– Da isbjørnen hadde snuten og labbane sine på vindauget var eg redd det skulle ryke

Måndag kveld oppdaga Ole Reistad på Svalbard plutseleg ein isbjørn utanfor vindauget på hytta. Etter fleire skremselsskot måtte til slutt Sysselmannen komme med helikopter for å jaga den bort.

Isbjørn prøvde å komme seg inn i ei hytte på Daibas på Svalbard.

Isbjørnen forsynte seg av reinsdyrkjøttet som Ole Reistad hadde med seg.

Ikkje langt unna Longyearbyen på Svalbard, i ein hytte på Diabas fekk Ole Reistad eit nært møte med ein isbjørn.

– Eigentleg har eg to hundar som er flinke til å varsle, men denne gangen kom den inn vindfanget utan at nokon av oss merka det. Plutseleg såg eg han stå utanfor vindauget og eta på ein reinsdyrskinke eg hadde med.

Reistad er vant til bjørn og hadde med seg nok utstyr. Fyst etter at han hadde skote fleire varselskot trakk isbjørnen seg bort.

Bjørnen derimot blei ikkje skremt og det tok ikkje lang tid før han var tilbake ved hytta og slo på døra og vindauget.

– Da isbjørnen hadde snuten og labbane sine på vindauget var eg redd det skulle ryke med, seier han.

Det var Svalbardposten som fyst omtalte saka.

Det var ei hytte på Diabas at isbjørnen forsøkte å komme inn i ei hytte.

Helikopter måtte hjelpe til

Sjølv etter fleire forsøk på å skremme bort isbjørnen var den ikkje lett å skremme bort.

– Eg er vant til isbjørn og var aldri redd, men den var veldig nærgåande. Til slutt ringde eg Sysselmannen slik at dei kunne jaga han bort, seier Reistad.

Isbjørnen blei jaga med helikopter nokre kilometer før Sysselmannen returnerte tilbake til hytta for å hente Reistad.

Verken Reistad eller isbjørnen blei skada.

Sysselmannsførstebetjent Vidar Arnesen fortel at det har vore mykje isbjørn i det siste, men det må ein forvente på Svalbard.

Sysselmannen ber derfor folk som oppheld seg på hytter eller ferdast i terrenget om å vere merksame på isbjørnfaren og ta sine forholdsreglar.