NRK Meny
Normal

Forfang tatt ut til landslaget

Tromsø-hopparen Johann Forfang er tatt ut til hopplandslaget.

Johann André Forfang
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Trenar Alexander Stöckl presenterte i dag hopplandslaget for neste sesong.

Laget er kutta frå seks til fem utøvarar, og ein av dei fem som fekk plass på laget, er 19 år gamle Johann Forfang.

Forfang er tatt ut saman med Anders Fannemel, Rune Velta, Kenneth Gangnes og Phillip Sjøen.

– Det var ganske klart kven som skulle med på årets landslag, men det er alltid vanskeleg om den siste plassen, sa Stockl tysdag.

Johann André Forfang hoppar for Tromsø Skiklubb, men bur i Trondheim kor han trenar med hopparane i Trønderhopp.

Hør intervju med Forfang her: