Konstituert direktør Tom Helge Rønning ser lys i tunnelen for januar.
– Det er for tidleg å trekke konklusjonar, men rekneskapen for januar viser eit resultat som er litt betre enn budsjettet. Det er i hovudsak på grunn av veldig høg aktivitet, seier Rønning.
Men 2017 blir eit tøft år for dei tilsette ved sjukehuset. Tillitsvald for sjukepleiarane, Anne Iserid Vik-Johansen, seier mange er redde for jobben.
– Sjukepleiarane ved sjukehuset er veldig bekymra for konsekvensane. Og eg har høyrt fleire som er usikre på om det betyr at dei misser jobben.
Konstituert direktør ved Sjukehuset Telemark, Tom Helge Rønning, må tilpasse ressursane til aktiviteten ved sjukehuset.
Foto: Raganr Lurås / NRKSjukehuset Telemark har brukt mykje ressursar på omstilling på Rjukan og Notodden, men no er det fokus på Skien og Porsgrunn.
– Nå må vi ha fullt fokus på det, for å tilpasse ressursbruken vår til aktiviteten, seier Rønning.
– Er det slik at Sjukehuset Telemark har for store ressursar i forhold til den aktiviteten det er tiltenkt å vere her?
– Svaret på det er ja, seier Rønning.
– Kvardagen vår er at vi har veldig låg bemanning på avdelingane. Det er ikkje lov å leige inn ekstra folk ved sjukdom, eller visst det er fullt på avdelingane. Vi er færre folk til å gjere fleire oppgåver, seier Vik-Johansen.
Må redusere talet på tilsette
Tillitsvald ved Sjukehuset Telemark, Ann Iserid Vik-Johansen, seier mange er redde for å misse jobben.
Foto: Tone Lensebakken / NRKI 2017 skal Sjukehuset redusere med 65 årsverk, og likevel behandle fleire pasientar.
– Vi må klare å levere meir helsetenester med færre tilsette, seier Rønning.
Det er kirurgisk og medisinsk avdeling har hatt det største underskotet i 2016, med 40 millionar kroner til saman.
– Eg vil ikkje friskmelde nokon. Vi må sjå på alle område, men det er på kirurgisk og medisinsk avdeling vi har størst aktivitet. Så isolert sett er det her vi må gjere det meste, seier Rønning.
– Vi håpar det lar seg løyse utan oppseiingar. Men det blir spart inn på alt av vikariat. Ingen får faste stillingar og det er ikkje innleige ved sjukdom, seier Vik-Johansen.
Les også:
Vil ha meir pengar
Dei tilsette sine organisasjonar meiner Sjukehuset Telemark får alt for lite pengar av Helse Sør Øst og departementet.
– Vi ønskjer å få meir pengar til drift. Telemark er eit spesielt sjukehusområde med tanke på geografi, og er lokalisert på fleire plassar. Og då må vi få pengar så vi kan drive forsvarleg, seier Vik-Johansen.
Direktøren håpar også på meir pengar.
– Telemark si utfordring er at vi har så låg vekst i folketalet, så vi får stadig vekk ein mindre del av kaka. Det utfordrar økonomien til sjukehuset også. Eit lyspunkt er det at fødselstala gjekk opp i 2016, så eg vil oppmode telemarkingane til å føde fleire barn, seier Rønning.