Hopp til innhold

50 år sidan den verste ulykka i Forsvaret i fredstid. Forsvaret visste meir, meiner forfattar

For 50 år sidan flaug eit militærfly inn i ein fjellvegg på Grytøya. Piloten var alkoholpåverka då ulykka skjedde. – Leiinga i Luftforsvaret kjende til alkoholproblema, hevdar forfattar Trine Hamran.

Twin Otter likt det som styrtet på Grytøya

17 personar omkom i ulykka på Grytøya. Flygaren skal ha vore alkoholpåverka.

Foto: Scanpix / SCANPIX

11. juli 1972, for 50 år sidan i dag, flaug eit militær Twin Otter frå 719-skvadronen inn i ein fjellvegg på Grytøya ved Harstad.

Alle dei 17 menneska om bord mista livet, fire av dei er barn.

Kapteinen som førte flyet viste seg å vere alkoholpåverka. Han skal ha hatt alkoholproblem i lang tid.

11. juli 1972 styrtet en militær Twin Otter med 17 personer om bord på Grytøya i Troms. Alle døde. Havarirapporten ble stemplet som fortrolig, og først etter 33 år fikk de etterlatte vite den fulle og hele sannheten om årsaken: Piloten var full. Det var godt kjent i forsvaret at piloten var alkoholiker. Hvorfor fikk han fly likevel? Tidligere sendt i Brennpunkt.

11. juli 1972 styrta ein militær Twin Otter med 17 personar om bord på Grytøya i Troms. Alle døde.

Leiinga i Luftforsvaret kjende til flygaren sine alkoholproblem, og at problema hadde vart over fleire år. Likevel tok dei han ikkje ut av flyginga, meiner Trine Hamran.

Ho har skrive bok om ulykka i samband med 50-årsdagen.

Hamran meiner at heile systemet har feila: Piloten skulle hatt hjelp til å bli kvitt alkoholproblema og skulle ikkje hatt lov til å fly passasjerar.

Ulykka har blitt kalla den verste ulykka i Forsvaret i fredstid. Ho er ein av etterkrigstida mest omstridde flytragediar.

Seinare i denne saka utdjupar leiinga i Forsvaret at dei ville ha handtert ulykka annleis i dag.

Les også Beklager skandaleflyging etter 40 år

Grytøya-ulykken

– Varsla ikkje

Ifølge Hamran var det eit lojalitetsband mellom piloten og leiinga i luftforsvaret. Blant anna var dei begge krigsflygarar.

Trine Hamran har skrive bok om Grytøyatragedien

BOK: Trine Hamran har skrive dokumentarbok om den største forsvarsulykka i Noreg etter krigen.

Foto: Håkon Iversen / NRK

I tillegg meiner ho at det var uvilje og til dels redsel for å varsle oppover i systemet.

Dei som såg og visste at han kunne flyge i rusa tilstand eller prøve på det, varsla ikkje, seier Hamran.

Ifølge henne har mange av dei tidlegare ansvarlege i Luftforsvaret tviheldt på historia om at dei ikkje visste.

Det blir for meg veldig tydeleg at Luftforsvaret visste den gang om alkoholproblema hans over tid og det blir derfor endå tydlegare at dei skulle ha stoppa han.

Fekk beklaging

Einar Huseby var ein av dei frivillige klatrarane som deltok i redningsarbeidet etter Grytøyaulykka. Han hadde ikkje kontakt med myndigheitene etter ulykka.

– Vi tilbydde flyhavarikommisjonen å sjå flyrestane og dei omkomne på staden før dei blei frakta ut, men det avslo dei, seier han til NRK.

Hamran synest dette er påfallande.

Eg tenker at dette eit av fleire teikn på at forsvaret har ønskt å dysse ulykka ned.

Havarirapporten etter ulykka blei haldt hemmeleg i 33 år av Forsvaret. Dei etterlatne fekk ikkje erstatning, eller vite kva som eigentleg hadde skjedd.

Bilde av vrakrester fra et Twin Otter-fly som styrtet på Grytøya

RESTAR: Dette er vrakrestar etter flyet som krasja i fjellveggen.

Foto: SCANPIX

Først i 2012 fekk dei ei beklaging frå Forsvarsdepartementet.

Sivilt søksmål

Per Tore Kristensen mista familien i ulykka. Han har ikkje godtatt beklaginga frå myndigheitene.

Per Tore Kristensen ser utover kyrkjegarden

PÅ KYRKJEGARDEN: Per Tore Kristensen mista to barn og kona i flyulykka på Grytøya.

Foto: Trine Hamran

Eg synest det var viktig at alle etterlatne fekk kjennskap til kva som eigentleg hadde føregått. Eg hadde ønskt at den saka blei etterforska og dei som var ansvarlege skulle stå til ansvar.

I 2010 blei det retta eit sivilt søksmål mot staten. Hålogaland lagmannsrett frifant staten for kravet om oppreisning til dei etterlatne.

Retten meinte at det ikkje var bevis for at dei overordna til flygaren visste at han hadde alkoholproblem.

Saka blei anka til Høgsterett, men Høgsterett avslo anken.

Ville ikkje skjedd i dag

Rolf Folland, sjef for Luftforsvaret, seier at handteringa av ei slik ulykke ikkje ville skjedd på same måte i dag.

Han beklagar på vegner av Luftforsvaret

– På vegner av Luftforsvaret er det beklageleg at ulykka skjedde. Også den manglande infoen og oppfølginga som enkelte har opplevd i etterkant beklagar eg.

Stabssersjant Aleksander Engborg Hage i Forsvaret skriv i ein e-post:

«Dette var en svært tragisk ulykke som berørte mange. Saken har vært behandlet i flere rettsinstanser og det foreligger en rettskraftig dom i saken. Forsvaret forholder seg til den dommen.»

Les også Forsvaret ville ikke hjelpe med helikopter

Twin Otter likt det som styrtet på Grytøya

Flere nyheter fra Troms og Finnmark