Hopp til innhold

Forsvarssjefen i løva si hule

Dei tilsette i Forsvaret i Harstad skal i dag få lette sine frustrasjonar for forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen, som no besøker Nord-Norge.

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen i Harstad

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen har i dag samla dei tilsette i Harstad til eit orienteringsmøte på Trondenes fort.

Foto: Nils Mehren / NRK

Om lag 150 tilsette i Forsvaret i Harstad er samla til eit møte på Trondenes fort.

Torsdag i førre veke la forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen fram sitt fagmilitære råd for forsvarsministeren. Rådet inneber store endringar for Harstad, der så mykje som 200 arbeidsplassar kan bli borte.

I dag er forsvarssjefen i Harstad for å møte dei tilsette og la dei kome til orde.

– I dette møtet skal de få kome og lufte alle frustrasjonar rundt forslaget, sa Bruun-Hanssen da han opna møtet.

I forslaget frå forsvarssjefen er det foreslått å leggje ned kystjegerkommandoen på Trondenes, det allierte treningssenteret på Åsegarden er foreslått flytta, i tillegg til at det er foreslått å leggje ned Forsvarets musikkorps i Nord-Norge (FMKN).

Forslaget har vekka sterke reaksjonar og stor frustrasjon, og det har mellom anna blitt oppretta ei Facebook-gruppe til støtte for korpset si framtid.

Dei rundt 150 tilsette skal i dag få høyre forsvarssjefen sine utdjupingar om desse forslaga.

Møtet er lukka for pressen fordi det skal vere mogleg for dei tilsette å kunne snakke fritt.

Seinare i formiddag reiser Bruun-Hanssen vidare med same bodskap til Kystvakta på Sortland og til Andøya flystasjon på Andenes.

Dette er dei første orienteringsmøta for dei tilsette han held etter at han la fram det fagmilitære rådet sist torsdag.