Studien viser at fjellreven endrar både åtferd og døgnaktivitet i område kor det er stor snøskutertrafikk. Studien finn ingen samanheng mellom auka skutertrafikk og fjellreven sin reproduksjon og overlevingsevne.
Feltarbeidet har vore gjort på Nordenskiöld Land, i to ulike område: I det eine er det mykje skutertrafikk, medan det er lite skutertrafikk i det andre området.
- Les også:
- Les også :
Fjellreven vart sulten om natta
På begge dei to områda vart det sett ut ti fotoboksar på reinsdyråter som fotograferte kvart femte minutt gjennom heile døgnet, og forskarane samanlikna seinare døgnaktiviteten mellom dei to områda.
(Artikkelen held fram under bildet.)
Studien viste at døgnaktiviteten til fjellreven vart endra av skutertrafikken.
– Fjellreven i området med stor snøskutertrafikk åt i større grad av reinsdyråta om natta når det også var mindre skutertrafikk, enn kva fjellreven gjorde i området med lite skutertrafikk, seier forskar Eva Fuglei frå Norsk Polarinstitutt.
(Artikkelen held fram under bildet.)
Overvakinga har ikkje dokumentert ei nedgang i bestanden, og det ser dermed ut til at dagens nivå av snøskutertrafikk ikkje har fått konsekvensar for bestanden.
- Sjå bildeserie frå Svalbard: