Hopp til innhold

I dette isødet herjar ei hetebølgje

På Nordpolen er det no varmare enn vanleg.

Nordpolen

På Nordpolen var det unormalt varmt i dag.

Foto: Colourbox

«Hedebølge på Nordpolen», melder DMI, Danmarks Meteorologiske Institut.

I dag, fredag 17. april, har temperaturen på Nordpolen kulminert på mellom 15 og 20 grader høgare enn kva det normalt er.

Men sjølv om det er varmare enn normalt, er det sjølvsagt framleis kaldt.

I dag var det målt eit par minusgrader, noko som kan høyrast kaldt ut i midten av vårmånaden april – men det er altså varmt til å vere Nordpolen.

– I det nordlege Grønland og det Nordlege Ishav over med Beauforthavet er temperaturane langt nede i minusgrader, men den sydaustlege strømning frå Svalbard fører varm luft direkte mot Nordpolen, seier grønlandsmeteorolog Jesper Eriksen til DMI.