– Sjukepleiarane føler seg lite verdsett no, seier fylkesleiar i Norsk sjukepleiarforbund Finnmark, Elin Holmgren.
Den nye sjukepleiarturnusen i Nesseby kommune gjer at sjukepleiarane går frå å jobbe 17–19 laurdagar i året, til opp til 44, og fleire vurderer å seie opp jobben i kommunen etter turnusendringa.
Dei opplever den nye turnusen som ein sanksjon frå arbeidsgivar, etter at Norsk sjukepleiarforbund ikkje gjekk med på turnusen som først blei presentert.
På onsdag skal sjukepleiarane igjen møte arbeidsgivar i eit forsøk på å komme til einigheit.
No håpar fylkesleiar i sjukepleiarforbundet, Elin Holmgren, at ikkje berre Nesseby kommune, men òg andre arbeidsgivarar tar lærdom av konflikten.
Sjukepleiarane i Nesseby har fått massiv støtte frå heile landet. På Norsk sjukepleiarforbund si Facebook-side har saka nesten tusen delinger, på landsbasis er talet nærmare 7000. Sosiale medium er full av støttande kommentarar til dei tilsette i Nesseby.
Holmgren meiner støtta og merksemda viser kor viktig arbeidstida er for sjukepleiarar i Norge.
– Sjukepleiarar landet rundt står i slike situasjonar dagleg, der ein ikkje føler seg verdsett og blir pressa frå skanse til skanse, seier Holmgren.
Håpar på løysing
Nesseby kommune har kalla inn til drøftingsmøte førstkommande onsdag, og håpar dei der vil komme nærmare ei turnusløysing.
– Det har aldri vore ønskeleg frå Nesseby kommune si side å ha den turnusen som er i dag. Det er ein trasig turnus, både for arbeidsgivar og arbeidstakar, og det har vi òg offisielt gitt uttrykk for, seier rådmann i Nesseby Marit Helene Pedersen.
Betring for hjelpepleiarane
Blant helsearbeidarane i kommune er det sjukepleiarane som er i konflikt med arbeidsgivar. For hjelpepleiarane, organisert i fagforeininga Delta, inneber den nye turnusen ei betring frå førre ordning. Dei går frå å jobbe annakvar helg til kvar tredje helg.
– Mine medlemmer synst det er ein kjempefin turnus, den som vi går no. Og så å seie alle er fornøgd med den, seier Roska i fagforeininga Delta.
Ifølge sjukepleiarforeininga har sjukepleiarane ei mykje større belastning enn andre kollegaer omfatta av turnusen.
– Den er jo ikkje heilt bra, men så lenge den er innanfor arbeidsmiljølova, så er det greitt, seier Tone Lise Roska i Delta.
– Kunne du tenkt deg å gå den turnusen sjølv?
– Nei.
Elin Holmgren i sjukepleiarforbundet seier at sjukepleiarane skal diskutere løysingsforslag på eit eige møte tysdag kveld, men kan foreløpig seie at ho har eit klart håp for møtet:
– Vi forventar at arbeidsgivar gjer sjukepleiarane rett her, og gir ei verdig og anstendig arbeidstid, seier Holmgren.