Hopp til innhold

Auke i søkartala – fleire vil gå yrkesfag

Flest har søkt yrkesfag til vidaregåande opplæring til hausten. Det er også fleire søkarar enn i fjor.

Even Nord gikk på yrkesfag på Alta videregående skole.

57 prosent av søkarane til vidaregåande opplæring søker seg til yrkesfag i Finnmark.

Foto: Regine Anastasia Bakken

57 prosent av søkarane til vidaregåande opplæring søker seg til yrkesfag i Finnmark. Det skriv Finnmark fylkeskommune i ei pressemelding.

Samstundes har 43 prosent søkt studieførebuande løp.

Det samla talet søkarar med er 2067, som er noko høgare enn fjorårstalet, som var 2022.

Av dei 2067 søkarane har 873 søkt seg til studieførebuande tilbod, medan har 71 søkt seg til påbygg.

1153 har søkt yrkesfaglege tilbod.

Les også «Ellevill» rekruttering i nord – her vil flest menn jobbe innen helse

Jon Steinar Eriksen valgte Menn i helse og angrer ikke. I dag jobber han på Talvik bo- og servicesenter.

Gledeleg

Seksjonsleiar ved skuleseksjonen, Carl Philip Wahlberg Lund, er fornøgd med søkartala.

– Då vi for to år sidan stipulerte talet på avgangselevar for 2024, landa vi på 823 elevar frå grunnskulane i Finnmark. Ei ny stipulering i fjor auka talet til 848. Eg trur det er det vi ser no som søkartala aukar, men vi må hugse på at ein aukande flyktningstraum dei siste to åra speler inn, seier Lund.

Dei skriv at det er gledeleg med fleire søkarar.

Fylkeskommunen set no i gang arbeidet med å analysere søkartala. Da skal dei vurdere kva tilbod som blir starta opp til hausten og kor mange klassar det blir av kvart tilbod.

Alta videregående skole

På Alta vidaregåande skule er det 752 skuleplassar.

Foto: Christer André Henriksen / NRK

Les også Julie (19) er eneste kvinne om bord: – Jeg opplever ikke noe forskjellsbehandling

Julie Knædal Ånderbakk med rognkjeks

Tala kan justere seg

Fylkeskommunen skriv og at dette er tal som blir justert og gir eit bilde av korleis det var 7. mars. Fylkeskommunen etterregistrerar framleis søknader og tala vil endre seg, spesielt for flyktningar som har rett på vidaregåande opplæring, då kommunane buset flyktningar fortløpande.

Dei har også mottatt 19 søknader frå søkarar med vaksenrett eller fullføringsrett.

Nytt av året er at søkarar ikkje lenger kan endre søknaden sin etter 1. februar og 1. mars.

Endringa gir fylkeskommunen betre tid til å planlegge skuletilboda for kommande skuleår, og dessutan at det gir skolane betre tid til å tilpasse seg tilboda som startar opp til hausten.

Les også Laveste søkertall til Politihøgskolen siden 2009: – Utdanningen fører til arbeidsledighet

Leder i Politiets Fellesforbunds lokallag for studenter ved Politihøgskolen, Alexander Stokkedal.

Les også Simone er en del av en ny trend – hun skal bli rørlegger

Simone ønsker å bli rørlegger