosjektleder Stephan Klepsland

Stephan Klepsland er prosjektleiar for Kvitfjell og Raudfjell vindpark, i selskapet Prime Capital.

Foto: Martin Hall Larsen / NRK

–Vi har ansvar for å sikre drikkevatnet mot eventuell forureining av vår aktivitet, seier Klepsland.

Det kan vere avrenning frå grus og vegar, eller lekkasje av olje og drivstoff.

Tromsø Vind meiner det ikkje finst dokumentasjon på at det er deira vindkraftverk som forureinar vatnet til dei om lag 16 husa i bygda. Dei meiner det er bakteriar frå beitedyr som gjer det udrikkeleg.

– Vilkåret står i samanheng med ein veg vi aldri har bygd, seier Klepsland.

I tre år har NVE pålagt selskapet i periodar å køyre ut dunkar med vatn til delar av bygda. No har NVE bestemt at dei må bygge vassverket innan neste sommar.

Elva var mjølkekvit

Eit steinkast unna garden til Jan Ryeng renn Gårdselva forbi. Dette er drikkevatnet hans, og resten av familien som bur på garden.

Fleire gongar har dei opplevd at elva har skifta farge. Første gong var då vindkraftverket var under utbygging.

Hans Harald Habberstad.

Hans Harald Habberstad står over den snødekte Gårdselva, som er drikkevasskjelda deira.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Elva var nesten grå-kvit. I andre periodar har ho vore brunaktig.

Hans Harald Habberstad samanliknar elva med gråaktig mjølk. Han er svigersonen til Ryeng, og har også hus på tunet.

– Det er drikkevatnet vårt. Det er skremmande.

Svigerson

Hans Harald Habberstad på veg opp til Gårdselva like over garden der dei bur.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

I kjellaren står fleire mørkebrune plastsylindrar på rekke og rad. Vassfiltera byter han kvar andre til tredje dag, ifølge Ryeng.

På andre sida av rommet er nesten heile rommet fylt av femlitersdunkar med vatn.

Jan Ryeng byter filter.

Jan Ryeng byter filter.

Jan Ingvald Ryeng byttar filter.

Jan Ingvald Ryeng byter filter.

Reine vassfilter.

Reine vassfilter.

Jan Ryeng med vassdunkar på eine sida, og vassfilter på andre.

Jan Ryeng med vassdunkar på eine sida, og vassfilter på andre.

I tre år har dei fått levert vatnet på døra av selskapet. Ryeng håper at han ein dag slepper å gå ned i kjellaren fleire gongar om dagen for å hente vant, eller byte filter, om dei ein gong får eit vassverk.

– Det har vore frustrerandes, utbyggar sin motstand mot å bygge det her, seier Ryeng.

Det hadde han ikkje då han tre år tidlegare godkjente vindkraftverket som ein av fleire grunneigarar, på grunn av lovnadane dei fekk.

Men Prime Capital vil ikkje la bygda stå tomhendt. Dei har lova å bygge eit personleg vassrenseannlegg til alle bustadane i bygda.

Ifølgje Mattilsynet vil dette bli for ustabilt, og har derfor fråråda dette.

Selskapet meiner likevel at dette er ei betre løysning enn eit vassverk. Blant anna fordi røra frå vassleidningane ville ha kome i konflikt med samiske kulturminne.

Skal bygge vassverk

Men no har NVE bestemt seg, enda ein gong. Selskapet må ha bygt eit vassverk innan 1. april 2022.

For dei er det likegyldig kven som er ansvarleg for det forureina drikkevatnet. Dei meiner Prime Capital må bygge vassverket på grunn av faren for vassforureining som kan kome frå vindkraftverk i seg sjølv.

– Det var det som var plikta då dei fekk konsesjonen, og det sørgjer vi for at no skjer, seier Øyvind Leirset i NVE.

Vindkraftverk har ein fare for avrenning frå vegar, men også oljelekkasjar, og lekkasjar av andre typar kjemikalie frå vindturbinane.

Først skal klagen frå selskapet Prime Capital til behandling, enda ein gong, før Olje- og energidepartementet (OED) skal ta siste pennestrøket.

Men vedtaket frå NVE har gitt folket Buvika på nytt håp om at dei snart kan få reint vatn i kranene igjen.

– No heller vi på litt over 50 prosent, til vår fordel, seier Ryeng. – Eg synest det er veldig bra. Men det skulle ha kome for lenge sidan.

Inntil vidare må han førebu seg på flaskevatn og filterskift i alle fall ei stund til.

  • Saka er oppdatera etter publisering. Vindkraftselskapet meiner vilkåra for å bygge vasskraftverk har endra seg, derfor blir det feil å si dei har ombestemt seg, det er fjerna frå den opphavlege teksten. Selskapet presiserer at de fraktar vann i dunkar berre i periodar. I tillegg var dato for montering av turbinar og etablering av vindparken feil i saka.

 Han heiter Tor Arne Nilsen. Hans Harald Habberstad.

Tor Arne Nilsen og Hans Harald Habberstad har i tre år kjempa for å få vassverk i bygda.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK