Hopp til innhold

Står fast på anke i barnevernssak – fryktar konsekvensar for andre saker

Pål Gabrielsen (uavh.) ville ha ei vond sak ut av verda, men kommunestyret i Sør-Varanger sa nei. Fleirtalet fryktar store utbetalingar dersom Ann Hege Graftås får erstatninga tingretten har tilkjent ho.

Pål Gabrielsen

NOK ER NOK: Pål Gabrielsen (uavh.) foreslo at Sør-Varanger kommune godtar dommen i tingretten og betaler erstatning til Ann Hege Graftås.

Foto: Kristina Kalinina

Ann Hege Graftås gjekk til sak mot Sør-Varanger kommune fordi ho meinte kommunen hadde utsette ho for omsorgssvikt under oppveksten på i åra før og etter 1980.

Graftås vaks opp i eit svært belasta miljø i Kirkenes, men kommunen greip ikkje inn.

– Heile rekka frå naboar, skolen, barnevernet og sosialkontor til ordførarar visste korleis vi vaks opp. At det ikkje blei tatt nødvendige grep, er noko som har øydelagd oppveksten og livet på mange måtar, sa ho til Ságat i mars i år.

Ho vann fram i Indre og Østre Finnmark tingrett tidlegare i år og blei tilkjent 5,95 millionar kroner i erstatning.

No går saka til lagmannsretten.

Formalitetar

Onsdagens debatt dreidde seg om formalitetar knytt til saka, ikkje om Ann Hege Graftås i si tid blei svikta av barnevernstenesta eller ikkje. Difor blei saka behandla for opne dører.

Kommunestyrerepresentantane skulle først og fremst seie ja eller nei til at politikarane skal gå aktivt inn i juridiske prosessar – eller overlate det til kommunedirektøren.

– Nok er nok

Pål Gabrielsen er uavhengig representant og fremma forslaget om at kommunen bør godta dommen i tingretten og betale erstatning til Graftås.

– Er det riktig av politikarane å blande seg inn i ein juridisk prosess?

– Både ja og nei. Vi har delegert myndigheit til kommunedirektøren, men vi har ikkje delegert ansvaret.

Difor meiner Gabrielsen at politikarane har eit moralsk ansvar for å seie at nok er nok.

– Ei vidare behandling i lagmannsretten er uverdig og vil påføre saksøkaren (Graftås, journ.anm.) enda meir liding og ein ny gjennomgang av tidlegare traume.

Geir Wulff foran avispresse

Geir Wulff i den samiske avisa Sagat har følgt saka tett.

Foto: Ságat

– Ein lei dag for Sør-Varanger

Ansvarleg redaktør i avisa Sagat, Geir Wulff, tok tidleg til orde for at kommunen må vedta domen frå tingretten.

– Når ein kommune har forsømt seg så grovt, bør ein ta ansvar og retta opp. Konsekvensane for saka er at ein har øydelagt eit av sine innbyggarars liv. Da bør kommunen ikkje møte ho med ei kald skulder, men retta opp.

– Dette er ein lei dag for Sør-Varanger, seier Wulff.

Lena Norum Bergeng utenfor rådhuset i Sør-Varanger kommune

JUSS, IKKJE POLITIKK: – Ei slik sak har ikkje noko i kommunestyret å gjere. Den skal avgjerast i retten, seier ordførar Lena Norum Bergeng i Sør-Varanger

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Ikkje politisk sak

Fem representantar stemte for Gabrielsen sitt forslag, det vil seie han sjølv, SV (2), Frp (1) og ein av Senterpartiet sine representantar.

20 vil oppretthalde anken – Ap (9), H (4), MDG (1), R (1) og fem frå Sp.

Ordførar Lena Norum Bergeng meiner politikarane skal halde seg unna saker som går for domstolane.

– Ei slik sak har ikkje noko i kommunestyret å gjere. Den skal avgjerast i retten.

– Bør ikkje kommunestyret ta stilling til det som vedkjem ein innbyggar i kommunen?

– Nei, ikkje i saker som er under rettsleg behandling. Dette er ikkje politikk. Difor skal rettsvesenet ta seg av saka.

Les også Skolen stempler foreldre som «for krevende» ved varsling av mobbing

Flere hundre støttet mobbeofre

Fleire saker

Under kommunestyremøtet kom det fram at det er fremma sju saker som liknar på saka til Graftås.

Fleire meinte at eit vedtak om å godta dommen frå tingretten kan føre til at kommunen må betale erstatning til fleire, fordi kommunen har plikt til å behandle alle likt.

– Alle saker kan skape presedens, og då blir det eit spørsmål om desse sju sakene også skal behandlast av kommunestyret. Det er mogleg at det betydde noko for utfallet i kommunestyret, seier Bergeng.

Fryktar ikkje presedens

Pål Gabrielsen er ikkje redd for at forslaget hans ville tvinga kommunen til å betale erstatning i andre saker.

– Dei har ikkje vore i retten, noko som er tilfelle for denne saka. Vi får sjå om dei andre sakene kjem opp i tingretten og kva for dommar dei ender opp med.

– Frå talarstolen blei det sagt at kommunen bør be om unnskyldning til personen denne saka gjeld. Kvifor skjedde ikkje det?

– Det har ikkje vore diskutert no. Saka er under rettsbehandling. Då kommenterer eg ikkje det noko meir no, seier ordførar Lena Norum Bergeng til slutt.

Les også Tidligere barnehjembarn får erstatning etter overgrep

Barnehjem