Hopp til innhold

Hårstrå kan løyse drapsgåte

Ni år gammal drapssak i Sjøvegan kan  bli oppklart.

Her ble Marie Louise Bendiktsen funnet drept.
Foto: Bjørnbakk, Jan-Morten / SCANPIX

Drapet på Marie Louise Bendiktsen i Salangen sommaren 1998 kan no bli oppklart. Politiet har funne hårstrå som kan tilhøyre gjerningsmannen i brannruinane på åstaden, skriv avisa Fremover.

Funne på spesiell stad

– Vi har hår tilhøyrande ein person som vi knyttar til den sentrale åstaden, bekreftar lensmann Nils Johan Mikalsen i Salangen til Fremover.

Politiet er sikre på at hårstråa dei har funne ikkje tilhøyrer drapsofferet, familien eller omgangskretsen hennes. Håret er i tillegg funne ein spesiell stad på drapsstaden, der det ikkje er naturleg at det skal vere.

Kan utelukke drapsmann 

Hårsekken må følgje med for at hår skal kunne gje eit fullverdig DNA. Etterforskarane i Salangen har berre funne hårstråa og har dermed ikkje eit fullverdig DNA. Likevel meiner laboratoriet som har behandla funnet at DNA-sporet er godt nok til å seie kven som ikkje er drapsmannen. Det er tatt over 1900 DNA-prøvar i saka.

Marie Louise Bendiktsen vart funne drept i brannruinanae av heimen sin i Sjøvegan 15. juli 1998.