Hopp til innhold

Ny brann i avfallsanlegg kvar veke: – Dette er ikkje haldbart

Avfallsbransjen meiner styresmakta må ta eit krafttak mot at batteri hamnar i søpla og startar brannar. – Batteria er brannfarlege heime på kjøkkenet til folk òg.

Brann på søppelanlegg utenfor Alta

Det går i gjennomsnitt 7,15 dagar mellom kvar brann på norske avfallsanlegg. Bransjen vil ha meir merksemd om kor farleg batteri i restavfallet kan vere.

Foto: André Bendixen / NRK

I fire av fem tilfelle kjem brann i avfallsanlegg av at batteri i restavfallet har sett fyr på søppel. Det viser bransjen sine eigne tal.

Men det blir for lettvint å skulde på at enkeltpersonar har slurva med avfallssorteringa, seier Kåre Fostervold, direktør for samfunnskontakt i Avfall Noreg.

Dette må handterast som eit samfunnsproblem. Og då må styresmaktene på banen, krev Fostervold.

Les også Brann i lagerbygg i Alta

Brann på søppelanlegg utenfor Alta

Brann kvar sjuande dag

I perioden frå januar 2016 til i dag er det registrert 399 brannar i norske avfallsanlegg, ifølgje oppdaterte tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Det svarer omtrent til éin brann kvar sjuande dag i den perioden. Hyppigheita har gått opp dei siste tre åra.

Brann ved avfallsanlegg på Heimdal natt til 26. mai 2022

Brann ved avfallsanlegg på Heimdal natt til 26. mai 2022.

Foto: Tipser

Og dette er berre toppen av isfjellet. Branntilløp som avfallsanlegga sløkkjer sjølv, kjem i tillegg.

Fostervold viser til at det blir endå fleire produkt som inneheld dei farlege litiumbatteria.

Dei produserer oksygen når dei brenn, og er dermed vanskeleg å sløkkje.

– Det er ei samfunnsutfordring, fordi vi bruker stadig meir duppedittar og elektriske ting. Batteria blir også sterkare, skal føre deg lengre, har meir energi og restenergi igjen i seg.

Kåre Fostervold

Kåre Fostervold, direktør for samfunnskontakt i Avfall Noreg, meiner at det er for lettvint å skulde på slurv i avfallssorteringa frå enkeltpersonar.

Foto: Tellef Dahll / NRK

Fostervold meiner alle ledd i kjeda har eit viktig ansvar. Seljarane må informere om kva risiko det er viss du handterer batteriet feil.

Sånn er det ikkje alltid, meiner han: Ein batteripakke kan ha «eit hav av symbol som er veldig vanskeleg for ein vanleg forbrukar å forstå».

– Det betyr at vi må informere veldig mykje, og derfor har vi teke initiativ til ein nasjonal batterikampanje der vi informerer. Men vi skulle gjerne ønskje eit større engasjement frå det politiske miljøet, og frå styresmaktene, seier Fostervold.

– Eg meiner at dette er eit samfunnsproblem, og då må det pengar på bordet for å komme ut med god informasjon.

– Viss vi ikkje får kontroll på dette, så fører det til dyrare avfallsbehandling. Det fører til at anlegga ikkje får forsikring, og då lid alle av den dårlege sorteringa.

Les også Dette gjekk gale før og under storbrann i søppelanlegg

Brann i søppelanlegget til Ivar

Les også Brann i søppelanlegg i Narvik: – Det har vært krevende arbeid

Brann Narvik

Skuffa over svaret

Organisasjonane i bransjen, både Avfall Noreg og Norsk Industri, har teke opp bekymringa i brev til stortingspolitikarar og departementet.

I juni kom eit langt svar, skrive i fellesskap av Miljødirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Slik ser det ut dagen derpå etter brannen i avfallsanlegget i Heimdal i Trondheim

Slik såg det ut dagen etter brannen i avfallsanlegget i Heimdal i Trondheim.

Foto: Grete Thobroe / NRK

Det mest konkrete tiltaket er at dei som sel lause batteri, no må bidra til at minst 65 prosent av dei blir igjen samla inn.

Resten av brevet er ein skuffelse for bransjeorganisasjonen.

– Mykje av det dei peikar på, er jo ting som allereie er vedteke. Så eigentleg er det ei beskriving av korleis det er i dag.

Fostervold meiner dei hyppige brannane burde skremt styresmaktene til handling.

Ettersorteringsanlegg hos Ivar på Forus 24. mai 2023

Det brann på gjenvinningsanlegget IVAR på Forus i Rogaland i mai tidlegare i år. Slik såg det ut etterpå.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Det er ikkje haldbart. Her må vi gjere kraftfulle tiltak og informere meir. Og det er ikkje berre sånn at det er brannfarleg på eit avfallsanlegg, det er også brannfarleg heime på kjøkkenet viss vi ikkje handterer dette rett.

Liten kampanje

I ein e-post til NRK skriv Miljødirektoratet at dei har hjelpt til i arbeidsgruppa for ein kampanje i regi av Loop.

– Vi meiner det gir betre effekt enn at vi gjer noko åleine, seier seksjonsleiar Hege Rooth.

Loop er ei stifting som jobbar med informasjon om sortering av avfall. Store delar av avfallsbransjen er medlem.

Men kampanjen er langt frå den storsatsinga som Kåre Fostervold etterlyste.

Staten har ikkje bidrege med pengar til sjølve kampanjen, seier Mari Dyrkorn Tjora i Loop.

Dei samla inn snautt 900.000 kroner frå ulike givarar, stort sett returselskap.

– Det vart ikkje det vi håpa på. Det vart ein veldig liten kampanje, seier Tjora til NRK.

– Vi er veldig opptekne av at ein ikkje skal slå seg til ro med at ein har fått ut bodskapen éin gong.

Trøysta er at kommunar, returselskap og andre no har ein kampanje dei sjølv kan spreie ved å dele han på nettsider og i sosiale medium, eller ved å skrive ut plakatar.

Fostervold vil gjere meir:

– Vi er nøydd til å komme ut med mykje breiare kampanjar som folk legg merke til, og som gjer at vi endrar korleis vi handterer desse brannfarlege batteria over tid.

Les også Overrasket av funn i brannruiner: – Kan være et batteri som har satt fyr på papiret

Mengdene av elektronikk kan ha startet brannen som totalskadet ettersorteringsanlegget til Ivar på Forus

Les også Avfallsanlegg får ikke forsikring på grunn av feilsortering: – Krise for bransjen

Restavfallet tar fyr mens det sorteres.