Hopp til innhold

Stor skredfare gjer at familien no må flytte: – Det blir godt å flytte til ein trygg plass

Bebuarane i Manndalen som må forlate husa sine på grunn av skredfaren, får nye tomter og nye hus av kommunen og NVE.

Ekteparet Solbakken i Manndalen i Kåfjord

Sten Terje og Lisa Marie Solbakken og dei to barna deira er blant familiane som må flytte frå det rasfarlege området i Manndalen i Kåfjord.

Foto: Marita Andersen / NRK

NVE dekkjer 80 prosent av kostnadane, og no har Kåfjord kommunestyre vedtatt å dekke eigendelen og tilby bebuarane gratis tomter.

Det er fem hus under fjellet Storhaugen i Kåfjord som ikkje lar seg sikre godt nok.

– Det var teknisk sett ikkje mogleg å sikre dei på ein tilfredsstillande måte. Så da vart konklusjonen frå NVE at det beste sikringstiltaket ville vere å flytte dei ut.

Bjørn Inge Mo

Ordførar i Kåfjord, Bjørn Inge Mo (Ap), er glad for at kommunen og NVE no har funne ei løysing for dei som bur i dei rasfarlege områda.

Foto: NRK

Det seier ordførar i Kåfjord, Bjørn Inge Mo (Ap).

– Trist, men nødvendig

NRK har tidlegare skrive om familiane som bur på det rasutsette stadane i Kåfjord, og at fleire bebuarar har grua seg til vinteren, når den verste rasfaren herjar.

Som ei løysing på saka, har kommunen no avgjort at dei vil dekke eigendel og tilby gratis tomter i kommunale bustadfelt.

Pengane som kjem frå NVE og Kåfjord kommune skal bevilgast på budsjettet for neste år. Dermed startar bygginga frå nyttår.

Det er trist, men nødvendig, meiner ordføraren.

– Samtidig så forstår eg det, for det er jo ei enorm belastning å leve under slike forhold over fleire år. Vi er glade for at vi får brakt denne saka til vegs ende no, seier Mo til NRK.

– Godt å kome ein plass kor det er trygt

Sten Terje Solbakken og familien bur i det rasfarlege området i Manndalen i Kåfjord, og er blant dei som må flytte derifrå.

Solbakken aksepterer løysinga NVE og kommunen no har kome fram til.

– Ja, vi har jo slått oss til ro med det. Vi har tatt nokre rundar med oss sjølv, og tenkt igjennom dette og diskutert dette, seier Solbakken, før han held fram:

– Det er jo litt vemodig å flytte, for vi hadde jo lyst til å bu her. Men det skal også bli godt å kome seg til ein plass kor det er trygt, og ein slipp å tenke på dei farane som lurar.

  • Sjå video frå da NRK besøkte familien Solbakken i fjor:
    15 personer i Kåfjord må flytte fra hjemmene sine fordi husene de bor i skal jevnes med jorda.
Grunnen til dette er fare for snø- og steinskred.
NVE mener at sikringsanlegget på stedet ikke beskytter husene og beboerne.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark