Hopp til innhold

Legg ned lokallaget om ikkje Frp reddar Rjukan sjukehus

Styret i Frp i Tinn vil legge ned lokallaget og melde seg ut av partiet om Framstegspartiet ikkje grip inn og stoppar nedlegging av Rjukan sjukehus.

Rjukan sykehus

Rjukan sjukehus er den viktigaste saka for Tinn Frp, og lokallaget vil vere lojale mot programmet dei er valde inn i kommunestyret på.

Foto: Rune Guneriussen

Lokallagsleiar Ronny Abrahamsen reagerer kraftig på at Frp på Stortinget støttar helseministeren sitt vedtak om å legge ned Rjukan sjukehus.

– Vi kjem til å ha eit styremøte etter den 16. juni med ei sak på dagsorden, og det er om vi skal legge ned lokallaget, seier Abrahamsen.

Han reagerer på partiets helsepolitiske talsmann, Morten Wold, i Framstegspartiet på Stortinget sine uttaler til Rjukan Arbeiderblad.

Ronny Abrahamsen

Ronny Abrahamsen i Tinn Frp vil legge ned lokallaget om Rjukan sjukehus blir lagt ned.

Foto: Johs Apold / NRK

Wold seier til avisa at når helseminister Bent Høie forsikrar om at nedlegginga i Kragerø og Rjukan er grunngjeve med kvalitet og pasienttryggleik, og ikkje økonomi, så er ikkje det eit brot på regjeringsplattforma.

Mange faktafeil om Rjukan

Lokallagsleiaren i Frp i Tinn meiner det finst nok dokumentasjon på at prosessen rundt nedleggingsvedtaket ikkje har vore heiderleg.

– Det så mange faktafeil, og vi har prøvd på ein sakleg måte å få gehør for at saka bør utsettast. Heile prosessen går på økonomi, seier Abrahamsen.

Han seier at lokallaget forsøker å vere lojale og følgje partiprogrammet dei er valde inn i kommunestyret på.

– Derfor kan ikkje vi ikkje leve med eit uheldig vedtak for Rjukan sjukehus i Stortinget. Derfor vil vi vurdere å legge ned lokallaget i eit styremøte etter den 16. juni, og melde oss ut av Frp, seier Abrahamsen og legg til at dette har styret tenkt nøye igjennom.

Her kan du høyre debatt om utsettingsforslag:

Tilliten til Frp er svekka

Morten Wold

Helsepolitisk talsmann i Frp, Morten Wold, støttar helseministeren

Foto: Ingunn Håkestad Bråthen / NRK

Lokallagsleiaren har tatt saka opp med Frp sin helsefraksjon på Stortinget, og har fått høyre at dei har jobba for å bli høyrt i regjeringa med argument for Rjukan sjukehus.

– Viss dei meiner noko med det bør dei stemme for eit av dei utsettingsforslag som kan få fleirtal i Stortinget den 17. juni, seier Abrahamsen.

Viss ikkje Frp gjer det, meiner lokallagsleiaren at tilliten til stortingsgruppa og partiet er så svekka at Frp i Tinn ikkje kan leve vidare med det.

– For oss er det ikkje noko sak som er viktigare enn denne. Her er det snakk om å legge ned eit lokalsamfunn på ei oppdikta historie, som starta med at leiinga for Sjukehuset Telemark fronta ei innsparing på 200 millionar kroner i kommunestyre på Rjukan. Og no skjer det utan at det er gjort noko konsekvensanalyse, seier Abrahamsen.

Etterpå meiner Abrahamsen at innsparinga har blitt skreddarsydd til partiprogramma for at det skal bli lettare å svelge sentralt med omsyn til pasienttryggleiken.

Har fått mange sjansar

Kristian Norheim

Kristian Norheim (Frp) støttar helseministeren.

Foto: Sjur Ø. Knudsen

Han meiner Frp på Stortinget har fått mange sjansar til å ta i mot innspel frå folk på Rjukan i prosessen.

– Når lista blir lagt så høgt at det blir stilt strengare krav til Rjukan sjukehus enn til Ahus i Oslo, så treng du ikkje vere nokon stor ekspert for å skjønne at det må vere feil, seier Abrahamsen.

Stortingsrepresentant for Telemark Kristian Norheim og helsepolitisk talsmann i Frp Morten Wold ville ikkje drøfte saka i Telemarksendinga med Abrahamsen fredag. Dei seier til NRK at dei vil vere lojale mot avgjerda til helseminister Bent Høie.

– Trur du at det er mogleg å få Frp til å snu, slik at du slepp å melde deg ut saman med resten av lokallaget i Tinn?

– Viss dei ikkje klarar å få til noko i forhold til det vi spør etter, så har i kvart fall ikkje vi tenkt å snu. La det vere klinkande klart. For eit demokrati som er basert på eit skodespel, det går ikkje an, seier Abrahamsen.