Hopp til innhold

Nav hjelper unge arbeidsledige - stor suksess i Tromsø

Ungdom i Tromsø får jobb raskare enn før. Nav Tromsø sitt prosjekt «Aktiv Ungdom» gir dagleg motivasjon og støtte til arbeidssøkere under 25 år.

Nytt prosjekt i Nav Tromsø

Ungdom får hjelp hos Nav til å kome seg ut i arbeidslivet. Foto/redigering: Marita Andersen.

  • Sjå video øvst i saka!

Klokka er halv ti, og på Nav sitt kontor i Tromsø strøymer ungdommar inn døra.

Dei skal vere med på eit møte for unge arbeidssøkarar. Alle er dei del av prosjektet «Aktiv ungdom», som skal motivere og hjelpe unge til å kome seg ut i arbeidslivet.

24 år gamle Martin Arntzen er jobbsøkar, og har vore arbeidsledig i to år. No er han klar for å kome seg ut i arbeidslivet, og Arntzen merker allereie at det har hjelpt å kome til Nav i Tromsø for å få den hjelpa han treng.

– Eg har ikkje hatt motivasjon til å søke på jobbar, men etter at eg kom hit, har eg blitt meir motivert, seier han.

Samhald og støtte

I Noreg er det 12.700 arbeidsledige under 25 år. I Troms er talet 390. Nav Tromsø har bestemt seg for å få dette talet ned, og har derfor starta prosjektet som retter seg spesifikt mot arbeidsledige under 25 år.

Hos Nav får dei unge hjelp til å skrive jobbsøknadar og å setje opp ein CV – i tillegg får dei også oppfølging frå Nav.

Malin Holand

Samhald og støtte er viktig, meiner Malin Holand i Nav.

Foto: Marita Andersen / NRK

Denne hjelpa er nyttig, men samhaldet blant dei unge er vel så viktig, meiner Malin Holand, som er rettleiar for ungdomsgruppa.

– Å få hjelp og støtte frå andre i same situasjon, det har mykje å seie, seier Holand.

– To jobbintervju!

Og prosjektet ser ut til å virke. Sidan februar har nærmare 100 ungdomar kome innom Nav sine kontor for å få hjelp med å skaffe seg ein jobb.

Ein av dei som har lykkast, er Kim Ove Tråsdal. Etter to veker fekk han jobb som lagerarbeidar. Han er takksam for hjelpa Nav kunne tilby han.

– Det tok veldig kort tid, så eg er veldig glad for at eg gjekk til Nav, seier han.

Og tilbake på Nav, er det stor jubel rundt Martin – han har nemleg fått napp:

– Eg har fått to jobbintervju i dag! Da er det kjempegreier å kome hit og få hjelp, seier ein nøgd jobbsøkar.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark