NRK Meny
Normal

– Eg har bare lyst til å rydde opp og få det på plass igjen

– Nabolaget er ikkje til å kjenne igjen, seier Eva Grøndal, som var tilbake på rasstaden berre timer etter at raset gjekk i Longyearbyen.

Eva Grøndal

Eva Grøndal budde i skredområdet. Det er no heilt ugjenkjenneleg, seier ho når ho er tilbake for å sjå korleis det er no.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Grøndal bur sjølv i huset til søstera og svogeren, i den ikoniske spisshusrekka i Longyearbyen.

Da raset gjekk ved halv elleve-tida, var ho heime i huset. NRK snakka med Grøndal i formiddag like etter at dei dramatiske scenene utspelte seg.

Ho er sjølv i ein ivrig fotograf, og er på øya for blant anna å gjere eit dokumentarisk arbeid med å digitalisere gamle bilde. Derfor måtte ho også laurdag bruke fotokameraet for å vise fram nabolaget og Longyearbyen, dagen etter eit ekstremt snøvêr.

Når NRK møter Grøndal i kveld, fortel ho at det var nettopp fotografering som sto i hovudet på ho rett før raset gjekk.

– Som vanleg skulle eg fotografere alt, og eg gjekk inn på soverommet for å ta bilde ut, for det hadde kome så store snømengdar. Bilen til søster mi var dekt med snø, og eg skulle sende bilde til ho, seier ho.

Rart å vere tilbake

Etter ein tur ut av huset, er ho tilbake inne, og det er da raset går.

– Det er som i ein film, berre utan ein lyd. Eg tenkte at eg ikkje måtte bli knust av snøen eller av huset. Det gjekk fort i hovudet mitt, at eg ikkje ville bli stengt inne av snøen. Eg trur huset må ha seilt 50 meter framover.

Vi blir med Grøndal tilbake til der huset sto, rett ved rasstaden. For ei som har budd der i ei årrekke tar det tid å forstå at ting aldri meir vil bli slik som før. Huset ho budde i har flytta seg fleire meter, og veggar har fått synlege skadar. Auga flyttar seg rundt på staden for å sjå etter tapte eigendelar og ein bil som tilhøyrer søstera.

– Det er rart å stå her og sjå på dette. Eg har berre lyst til å rydde opp og få det på plass igjen. Det er heilt ugjenkjenneleg, seier Grøndal stille.

Snøskred Svalbard
Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Historia gjentar seg

Grøndal har sikra seg bilde av skredområdet og fotografert ivrig dei siste timene. I 1953 gjorde far hennar det same, da det gjekk eit ras lengre sør. Far hennar jobba som gruvearbeidar her på 50-talet, og det er bilda han tok den gongen ho digitaliserer.

No gjentar historia seg.

– Det var da eg vandra rundt her etterpå, at eg kom på at eg hadde sett dei bilda han hadde tatt av raset i 1953. Det var veldig rart å oppdage.

Dei historiske bilda er levert tilbake til Svalbard museum.